- Det har vakse fram tusenvis av asiatiske minoritetskyrkjer i USA dei siste åra. m.a. 4000 koreanske, 1000 kinesiske, mange filippinske (dei veks snøggast), vietnamesiske og iranske. Be om at det veks fram ein einskap mellom kyrkjene som er heva over rase og nasjonalitet, at dei blir djupt berørt av Guds Ande, og har fokus på Jesus og misjon.
- Store immigrantgrupper må reknast som heilt unådde. Be om at dei skal få menighetens fokus og bli disippelgjort.
- Det er 5,2 millionar jødar i USA. 250 000 av dei er messianske. Dei samlast gjerne i eigne messianske synagoger. Be om at alle jødar skal forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for Gud ved lovgjerningar, men berre ved tru på Guds Son.
- Talet på muslimar er uvisst. Kanskje så mange som 7 millionar, og det aukar gjennom innvandring. Be om at lyset frå Jesus også skal nå fram til desse menneska.
- Det er 5,5 millionar frå Sør-Asia. Dei velutdanna og er komne for å jobba og tena pengar, muslimar, hinduar og sikhar er i fleirtal. Nesten ingen av dei har den minske kjennskap til evangeliet. Be om at dei skal bli møtt av den levande Gud og fridd ut frå djevelens makt. Be om at det blir etablert vitale kyrkjer som kan nå inn til desse menneska med Guds ord og Guds kraft.
- Be også om at dei store kontingentane med mormonarar og Jehovas vitner skal måtta bøya seg for Jesu guddomsmakt, og bli sett fri frå alle djevelske løgner som styrer liva og tankane deira.
- Tradisjonelt er kristendomen blitt identifisert som noko som tilhøyrer kvite middelklassemenneske. Be om at Jesus sprenger alle slike menneskelaga grenser for Guds kjærleik.
- YWAM, OM og International House of Prayer har spelt, og spelar, ei sentral rolle i verdsmisjonen. Be om framgang og framtid for desse, og mange andre organisasjonar som balar med det same.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
mandag 12. desember 2016
USA 3
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar