Viser innlegg med etiketten Libya. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Libya. Vis alle innlegg

torsdag 8. desember 2016

Arabarar i Libya

Det er 1 781000 arbarar i Libya. 98,1% av dei muslimar, 1,9% er kristne (0,2% evangeliske). Språk: Arabisk. Dei bur i dag i eit djupt splitta og borgarkrigsråka land. Store oljerikdomar vart oppdaga i 1950, og olja gjorde libyarane velståande. Mohammar-al-Ghadaffi styrte landet diktatorisk frå 1969 til 2011, då han vart drepen. Etter det har alt vore kaotisk, og det har runne mykje blod. Mellom anna kontrollerer  ISIL store deler av landet i aust. Libya har til dei grader behov for Fredsfyrsten.

Gode Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! Stopp i Jesu namn djevelens herjingar med arabarane i Libya. Ta makta frå dei vonde, og velsign landet med gode leiarar som let seg påverka av din Heilage Ande. Styrk dei kristne arabarane i trua, fyll dei med kraft frå det høge og gjer dei til standhaftige og effektive vitner om Jesu oppstode. Gjer dei uredde og hjelp dei å halda saman i tette fellesskap som demonstrerer Guds kjærleik for muslimane. Miskunna deg over Libya. Amen! 

 Arab, Libyan in Libya

mandag 15. august 2016

Libya

Libya er eit stort land på 1 775 500 kv.km. Det meste er ørken, og omtrent alle innbyggjarane bur langs Middelhavskysten. Hovudstad: Tripolis.
I Libya byr det 6,5 millionar menneske. Etter Muammar Gadaffis fall oktober 2011, har landet vore djupt splitta, m.a. fordi ISIL utnytta maktvakuumet i landet til å sikra seg fotfeste der. Det har resultert i borgarkrig og grove overgrep mot kristne. 21 koptiske kristne arbeidarar frå Egypt vart skotne på ei strand i 2015, og eit par månader seinare vart 30 truande etiopiarar halshogne, alt filma og lagt ut av overgriparane. Landet er i dag heilt utan einskapleg regjering.

Landet er rikt på olje, men produksjonen har naturlegvis stoppa opp i skuggen av krigen.

Opprinneleg var Libya befolka av berberar, men desse er no nesten heilt assimilert av den arabiske majoriteten.

97% av befolkninga er sunnimuslimsk. Dei få kristne som bur i landet er i stor grad av utlendingar. Likevel har nokre etniske libyarar den siste tida kome til tru. Det er med livet som innsats dei konverterer. Her er kristendomen seriøs.

  • Be om at ISIL skal bli nedkjempa i Libya, og at landet skal få ei einskapleg regjerning med full kontroll.
  • Be om at Gud i sin store nåde skal gje dei få kristne i landet ro og rom, at dei skal finna fram til kvarandre, halda saman, ha tilgang til biblar, bli fylta av Anden, utvikla eit sterkt bøneliv og bli ivrige og effektive vitne om Jesus
  • Be om at Jesus må openberra seg på overnaturleg vis også for libyarane, om dei er moderate eller ekstreme muslimar.

lørdag 21. februar 2015

21 bortførte kristne egyptarar halshogne i Libya av IS-krigara

Sources: Middle East Concern, Release International





Dei kristne i Egypt sørger djupt etter at 21 kristne koptarar som jobba i Libya brutalt vart drepne av IS-krigarar. Desse bortførte i desember og januar, og i sist veke vart dei teke med ned på ei strand og halshogne. Dei myrda mennene kom frå Samalutregionen i øvre Egypt, eit område det arbeidsløysa er høg og fattigdomen stor.



Herre Jesus Kristus! Me ber om at du i ditt namn skal hemna drapa på desse kristne mennene. Må IS erfara at dei ikkje kan spotta deg slik dei no går fram.  Må dei få møta deg som Den heilage og veldige Gud som stiller menneska til ansvar for sine ugjerningar, og me ber om at du slik skal frelsa deira arme sjeler. 
Trøyst dei som no sørgjer, og ver ein forsørgar for alle dei enkjene og barna som no har mista forsørgarane sine. 
Må kristne i Egypt halda motet oppe, sjå på deg og ikkje bli motlause i sin sjeler. Amen!


søndag 21. desember 2014

Dagens unådde: Sanusifolket i Libya


Sanusifolet i Libya er beduinar. Dei tel 622000 menneske. Som muslimar følgjer dei læra til Sayyid Muhammad ibn`Ali as Sanusi, ei lære som har forma dei til å bli meir venlege, opne og førekomande enn andre beduinstammer. Dei har alltid forakta vanleg arbeid, men dette er i endring no.  Det finst ikkje ein einaste registrert truande kristen sanusi. Språk dei snakkar er ein libyisk versjon av arabisk. Det føreligg inga bibelomsetting på denne dialekten, heller ikkje nokon annan kristen litteratur. Kjelde: www.joshuaproject.net

Herre! Me ber om at utvalde sanusiar skal finna fram til radiostasjonar som sender kristne program på språket deira, at dei skal bli gripne av det dei høyrer, venda om til deg og erfara di frelse. Må di kyrkje bli etablert i sanusifolket, og vera eit lys som syner alle sanusiar vegen til Far. Kall mange til å be for folket og slik bana veg for deg inn i liva deira. Må du Jesus bli så tydeleg for dei at dei i djupet av si sjel forstår at du ikkje berre er ein profet som er verd å lytta til, men ein Gud som er verd å elska og leva for. 

 

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...