USA er ein etnisk smeltedigel, og har vore det sidan "dei kvite" kom dit for 400 år sidan. Landet vart i stor grad bygt opp av dissidentar som vart forfølgde i Europa: puritanarar, kalvinistar, baptistar, kvekarar og kongregasjonalistar. Dette er bakgrunnen for at dei første menneskerettane med vekt på individet sine rettar til å meina, tru, seia og skriva det ein måtte ynskja vart knesett av den første amerikanske kongressen i 1776.
- Takk Gud for USA, og be om at landet også i framtida skal ta vare på individet sine grunneleggjane og sjølvinnlysande rettar.
- Be om at dei mange, mange papirlause immigrantane må få sjansen til å bli registrerte borgarar i landet, og at dei skal få anstendige løner, slik Guds ord seier at dei skal ha.
Den amerikanske økonomien er den største i verda og motoren i verdsøkonomien. Men rikdomen er svært ulikt fordelt. Det meste av det som er av verdiar skal vera eigd av ein søkkrik liten elite. Denne tendensen vil på sikt utarma økonomien fordi kjøpekrafta blant vanlege folk blir så liten.
- Be om at det må gå USA godt også på det økonomiske området, at den nye Trumpadministrasjonen skal verka positivt på produksjonen, og at det skal bli heilt andre fordelingsnøklar enn tilfelle er i dag.
USA hadde i 2010 93500 misjonærar i andre land, og er på topp i verda i så måte.
- USA har ein rik kristen arv. Det er grunn til å takka Gud for alt det denne betyr for kristne i USA og for kristne verda over. Mange verdsvide vekkjingsrørsler har starta i USA (pinserørsladen, karismatiske vekkinga, den tredje bølgja og 24/7 bøneteneste). Dei er gjerne holistiske og kreative i sitt uttrykk, og legg vekt på bøn, bibelundervisning, lovsong, barmhjertighet, disippelskap og kyrkjeplanting.
- Takk Gud for Billy Graham som har talt evangeliet for 200 millionar menneske verda over, og som tok initiativet til den første Lausannekonferansen for verdsevangelisering i 1974. Lausannepakta aksellererte den evangeliske misjonsinnsatsen enormt. Det var eit før og eit etter i verdsmisjonen.
- Takk Gud også for AD2000 and Beyond, som har sett eit sterkt fokus på verdas mange unådde folkeslag.
- Kvart år kjem det ut tusenvis av kristne bøker frå kristne amerikanske forfattarar som inspirerer og påverkar kristne i alle land. Mange av oss er djupt takksame for dette.
- Be om at Den Heilage Ande framleis må ha eit sterkt nedslagsfelt i USA, til velsigning for alle oss andre.
- USA er desidert leiande innan bibelsk teologi og teologisk utdanning, med ein rik litteratur som ikkje er å finna i noko anna land.
- Takk Gud også for den massive misjonsinnsatsen amerikanske kristne har ytt og framleis yt verda over. Utan denne ville kloden sett heilt annleis ut i dag.
- Men også i USA er det ein aukande tendens til unge menneske snur Gud og kristendomen ryggen. Be om at denne tendensen skal snu, at kyrkjene finn eit uttrykk som kommuniserer evangelie til den komande generasjonen på ein effektiv måte.
- Be også om at misjonstrykket nellom dei truande i USA vert halde ved like, og at det aukar i kraft i åra som ligg framom.
- Mange kristne kjempar mot store samfunnsvonder som narkotikamisbruk, promiskuitet, pornografi, prostitusjon, kriminalitet, abort, seksuelle overgrep og misbruk av barn. Dei jobbar også for å bekjempa strukturelle synder som fører til djup fattigdom. Be om at dei skal ha Gud i ryggen i dette arbeidet, og at dei skal ha effektivt åndeleg vern når dei utfordrar dei mørke maktene som styrer destruktiviteten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar