Pastor Yuri Pak vart 3.oktober dømt til to års fengsel for angiveleg å ha ringt landet sin naudtelefon berre på bøll. Klagemålet er grunnfalskt, men betimeleg for styresmaktene. Kasakstan er muslimsk, og kristne kyrkjer er under streng oppsikt.
Gode Gud! Støtt Yuri med ditt nærvær gjennom denne vanskelege tida og styrk han i trua på di omsorg og din kontroll. Må alt som skjer han tena til det gode for han, og må han vera eit lys og ein reidskap for deg i fengslet medan han ventar på å få fridomen sin attende. Må han få sjå at mange medfangar og fangevaktarar vender om til Jesus og opplever frelse og fridom i han. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Viser innlegg med etiketten Kasakstan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kasakstan. Vis alle innlegg
mandag 5. desember 2016
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...

