Viser innlegg med etiketten Gujarati. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gujarati. Vis alle innlegg

søndag 29. desember 2024

Dagens unådde folkeslag: Dhangar Bharwad

 




Dette folket tel 3 143 000 menneske. Dei snakkar gujarati, 99,83% er hinduar (0,04% kristne). Dhangar Bharwad er eit gjetarfolk som lever under ganske fattigslege tilhøve. Dei dyrkar gudar og gudinner som dei gjerne kallar barna sine opp etter. 

Gode Gud og Far! Du er den rette far for dhangar bharwad i India. Men enno kjenner dei ikkje deg, og me ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei gjennom ditt livgjevande ord og din Ande. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli frelst gjennom gjerningar eller religiøs seremoniar, men berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå hinduismens mange åndsmakter og synda sine uslitelege lenker. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og me ber om samhald, truskap og kjærleik i heimane.  Me ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. Me ser no fram til at dhangar bharwad skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk kyrkjei folket som kan kan formidla deg til India på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!


onsdag 27. mars 2019

Unådd folkeslag: Kunbi i India

Kjelde: joshuaproject.net. Foto Comibam/Sepal

Folketal: 17570000. Språk: Gujarati. Religion: Hinduisme (99,8%), 0,05% kristne.

Kunbifolket er i hovudsak bønder, og driv ganske progressivt. Dei har tradisjon for utdanning (gutane), og er difor å finna høgt på den sosiale rangstigen som ingeniørar, legar og politikarar. Dei tilber landsbygudane Mahavir, Hanumanji og Matamai. 

Kjære Herre Jesus! Du døydde for kunbifolket forat dei skal leva for deg. Styrk dei kristne mellom dei med din Ande slik at dei blir frimodige og kraftfulle vitne om di frelse for sine eigne. Hjelp dei truande å halda saman i varme kyrkjefellesskap. Ta vekk all frykt og redsle frå hjarto deira. Me ber om ditt rikes framgang i kunbifolket, at deira hunger etter kunnskap skal føra dei til Bibelen slik at dei med stor interesse og tørst søkjer etter den sanninga som set dei fri frå synda og din dom over denne. Løys dei frå løgngudane som dei tilber, og knytt dei til deg åleine, du som er Herre og konge over heile universet, du åleine! Amen!



søndag 19. mars 2017

Dagens unådde: Dhangar i India

Folketal: 3 millionar.
Språk: Gujarati
Religion: Hinduisme
Bibelen: Ja
Kristne: Ingen kjende

Dhangarfolket har svært lite skulegang, og alfabetiseringsgraden er låg. Dei er bønder. Dhangar tyder faktisk ku. Dei kallar barna sine opp etter gudar og gudinner. Favorittgudane er Khandoba og Biroba.

Gode Gud! Me ber om at du skal ausa Anden din utover Dhangarfolket, og gjera Jesus kjend for dei. Vekk i dei interesse for å læra og lesa og skriva, og gje dei ein trong etter å lesa og læra om deg, du den einaste sanne Gud. Løys dei frå avgudane som bind dei til djevelen og hans lagnad, og før dei frå mørkret til lyset, og gjer dei til dine barn ved trua på Jesus Kristus. Amen! 



Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...