Kart og kjelde: joshuaproject.net
Dewarfolket lever aust i India. Dei tel 1142000 menneske. Språket dei snakkar kallast odia. 99,75% er hinduar. 0,06% er kristne. Dette er fattige folk, og utdanningsnivået er svært lågt.
Dei tilber gudinna Andhiwata og dei 21 systrene hennar.
Herre Jesus! Du som bar bort verdas synd, og som vaska bort alt som finst av dårleg karma då du døydde og stod opp att, må evangeliet nå fram til dewarfolket slik at dei kan tru på deg og erfara tilgjeving for all synd, og få framtid og håp inn i liva sine. Løys dei frå vonde ånder som forvrenger røyndomen for dei, og fyller dei me løgntankar om deg, seg sjølv, verda og livet.
Lat dei få erfara at du er ein Gud som kan løfta dei opp av fattigdom og naud. Me ber om at barna og dei unge i dette folket skal få gå på skule, og læra alt som er naudsynt å kunna for å klara seg i desse kompliserte verda.