Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Folketal: 8 092 000. Primærspråk: Hindi. Mange er muslimar. Nokre er sihkar. Nesten ingen er kristne.
Gujarane består av tre svært nært beslekta folkegrupper som er kjent samla som Gujar Rajasthani. Dei kjem frå Kshatriya (militær) kasten.
Dei held til i Afghanistan, Pakistan, og fleire statar i nordaustlege India (Himachal, Madhya Pradesh, Uttar Pradesh, Jammu, Kashmir, og Rajasthan). I tillegg er Gujarat-distriktet i vestlege India oppkalla etter dei historiske Gujar-folka.
Hindu Gujarar bur no i dei fleste av Indias nordlege statar: Delhi, Rajasthan, Haryana, Uttaranchal, Odisha og den sentrale staten Madhya Pradesh.
I dag lever dei fleste Gujarane i India som lovlydige gjetarar og bønder. Dessverre blir dei framleis sett ned på av dei høgare kastane (sosiale klassar) og ofte stempla som tjuvar og landstrykarar.
Gujarane som bur i fjellskogene i nordaustlege India held bøfler. Dessverre har den indiske regjeringa innført reguleringar på kor mange bøfler ein familie kan ha, og kor lenge dei kan bu i skogene. Dette har vore vanskeleg for Gujarane sidan dette er deira hovudinntektskjelde. Av denne grunn er desse nomadane stadig på jakt etter nye beitemarker for flokkane sine.
Gujar-kastane er breitt delt langs religiøse og geografiske linjer i to grupper: muslimske Gujarar og hinduistiske Gujarar. Muslimane er sesongnomadar som bur i vindaugslause, eittromshus under dei stillesittande vekstsesongane; medan hinduane er busette bønder som bur på same staden heile året.
Gujarane er delt inn i hundrevis av klanar. Samfunna deira er patrilineære, noko som betyr at arv blir overført gjennom mennene. Ekteskap blir vanlegvis arrangert av foreldra, og ein brudepris i anten kontantar eller bøfler blir betalt til jenta sin familie. Dei har lov til å gifte seg utanfor klanane sine, og unge par bur vanlegvis nær brudgommens foreldre.
Alle tre Gujar-gruppene snakkar Gujari, eit indo-arisk språk. Denne felles faktoren har hjelpt til å identifisere dei som ei distinkt undergruppe. Gujarane i Afghanistan snakkar også pashto og/eller dari, som er persiske språk (og blir snakka av tre fjerdedelar av den afghanske befolkninga).
Kva trur dei på?
Ein større prosentdel av Gujarane er hinduar, men det er også eit betydeleg tal muslimar blant Gujarane, samt eit mindre tal sikhar.
Kva er behova deira?
Gujar-folket i India har få om nokon sjansar til å høyre om den som tilbyr liv i overflod. Korleis skal dei høyre?
Bønneemne
Be Herren om å sende arbeidarar til India, Pakistan og Afghanistan for å dele Kristus med Gujarane.
Be om at Gud vil oppmuntre det vesle talet på Gujar-truande og gi dei ein visjon om å nå sitt eige folk.
Be Den Heilage Ande om å mjuke opp hjarta til Gujarane slik at dei vil vere mottakelege for evangeliet.
India er eit kontinent på 3 166 000 km2. Folketalet var i 2018 1 300 000 000. Det er rundt 420 per km2. Landet er delt inn i 28 statar og 7 regionar. Hovudstaden er New Dehli med 23 millionar menneske. Andre store byar: Mumbai: 20 mill+, Kalikot (Calcutta) 14 mill+. India har 45 byar med meir enn 1 million menneske. Fertitliteten er 2,3. 31% av befolkninga er under 15 år.
72% av er av indoeuropeisk avstamming. 25% tilhøyrer dravidane, Indias gamle urfolk. 3% har mongolsk opphav.
India har den største etniske diversiteten av alle land i heile verda. Her finn me over 2500 distinktivt ulike folkegrupper, og me kan trygt seia at landet representerer den største av alle misjonsutfordringar i verda i dag. Dei alle, aller fleste unådde folkeslag i verda er å finna i India.
Dei indoeuropeiske språka dominerer. Hindi er nasjonalspråk, og blir snakka av 40% av befolkninga . 21,6% snakkar dravidske språk (det er 84 slike , og dei skil seg meir frå hindi enn hindi frå norsk). Totalt blir det snakka 456 språk.
Det sosiale livet i India er gjennomsyra av det hierakiske kastesystemet. Brahminarane (prestane) er på pyramidetoppen (dei har jo laga dette systemet), så kjem krigarane, handverkarane og nederst tenarane. Dei kastelause, dei såkalla dalitane (som oftast er dravidar) er på botn og har få og ingen rettar. Her finn me dei fleste kristne. Når ein dalit overgjev seg til Kristus, går han frå å vera det lågaste og minst verdfulle menneske på jord til å bli Guds kongsbarn som skal arva himmelriket. Trass i denne erkjenninga, er er også store deler av kyrkja prega av kastesystemet.
Det er forbode med diskriminering ut frå kaste, men det skjer heile tida. Kastesystemet er India og hinduismens sjel. Det er mange ulike kastar innafor dei store kastegruppene som eg nemnde, og totalt er folk inndelt i 4700 kastar og 25000 underkastar. Det må vera litt av ein jobb å halda styr på alt dette.
Det er på landsbygda kastesystemet har størst betydning. I byane er gjerne utdanningsnivået høgare, og det har sveikka denne gamle samfunnsordenen.
India er eit jordbruksland, men etter overgangen til marknadsøkonomi i 1991 har landet blitt ei tekonologisk stormakt i verda. Dette har skapt nye rike grupper.
Likevel lever 40% av befolkninga under FN si fattigdomsgrense. Avstanden mellom fattig og rik er formidabel i dette landet. Men pga av kastesystemet og karmatenkinga, tek ikkje dei rike det inn over seg i nemneverdig grad. Her i dette landet får alle som fortent.
Av dei 400 millionar barn i landet, er 35 millionar foreldrelause, 11 mill kasta ut av familiane sine (90% jentar), 3 mill er gatebarn. Mange foreldre sel barna sine til slaveri for å kunna betala gjelda si. 1 million barn lever i prostitusjon, dei fleste er nepalesiske eller barn frå Bangladesh. 2/3 av barna opplever fysiske overgrep og trakassering, halvparten vert misbrukte seksuelt.
Det er stort underskot på kvinner. Mange jentebarn vert aborterte, og mange vert drepne etter fødselen. Jenter vert sett på som ein økonomisk belastning. Pga mangel på kvinner er massevaldtekter eit vanleg fenomen.
India er kalla verdas største demokrati, og vart sjølvstendig frå engelsk overherredøme i 1947. Kongresspartiet sikra lenge trusfridom, men etter at Hindutvapartiet kom til makta for nokre år attende, har kristne og muslimar opplevd både diskriminering og direkte forfølging. I dag er India det 10. verste landet i verda når det gjeld forfølging av kristne.
74% er hinduar, 14% er muslimar, 6% er kristne i følgje Operation World. CIA factbook operer med 2,3% kristne, men dette talet er nok kraftig underestimert.
Etter 1960 har kristen misjon eksplodert i India, og kyrkjeveksten har vore enorm. I 1973 var det 420 internmisjonærar i India. I 2010 var talet 100 000, i dag truleg langt fleire. Nye menneske kjem til tru i hopetal, og mange nye kyrkjer vert planta kvar dag. Takk Gud for dette.
I særleg grad har dalitane kome til tru. Her er det snakk om masseomvendingar. Takk Gud for denne vekkinga. Men mange erfarer alvorleg forfølging. Be om at dei i skal erfara Guds vern, truskap og omsorg, og at India skal respektera menneskerettane.
Be om at dei kristne skal venda seg bort frå kastasystemet, og læra seg å sjå på sine medtruande som søsken og alle menneske som likeverdige.
Be om at alle dei nye kyrkjelydane skal få gode leiarar som kan gjeta flokkane.
Be om at det skal gjennomførast leseopplæringsprogram for analfabetar, og at Bibelen skal bli oversett til alle levande språk
Be om at den overveldande korrupsjonen som eksisterer mellom alle ledd i samfunnet skal ta slutt.
Be om at Gud, gjennom si kyrkje, skal møta alle dei enorme menneskelege behova som er i dette landet.
40% av barna er underernærte. Be om samfunnsleiarane skal bryta ut av karmatenkinga og læra seg å ta ansvar for landets smårollingar.
Be om at folk skal ha tilgang på reint vatn og rein luft. Forureinsinga er formidabel over alt.
Be om heim og skulegang for alle dei 35 millionar foreldrelause barna.
Be om at at himmelens Gud må reisa seg og verna kvinner og barn i India, og straffa alle som utøver overgrep mot dei.
Be mot hinduismen, at han skal smuldra vekk og missa makta si over folks liv og tanke.
Be om einskap mellom dei mange ulike kyrkjesamfunna i India.
Be om at evangeliet skal nå fram til alle dei mange unådde folkeslaga i landet
Be særleg om at brahminarane og andre høgkastefolk skal bli nådde. Det vil vera umåteleg viktig for alle indarar.
Be om at Indias 15 millionar blinde og 50 millionar svaksynte skal få tilgang til Guds ord
Be om frelse for dei 140 millionar muslimane og dei 23 millionar sikhane i landet.
Be om at alle indarar skal kjenna til Bibelen, og ha tilgang til å lesa han.
Be om interesse for og spreiing av god kristen litteratur.
Be om interesse for og spreiing av kristne korrsepondansekurs
Be om interesse for kristne filmar, radio og TV-program.
Be om frelse for dei 30 millionar indarane som lever i diaspora.
Bishnoi dyrkar Vishnu og naturen. M.a. elskar og dyrkar dei tre. Ser på dei som guddommelege. Likar ikkje at dei vert felte. I 1730 gav over 300 av dei livet sitt for å hindra hogst. Dei er trehyrdar av beste sort. Fascinerande.
Dette folket tel 945 000 menneske, og snakkar hindi, og har slik sett tilgang til heile Bibelen, i alle fall i teorien. Men eg trur ikkje det er nokon bishnoiar som kjenner og følgjer Jesus.
Kjære Herre Jesus Kristus! Me ber om at bishnoifolket skal bli kjent med deg gjennom ditt ord, og læra seg å forstå at du er opphavet til den naturen dei elskar, og læra seg å elska deg som sin eigen skapar og frelsar. Amen!
Gawarifolket er nomadar eller seminomadar. Det er ingen registrerte kristne gawariar. Det store fleirtalet er analfabetar. Dei snakkar mange ulike lokale språk utanom hindi, som vanleg er i India. www.joshuaproject.org
Herre Jesus! Send arbeidsfolk ut til din haust i Gawarifolket. Frels folket frå synda, dødens og djevelens makt. Må ordet ditt slå djupe røter i folket, og kyrkja di etablert der. Motiver dei til å læra seg lese og skrivekunsten, og må dei få tilgang til Bibelen på morsmåla sine. Amen!
Aharfolket er godseigarar av høg kaste. Dei ser på seg sjølv som brahminarar, men dei skikkelege brahminarane likar det dårleg. Aharfolket tel 1,4 millionar menneske. Dei snakkar hindi, er naturlegvis hinduar. Ingen i India er så vanskelege å nå som høgkastefolka. Det er ikkje ein einaste truande kristen Ahar.
Kjære gode Far! Aharfolket er skapt av deg, og du har i Jesus betalt ein høg pris for at dei skal tilhøyra deg. Må ditt ord og din Ande nå dei, frelsa dei frå synda, døden og djevlens makt, skapa tru og lovsong i hjarto deira og fylla dei med din kjærleik. Må lyset frå himmelen koma over dei og forvandla dei til eit kristent folkeferd. Amen!
Folketal: 5 338 000. Språk Hindi. Religion: Hinduisme. Særpreg: Dei er UVANLEG fattige, og manglar i stor grad den kunnskapen som trengst for å klara seg i eit moderne samfunn. Joshuaproject.net fortel at dei lever av insekt som krelar rundt på kyr, og at dei elles er dei tiggarar som prøver å få merksemd ved å syngja. Dei dyrkar eit heilt pantheon av gudar som: Garaya, Baghat, Garam Gossain, Kudra, Barpahar, Manasa, Satbahni, Shiva, Durga, Lakshmi, Sitala og andre, som berre er åndsmakter som held dei fanga i djup elendighet.
Gode Gud! Sjå i nåde til Dosadhfolket, frels dei inn i ditt rike og løft dei ut av fattigdom og fornedring. Tal til dei gjennom kompetente og varme kristne som du sender inn i liva deira, gje dei draumar og syner der du viser dei vegen ut av slaveriet under djevelen til fridomen i Kristus. Gje dei ny sjølvrespekt og sjølvtillit, og ein trong etter å skaffa seg nyttig kunnskap. Me ber i Jesu namn! Amen!.
Banthufolket tel kun 28000 menneske, og er heimehøyrande i Uttar Pradesh, eitt av verdas minst evangeliserte områder. Dei er alle hinduar og tilber Shankar Bagwan, ein familiegud, og Sherawali Mata og Hanuman som er landsbygudar. Fedredyrking førekjem ein sjeldan gong. Heime snakkar dei sitt eige språk, men dei fleste av dei meistrar også hindi flytande. 4 andre språk er også representerte mellom dei.
Tradisjonelt har banthuane vore berykta som notoriske tjuvar. Dette stigmaet har vore vanskeleg å bli kvitt, sjølv om dei no er respektable medborgarar. Nokre er endå til å finna på politisk toppnivå. Du kan finna meir ut om dei på www.joshuaproject.net
Gode Gud og Far! Du som i kjærleik gav Sonen din til og for oss alle, må ordet om Jesus nå fram til banthufolket og bli veldig personleg for dei. Hjelp dei ved Den heilage ande å venda seg bort frå avgudane, og løys du alle emosjonelle band som dei har til desse ,og fyll dei med ein lidenskapleg kjærleik til Jesus åleine. Hjelp dei å forstå at du er deira skapar og opphav, og at liva deira tilhøyrer deg. Gje dei lækjedom for dei sjukdomane som forringar liva deira, og syn deg for dei som deira evige Far, frelsar og forsørgar. Amen!