tirsdag 17. desember 2024

Dagens unådde: Darzi i India

 


Folketal: 2 817 000
Språk: Hindi
Religion: Hinduisme
Kristne: 0,00%

Darzifolket er i stor grad skreddarar som sjølve sel kleda dei syr i eigne manufakturforretningar. Men i vår tid tek mange høgare utdanning og arbeider innan dataindustrien og offentleg administrasjon.
Dei tilbed Vishnu, Shiva og gudinna Kali. Kjelde, bilete og kart: joshuaproject.net

Gode Gud og Far! Du er den rette far for darzifolket i India. Men enno kjenner dei ikkje deg, og me ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt livgjevande ord. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli frelst gjennom gjerningar eller religiøs seremoniar, men berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå hinduismens mange åndsmakter. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og me ber om samhald, truskap og kjærleik i familiane.  Me ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. Me ser no fram til at darzifolket skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk darzikyrkje som kan kan formidla deg til India på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!






Ingen kommentarer:

Forfølging i India: Deportasjon av kristne

 Den 17. november vart vedtok leiarane i 8 landsbyar i Sukma, eit distrikt i delstaten Chattisgarh at dei kristne i desse samfunna anten måt...