Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Regjeringa treng mot, ressursar og til og med mirakel for å få orden på økonomien og samfunnet. Regima som kom etter kommunismen har til no berre ført med seg meir korrupsjon, kriminalitet og fattigdom. Mange folk flyttar frå landsbygda til byane, noko som fører til store slumområde i Bisjkek. Andre reiser ut av landet for å finne arbeid. Be om at kristne må finne gode, lovlege jobbar. Høge tal på alkoholisme, narkotikahandel, spel og prostitusjon skaper store utfordringar. Dei fattige, eldre og funksjonshemma lir mest.
Kjelde: Operation World
Be om at truande kan møte desse utfordringane, og påverke samfunnet og økonomien på ein positivmåte.
Gradvis har religionslovene vorte strengare i Kirgisistan. I 2008 vart det bestemt at ein kyrkjelyd måtte telja minst 200 menneske for å kunna bli offentleg registrert. Den 16.desember i år vart dette talet auka til 500, og i tillegg vart det lagt ned forbod mot alle religiøse møter og all religiøs aktivitet som ikkje er godkjent av styresmaktene. Det betyr at dei få kristne i landet ikkje ein gong kan samlast i heimane sine for å byggja kvarandre opp utan å risikera å bli storma av politiet, arresterte og straffa der straffa som regel er urimeleg høge bøter. Kjelde: Forum 18 og VOMC
Be om at Gud, vår Fars mektige hand må kvila vernande over si kyrkje i Kirkisistan,
Be om at dei truande må vera kloke som slangar og einfelde som duer.
Be om at dei gjennom det som skjer skal bli enno meir dedikerte som kristne, og leva enno meir målretta for Jesus enn før.
Be om Guds rike skal koma som ein tsunami over i Kirgisistan.
Sentralasiatisk fjelland (med toppar på over 7000 meter) med 6 millionar innbyggjarar fordelt på 40 folkegrupper som snakkar 32 språk. Landet grensar mot Kina, Usbekistan, Tadsjikistan og Kasakstan.
Hovudstad er Bisjkek.
Kirgisistan var historisk lenge undertrykt av Russland, og vart i 1926 ein sovjetrussisk republikk.
Vart sjølvstendig i 1991 då heile Sovjetunionen gjekk i oppløysing.
Kirgisarane er i hovudsak bønder som produserer kveite, sukkerrøyr, poteter, bomull, tobakk, grønsaker og frukt. Ull, kjøt og mjølkeprodukt er også viktige varer.
91 % av befolkninga er sunnimuslimar. 5,5% er kristne. 0,7% evangeliske. Dei fleste kristne er russisk ortodokse. Muslimane har liten kunnskap om eigen religion, og i kvardagen praktiserer dei gjerne shamanisme, fedredyrking, hekseri og spådomskunst. Dei, som mange andre folk i denne regionen, prøver å gjennom ulike remedier å verna seg mot "det vonde auga", noko som eg har sett mykje av mellom tyrkarar og iranarar.
Kirkgisistan har store økonomiske og sosiale problem. Korrupsjon, fattigdom, alkoholisme, narkotikamisbruk, prostitusjon, gambling og trafficking er svært utbreidde fenomen. Dei fattige, gamle og funksjonshemma lever i ytterst elendige kår. Mange kirkisarar emigrerer til Russland i håp om eit betre liv der. Dette gjeld særleg slaviske folk med ortodoks bakgrunn.
Etter at landet vart sjølvstendig i 1991 vart det sett inn ein betydeleg evangelisk misjonsinnsats som bar gode frukter. Dette kom til vekkja den sovande draken, og dei kristne vert skremde, får eigedomar øydelagde og kan bli utsette for fysisk vald. Det er innskrenka mulegheit i dag for å driva misjon i landet.
Alle folkeslag i Kirgisistan må reknast som i praksis unådde. Bibelen er omsett til dunganspråket (eit prosjekt Kristkyrkja på Stord var involvert i gjennom det som då var Norsk Misjon i Øst), men elles er det trong for mykje innsats på det området.
Be om at lyset frå evangeliet skal fløyma over dette landet og opplysa kvart einaste menneske
Be om at alle folkegrupper i landet skal få høyra om Jesus på sitt eige språk.
Be om at Gud skal lækja landet og bryta ned djevelens festningsverk i folks sinn, i kulturen og politikken, og løysa dei frå demoniske makter som held dei bundne til islam og okkulte praksisar.
Be om ærlege, kloke, kunnskapsrike og rettenkande leiarar
Be mot korrupsjon, nepotisme, maktmisbruk, grådighet, prostitusjon, trafficking og fattigdom.
Be om rettferdig fordeling av godene i landet
Be om gode avlingar og attreising av økonomien
Be om at landet igjen skal opna seg for kristen misjon
Kirgisarane er etnisk delvis av tyrkisk og delvis av mongolsk opphav (etterkomarar av Dsjengis Kahn). Dei tel vel 3 millionar, og lever på verdas høgste fjellplatå der det kun er 60 snøfrie dagar i året. Tradisjonelt er dei nomadar, men i dag lever dei fleste i byar. Dei tek vel vare på kulturen sin som er svært rik både når det gjeld poesi, musikk og klesdraktar. Dei er stolte muslimar, men kombinerer islam med shamanisme, og når dei er sjuke går dei gjerne til ein shaman for å bli kurert. Dei er slik bundne til dei gudfientlege maktene med sterke band. Om nokre vert kristne, vert dei gjerne isolerte frå familiefellesskapet. Kjelde: Bethany people profile
Bøn: "Gud Gud, Far i himmelen! Eg ber om at ordet ditt skal nå fram til kirgisarane og setja dei fri frå synda, døden og djevelens makt. Forløys du økonomi til å omsetja heile Bibelen til kirgis, og aus din Ande over folket slik at dei ser avviket sitt og synda si og søkjer å bli forsont med deg ved trua på Jesus. Gje dei som forkynner evangeliet for dei visdom, kjærleik og utrustning til å nå inn til hjarto deira og bryta ned dei åndelege barrierane som dei omgjev seg med. Hjelp misjnærane å finna dei områda i kultur, tradisjon og tankesett der det finst restar av di openberring frå lang tid tilbake. Eg ber om at dei som blir kristne festar djupe røter i Jesus og i Guds ord, blir fylte av Anden og står saman som ei levande, dynamisk og sterk nasjonal kyrkje som haustar inn sitt eige folk i Guds rike. Amen!"