Den 27 november braut aserbajdsjansk tryggjingspoliti seg inn på eit "illegalt" evangelisk bønemøte i heimen til Gamid og Ginayat Shabanov i Aliabad. Kristen litteratur og materiell vart konfiskert, 26 av møtedeltakarane arresterte og 24 ilagt ei bot på over 800 USD kvar, ein svimlande sum i dette landet. Hendinga vart kringkasta på statleg TV og beskriven som "ulovleg religiøs aktivitet" frå ei sekt som "spreier ulovlege religiøse doktriner". I Aserbajdsjan er alle kristne møter i heimane ulovlege, og berre registrerte trussamfunn kan samla folk til bøn. Det er truleg ikkje lett (umogeleg?) å få registrert eit nytt legalt trussamfunn hos styresmaktene.
Aserbajdsjan ligg som nr.34 på Open Doors World Watch List over land som forfølgjer kristne.
Kjelde: World Watch Monitor 12.des 2016
Kjære Herre Jesus! Når ein lem lid, lid heile kroppen. Hjelp oss som lever i fridom å kjenna litt på smerten til truande som må betale meir for trua si enn det me må gjera. Hald di vernande kappe rundt di kyrkje i Aliabad og i heile Aserbajdsjan. Hald motet oppe hos dei truande slik at dei ikkje taper sin kristne iver og tagnar. Hjelp dei også økonomisk slik at dei kjem seg gjennom utfordringane på det området. Fyll hjarto deira med glede og begeistring fordi dei får dela lagnade med deg, fedrane og profetane. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar