Kommunismen er i sin grunn ikkje-religiøs og ateistisk, og dei kristne (9,4%) er stadig utsette for trakassering og diskriminering. Men Gud er ustoppeleg, og kyrkja veks på 2,3% årleg. Alle nye kyrkjer må registrerast av styresmaktene, men ingen går gjennom nålauga, så løysinga blir huskyrkjer.
Kyrkjeveksten har vore størst mellom fjellfolka (montagnardar) i sør og Hmongfolket i nord. Desse er ikkje etniske vietnamesarar, og har difor av fleire grunnar vore, og er framleis, utsette for forfølgingar. Men det er også framgang for Guds rike blant vietnamesarar, og i jula 2009 samla 40 000 truande seg til ei stor markering i hovudstaden.
Bibelen blir i dag trykt på fleire ulike språk i Vietnam, med styresmaktene si godkjenning.
- Be om at Gud gjev kyrkja kjærleik og kraft nok til å møta og hjelpa dei mange, mange elendige i landet som lid av AIDS, som ligg under for narkotika, driv med prostitusjon, og barn som blir utsette for seksuelle overgrep. Her er nauda botnlaus og aukande.
- Be om at det ideologiske mørkret som denne nasjonen lever under skal bli fordrive av Guds mektige lys.
- Be om at folk som blir frelst effektivt skal bli løyst frå fedredyrkinga, som er den sterkaste religiøse og åndelege makta i vietnamesarane sine liv.
- Be om at dei unge generasjonane som no veks opp må forstå at dei sanne og varige verdiane i livet ligg i Jesus Kristus og ikkje i materielle goder.
- Be om at alle nye kristne må bli effektivt disippelgjort, at dei søkjer saman i tette fellesskap og blir utrusta av Gud til kraftfullt å proklamera evangeliet til si aldersgruppe.
- Be om at kristne frå "frie" nasjonar må kallast og sendast til Vietnam som "teltmakarmisjonærar."
- Det er hundrevis av kristne leiarar som sit i fengsel i Vietnam. Be om at dei frimodig forkynner evangeliet der dei er og fører medfangar og fangevaktarar til Kristus.
- Be for familiane deira at deira behov også blir møtt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar