Det er 1 781000 arbarar i Libya. 98,1% av dei muslimar, 1,9% er kristne (0,2% evangeliske). Språk: Arabisk. Dei bur i dag i eit djupt splitta og borgarkrigsråka land. Store oljerikdomar vart oppdaga i 1950, og olja gjorde libyarane velståande. Mohammar-al-Ghadaffi styrte landet diktatorisk frå 1969 til 2011, då han vart drepen. Etter det har alt vore kaotisk, og det har runne mykje blod. Mellom anna kontrollerer ISIL store deler av landet i aust. Libya har til dei grader behov for Fredsfyrsten.
Gode Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! Stopp i Jesu namn djevelens herjingar med arabarane i Libya. Ta makta frå dei vonde, og velsign landet med gode leiarar som let seg påverka av din Heilage Ande. Styrk dei kristne arabarane i trua, fyll dei med kraft frå det høge og gjer dei til standhaftige og effektive vitner om Jesu oppstode. Gjer dei uredde og hjelp dei å halda saman i tette fellesskap som demonstrerer Guds kjærleik for muslimane. Miskunna deg over Libya. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar