lørdag 17. desember 2016

Dagens nasjon: Venezuela

Areal 912050 km2 (nesten 3 gongar så stort som Noreg). Folketal: 31 416 000. Styresett: Republikk.
Landet grensar til Colombia, Brasil og Guyana.
Venezuela har verdas største oljereservar. Økonomien i landet er heilt og fullt knytta opp til oljeprisen. Men rikdomen har ikkje kome folk flest til gode, og i 1999 kom  president Hugo Chavez til makta under løftet om å gjennomføra ein sosialistisk revolusjon med betre fordeling av goder og gleder.
Hugo Chavez var ein brautande politikar som talte store ord mot USA og vesten, og som gjorde seg til vens med alle slags diktatorar verda over. Gjerne dei verste.
Sosialime høyrdest bra ut for folk, men resultatet etter 17 år med denne politikken er at produksjonen har gått ned og fattigdomen er berre blitt mykje større, og i dag er det mangel på alle varer i Venezuela, inkludert matvarer, og folket lid både av under og feilernæring.
Hugo Chavez døydde i 2013. Han vart etterfølgd av visepresident Nicolas Maduro som vant presidentvalet etter (alle solemerker) omfattande valfusk, og sidan har landet vore i ei konstant politisk krise. No er høyrer portforbod og millitære maktmiddel mot befolkninga til dagens orden.
84% av befolkninga er tilhøyrer den kristne kyrkja, dei fleste er naturlegvis katolikkar, men det er også over 3,1 millionar protestantar/evangelikale, og denne gruppa er, som elles i Latin-Amerika, i sterk vekst, dvs ein årleg på over 3%.
Men det er også 3,5 millionar menneske i Venezuela som er ikkje-religiøse, og denne gruppa veks snøggast, ja, i følgje Operation World med heile  9,2% kvart år.
Spiritismen har stor utbreiing i Venezuela, og er eit stort åndeleg problem langt inn i kyrkjelydane. Ja, dei fleste "kristne" er involverte i denne ugreia. New Age-rørsla er i framgang og infiltrerer befolkninga. Dyrkinga av fruktbarhetsgudinna Maria Lionza (ei moderne Astarte) er omfattande. Johovas vitner og Mormonarane er også på frammarsj. All denne mørke åndsrøyndomen kanaliserer destruktivitet inn i folkelivet, kulturen, politikken og økonomien.
  • Be om at landet skal bli velsigna med gudfryktige, rettferdige og kloke leiarar med stor evne til å sjå løysingar på dei store problema som landet står andsynes. 
  • Be om at landet skal få ei lovgjeving som tek vare på alle menneske sine elementære menneskerettar, sivilt, politisk, religiøst og økonomisk.
  • Be om at dei kristne kyrkjene tek eit klårt oppgjer med den omfattande avgudsdyrkinga i landet, at leiarane torer å henga bjelle på katten og at djevelens makt over land og folk vert broten i Jesu namn. 
  • Be om at Guds ord skal få makt over menneska
  • Be om at kyrkja skal vera full av Guds kjærleik og kraft, og bli velsigna med leiarar som høyrer frå Gud og som talar Guds ord med truskap og autoritet.
  • Be om at Guds fred skal bli rådande i landet
  • Be om gode skular og gode lærarar for barn og unge
  • Be om at det skal veksa fram eit sunt og variert næringsliv i Venezuela, og at det skal vera meiningsfullt arbeid for alle arbeidsføre.
  • Be om at det skal bli sett inn tiltak for å gje alle dei 30 unådde indianarstammene i Venezuelas indre evangeliet om Jesus
  • Be om at det vert sett i gong bibeloversetting til dei 14 indianske språka som enno ikkje har Guds ord tilgjengeleg. 

Ingen kommentarer:

Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjene sine denne jula

  Foto: Mission Network News Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein a...