I Iran er det 1 350 000 domarisigøynarar. På verdsbasis over 3 257 000. Desse er, som andre sigøynarar, reisande. Dei flakkar frå plass til plass utan fast adresse. Difor har dei som regel ikkje ID kort, og manglar alle dei rettane andre i Iran har til utdanning og helsehjelp. Mange lever i polygami. Ekteskapa vert inngått internt og ikkje registrert nokon plass. Barna som vert fødde er dermed også utan identitet og dermed utan vanlege rettar. Desse menneska døyr ofte av banale sjukdomar i enkle, fattigslege kår.
Dei snakkar domari, og refererer seg til islam.
Ingenting av Bibelen føreligg på domari.
Far i himlen! Du har gjennom dei siste tiåra opna dørane dine på vidt gap for sigøynarane, og du har fiska dei inn med not. Må nokre av dei mange som har erfart frelsa i Jesus Kristus ta imot ditt kall til å nå frendane sine i Iran og Irak, slik at også dei kan få høyra at dei elska av Gud på sitt eige morsmål. Må Jesu lys stråla over domarisigøynarane, driva dei ut av djevelens mørkre og forvandla dei barn av den levande Gud. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar