onsdag 14. desember 2016

Jemenittar i Nord-Jemen


Det er over 11 millionar jemenittar i Nord-Jemen. ALLE er muslimar. Ikkje EIN einaste truande kristen er registrert. Kjenner du nauda ved dette? Dei snakkar sanaani-arabisk. Halvparten av Jemen sitt brutto nasjonalbudsjett er knytt til produksjon av den narkotiske planta kat, og det meste vert produsert i nord, i det området som me konsentrerar oss om i dag. Eit underleg fenomen dette her. All bruk av rusmiddel er forbode etter Koranen, men dei mest profilerte muslimane rusar seg så det står etter. Forstå det den som kan. Tygging av kat-planta passifiserer mennene og held familiane nede i den djupaste fattigdom
Det er bortimot umogeleg menneskeleg tala å koma inn i Jemen (som forresten er identisk med Saba i Bibelen, du hugsar sikkert dronninga av Saba som vitja kong Salomo?). Men det er eit håp at evangeliet skal finna fram til svoltne hjarto gjennom radio og TV-sendingar retta mot dei menneska som bur i området.
Det i dag ein djup konflikt mellom nord og sør-Jemen. Den har djupe historiske røter, og handlar i stor grad om konflikten mellom shia og sunniislam. Mange militsgrupper som Houthi og Al-Quaida gjer konfliktbilete svært uoversiktleg, og som om ikkje det skulle vera nok har Saudi Arabia har også involvert seg militært, og det føregår fælslege menneskerettsbrot i dette kulturhistorisk sett ufatteleg rike området. Saudiske bombefly knuser mennesker og bygningar. Åtak på sivilbefolkninga høyrer med til dagens orden.


Min Herre Jesus Kristus! Me ber i ditt namn om at du, ved din Ande, skal ta kontroll over Nord Jemen. Stopp krigsredslene. Gjer dei vonde makteslause, ta deg av dei sjuke, dei skada, og dei fattige. Her er det så mange som ikkje kjenner deg, og som er undertrykte av djevelen. Du vart openberra for å gjera ende på hans gjerningar. Fordriv han frå landet, og løys land og folk frå synd og skam. Må ditt ord nå fram til folk og trengja  inn i hjarto deira, skapa tru i dei, gjera dei til Guds barn, slike som skaper fred. Må lyset ditt fløyma over nord-jemenittane i samsvar med lovnaden din gjennom Jesaja om at det folket som lever i mørkret skal sjå eit stort lys, og at over dei som lever i dødsskuggens land skal lyset stråla fram. Amen!  
 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...