tirsdag 13. desember 2016

Dagens nasjon: Usbekistan

Usbekistan er noko større enn Noreg i flatemål: 447,400km2. Folketal: 27,8 mill. Landet ligg mellom Turkmenistan og Kasakstan, og grensar dessutan i aust til Afghanistan og Kirgisistan.
Usbekistan er nesten 100% muslimsk. Det er 208000 registrerte kristne i landet. Av desse er 85000 evangeliske. Det offisielle språket er usbekisk. Det blir elles snakka 38 aandre språk i landet. Usbekistan er sjølvforsynt med olje og naturgass, er verdas 5. største bomullsprodusent og har store mineralressursar. Bomullsproduksjonen krev store vassresursar, og Aralsjøen er snart heilt inntørka pga enorm irrigasjon. Det var Josef Stalin som i si tid fann ut av det skulle dyrkast bomull i Usbekistan, noko som har ført til ein gigantisk økologisk katastrofe.
Landet er eit viktig transittland for narkotika frå Afghanistan. Usbekistan var tidlegare ein del av Sovjetunionen, og etter sjølvstende i 1991 vart det kommuniustiske diktaturet erstatta med eit autokratisk muslimsk diktatur.  Landet har tetta band til Russland. Fattigdomen er stor. Korrupsjonen eventyrleg, og rikdomane svært ujamnt fordelt. Dette har gjeve grobotnen til framveksten av islamsk ekstremisme.
Trass i at dei evangeliske utgjer ein liten prosent av befolkninga, har dei sterk vekst. Dei er stadig under oppsikt, og blir utsette både for trakassering og fengsling, særleg om dei rettar misjonsinnsats mot usbekarar. Russarar og koreanarar kan evangelisera innafor eiga etnisk gruppe. Likevel blir det evangelisert også overfor usbekarar, og Guds rike går fram gjennom trengsler.

  • Be om at Guds barn i Usbekistan skal veksa i nåde og kjennskap til Jesus, vera sterke i skriftene, fulle av ånd og kraft, frimodige og smarte i måten dei evangeliserer på.
  • Be om at nye kristne blir forsvarleg disippelgjort.
  • Be om at dei Gud kallar til lkristent eiarskap skal svara ja og gå inn i tenesta med glede.
  • Be om at alle språkgrupper skal få høyra om Fars kjærleik og nåde på sine eigne språk. 
  • Be om at Gud skal velsigna landet med gode, kloke og rettferidge leiarar som distanserer seg frå ein korrupt livsstil, og som tek eit oppgjer med denne ukulturen som fremjar inkompetanse, og held landet nede i fattigdom.
  • Be om at leiarane skal ta tak i miljøproblema knytta opp til vassmangelkrisa. 
  • Be om at dei unge i landet skal få håp slik at dei ikkje knyter seg opp til ekstreme islamistiske grupper, slik dei i stor grad gjer no. Be om at dei skal finna Jesus og forstå betydninga av hans kross. 


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...