Folketal: 1249000.
Religion: Islam (100,00%)
Språk: Gujarati
Lokalisering: Primært i Gujarat, heimstaten til Mahatma Ghandi.
Dei er av arabisk opphav, og driv med handel.
Kjelde og bilete: joshuaproject.net
Gode Gud og Far! Du er den rette far for Bohra i India. Men enno kjenner dei ikkje deg, og me ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt ord på deira eige språk. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for deg gjennom lovgjerningar, berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og me ber om samhald, truskap og kjærleik i familiane. Me ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. Me ser no fram til at bohrafolket skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk bohrakyrkje som kan kan formidla deg til sine eigne på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar