Viser innlegg med etiketten Algerie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Algerie. Vis alle innlegg

fredag 9. januar 2026

Dagens unådde folkegruppe: Tidikelt frå Algerie

 Tidikelt tel 1300 menneske, og tilhøyrer berberfolket som er urbefolkning i Algerie. Dei levde i landet lenge før den arabiske invasjonen på 600-talet. Kyrkjefader Augustin var berber. 
Tidikeltfolket er muslimar, om enn ikkje så dedikerte som arabarane. Dei er meir mottakelege for Guds evangelium. 

Så ber me i dag far om at det må bli liv i gamle kristne røter i Nord-Afrika, og at tidikeltfolket skal oppdaga kven dei ein gong kjende, dyrka og elska. Amen! 


søndag 13. februar 2022

Tajakant. Unådd folkegruppe i Algerie


Tajakantfolket er å finna i grenseområda mellom Marokko, Algerie og i Vest-Sahara. I Algerie tel dei om lag 50 000 menneske som alle er overtydde muslimar som lever ut trua si i kvardagen. Det er ikkje registrert nokon kristne mellom dei. Tradisjonelt har dei vore kjende som handelsfolk som ikkje vegra seg for å slost for interessene sine. Deler av Bibelen er omsett til språket deira som dei kallar hassaniyya

Gode Gud og Far! Også tajakantfolket var inkludert i Kristi offer på krossen, også for dei står frelsens port open. Me ber deg i Jesu namn om å gripa mektig inn i liva deira. Send dine vitner til dei for å peika på Jesus som vegen, sanninga og livet,  og porten inn til ditt evige rike. Me ber om at du skal etablera ei levande, åndsfylt og karismatisk tajkantkyrkje som kan vera eit lys til frelse for heile Algerie, og vidare utover til sine eigne i Marokko og Vest-Sahara. 


kjelde og bilete: joshuaproject.net


Algerie

 

Kart henta frå operation.org

Folketal: 44,6 millionar menneske. 
97,6% er muslimar.
0,3% er kristne
Resten er sekulære.
Hovudstad: Alger

Store deler av dette landet er ein del av Saharaørkenen. Dei fleste menneska bur difor langs Middelhavskysten. Lenger sør vandrar beduinstammene. 

Økonomien er oljebasert.

22% av befolkninga tilhøyrer den berberiske urbefolkninga som befolka Nord-Afrika før den arabiske/muslimske invasjonen på 700-talet etter Kristus. Berberana var kristne. Ja, Nord-Afrika utgjorde faktisk tyngdepunktet for den kristne kyrkja dei første hundreåra etter Kristus , og menn som Tertullian, Cyprian og Augustin var truleg berberar. 

I dag vender berberane attende til røtene sine, og mange tusen av dei har kome til tru på Jesus Kristus, og det er etablert eit nettverk av evangeliske kyrkjelydar. Desse har ein stor grad av einskap og samarbeid. 

Styresmaktene har dei siste åra sett mykje inn på å stoppa kristendomen sin vekst i landet, og dei stenger kyrkjer,  gjer livet vanskeleg for dei kristne med sosiale restriksjonar, og det er blitt vedteken ei lov som forbyr alle ytringar i landet, om dei så skulle bli sagt i kristne kyrkjer, som "rystar trua til muslimar", som det heiter. Landet er på 22.plass på World Watch liste over land med kristisk mykje kristendomsforfølging. 

Men restriksjonar og overgrep ser ikkje ut til å redusera talet på omvendingar, Algeri landet med størst antal konverterte muslimar. 

Ein av suksessfaktorane når det gjeld kyrkjevekst i Algeri har vore radio og TV-arbeid. Mange har kome til tru ved å lytta og sjå.  Mange av dei som kjem til tru på den måten tek også korrespondansekurs i kristen tru, og blir såleis grunnfesta kristne. 

Kyrkja i Algerie har eit definert behov for nye leiarar.
 
Algerie har ein lang historie med krig og vald, og det er ikkje lenge sida den siste brutale borgarkrigen vart avslutta. Valdsnivået er forresten framleis skyhøgt.

Herre Jesus! 
Sjå i nåde til Algerie. Me ber om lækjedom til alle traumatiserte sjeler, me ber om at du tek kontroll med  innbyggjarane i dette landet, lærer dei å tru på deg, og hjelper dei til å leva i fred med kvarandre. Me ber om at næringslivet skal kasta mykje av seg, at landet skal utvikla ein sunn økonomi. Me ber om at alle dei 13 unådde folkegruppene skal få høve til å bli kjent med deg. Styrk dei nasjonale kristne, og lat dei, trass i alle vanskar, veksa i nåde og kjennskap til deg, Me ber om framtid og håp for Algerie. Amen! 

torsdag 15. februar 2018

Algerie





Algerie har 41 millionar menneske. Dei fleste bur nord for Atlasfjella, og særleg naturlegvis langs Middelhavskysten. 99% av  befolkninga består av arabiserte berberar. Berberane var kristne før islams arabiske hærar erobra og Nord-Afrika på 6 og 700-talet e. Kr.  I dag er 70% lese og skrivekyndige. Offisielle språk: Arabisk og berber. Fansk er utbreidd. Mange meistrar engelsk. Totalt blir det snakka 22 språk. Heile Bibelen er tilgjengeleg på arabisk. 1 språk har NT og så blir det jobba med omsetting til sju andre språk (2010, Operation World)

Over 97% er muslimar, og religionsfridomen og andre menneskerettar har tronge kår, og konvertering frå islam er ulovleg. Ein av dei som sit fengsla for dette er Slimane Bouhafs som i 2016 fekk ein dom på 3 år for å ha fornærma islam.

Slimane Bouhafs

Algerie har ein raskt veksande økonomi knytt til utvinning og sal av olje og gass.

Politisk var Algerie ein fransk koloni i 132 år. Landet fekk sjølvstende etter ein blodig krig i 1962. Frå den tid og fram til 1988 var landet styrt av ei sosialistregjering og var i praksis ein eittpartistat. I 1991 vart det gjennomført eit val som vart vunne av islamistgruppa FIS, Den islamske frigjeringshær. Då greip hæren inn, og etter ein lang borgarkrig med 100000 drepne, vart islamistane slått i 1998. Etter den tid har Algerie blitt styrt av president Abdelaziz Bouteflika. Han er støtta av hæren, og alle vala i ettertid har gått i hans favør, men høgst truleg etter omfattande manipulering. 

Det er rundt 100 000 kristne i landet, og kyrkja har ei årleg vekstrate på over 7%, som er svært høgt. Veksten er i hovudsak mellom kabyleberberane, men også hos arabarane er det framgang å spora.
Alle kyrkjelydar er undergrunnskyrkjer.

Areal: 2 381 741 km2, det meste er ein del av den golde Saharaørkenen.


  • Takk Gud for den heilt ekstraordinære kyrkjeveksten som har funne stad i landet dei siste tiåra.
  • Be om einskap mellom  kristne berberar og arabarar.
  • Be om at dei truande i landet skal vera frimodige og kloke i sitt uttryk
  • Be Gud om at møtelokalitetane deira ikkje skal bli oppdaga
  • Be om fred og forsoning mellom berberar og arabarar
  • Be om ny oppblomstring av den berberiske kulturen
  • Be om at dei kristne må stå oppreiste i dei stormkasta som stadig kjem over dei. Dei er utsette for redsler både frå familiane, naboane og arbeidsgjevarane sine, samt frå islamistar og fråregjeringa 
  • Be om at kyrkja skal ha gode leiarar som elskar Gud, Guds ord og folket
  • Be om vern over dei kristne familiane, og at dei skal halda saman trass i tøffe tilhøve, og at barna skal halda seg til Jesus sjølv om dei lever i eit samfunn som er gjennomsyra av islam. 






fredag 28. april 2017

Digitale biblar til Algerie

An Algerian woman reads the New Testament.
"Voice of the Martyrs" melder om at ei gruppe kristne for tida reiser rundt i Algerie og deler ut digitale biblar og annan kristen litteratur til folk, på lokalspråka. Nokre gonger møter teamet truande menneske som dei kan gje litteraturen til direkte, andre gongar må dei berre leggja han frå seg på strategiske plassar den folk vil finna han og plukka han opp. Ein mann hadde funne ein bibel liggjande i eit bussete, teke han med seg, lese og funne Jesus.

  • Be om beskyttelse for teamet som reiser rundt.
  • Be om at den kristne litteraturen må formidla frelse og nytt liv til ikkje kristne, oppmuntring og utrustning til dei kristne.

torsdag 8. desember 2016

Fengsla algirsk kristen møter alvorlege trugsmål frå medfangar

Slimane Bouhafs vart fengsla 31 juli 2016 for, etter det som er blitt sagt,  å ha karakterisert islam som ei lygn.

Slimane har i lang tid arbeidd aktivt for auka menneskerettar i Algerie, og det er nok grunnen til styresmaktene ville ha han bort frå det offentlege livet.

No har han teke til motmæle i fengslet mot ein imam som har fornærma kristne og den kristne trua etter alle kunstens reglar, og dette har resultert i mange trugsmål retta mot Slimane og situasjonen er farleg for han no.
  • Be om at Gud vernar han mot overgrep.
  • Be om at han skal vera ved godt mot, og ha glede i Gud midt i trengslene
  • Be om at han må gjera så sterkt inntrykk på medfangar og fangevaktarar at dei vender om til Jesus og blir frelst frå syndene sine. 
Kjelde: Martyrenes røst og World Watch Monitor

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...