- Kyrkja i Vietnam har desperat trong for leiarar (hyrdar) som kjenner Gud, Guds ord og Guds kraft. Be for framveksten av nye utdanningsinstitusjonar, og be om at pastorar og andre kristne leiarar skal vera bevisste og flinke til å fostra nye.
- Pga leiarmangel har det i mange kyrkjer dukka opp alvorlege læreavvik. Be om at Gud skal verna kyrkjelydane mot djevelens infiltrasjon, og utrusta dei til å skjelna mellom det som kjem frå Gud, det som kjem frå menneske og det som kjem frå djevelen.
- Be om at Guds rike også skal koma med kraft til det muslimske chamfolket og det buddhistiske khmerfolket. Dei er i praksis unådde.
- Andre unådde grupper er: Minoritetsfolka i nord, medlemmer av dei unike religiøse samfunna Cao Dai og Hoa Hao samt alle medlemmene av kommunistpartiet
- Det er trong for bibeloversetting i 37 språk. Be om at dette behovet skal stettast.
- Be om at Gud skal nå fram til Vietnams befolkning gjennom ulike medieplattformer som radio, TV, film og Internett.
- Be om ein sterk interesse for Bibelen og annan kristen litteratur, og om ein effektiv distribusjon av kristne bøker.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
tirsdag 20. desember 2016
Vietnam 2
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar