onsdag 18. desember 2024

Dagens unådde: Daroga i India

 Daroga lever i det nordvestre hjørnet av India, i Punjab, på grensa mot Pakistan. Dei tel 1 151 000 menneske. Dei er hinduar og snakkar hindi. Det er ikkje registrert ein einaste kristen daroga. 


Dei lever ganske normale liv, og er å finna i ei rekkje yrker. 

Dei dyrkar eit kobbel av ulike gudar. 

Kjelde: joshuaproject.net

Herre Jesus! Alle darogaer er dine hjarteborn. Du elskar dei så inderleg, og du har betalt overpris for deira frelse, som du har gjort det for oss. Må di frelsesgåve no bli rekt ut til dei gjennom trufaste evangelistar, apostlar, profetar, hyrdar, lærarar og vitner. Send arbeidsfolk ut til din haust i dette folket. Må dei, ved din Ande, forstå at dei er fortapte i sine synder, og at det ikkje er frelse i nokon annan enn deg. Amen! 



Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....