Viser innlegg med etiketten Storbritannia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Storbritannia. Vis alle innlegg

mandag 24. juni 2019

Bøn for statsminstervalet i Storbritannia

Det konservative partiet i Storbritannia skal den 20. juli velja ny statsminister etter Theresa May. Det er viktig for oss alle at det blir rett person som inntek Downings Street 10.

Be om at det blir ein som kjenner Gud, ein som har god sjølvkontroll, orden på familielivet sitt, ein god og analytisk hjerne og eit varmt hjarta, ein som har autoritet nok til å samla folk som helst vil gå i mange ulike retningar, ein person som både er modig og bestemt, og ein som har visjonar for landet.

For meg ut som om Jeremy Hunt, Michael Grove og Rory Stewart kan vera gode kandidatar.  Boris Johnson er populær, men fell gjennom i forhold til tru, sjølvkontroll og familieliv. Sajid Javid har muslimsk bakgrunn, men er ikkje-praktiserande. Han har ei kristen kone, nyt høg respekt og har gode verdiar.

Går det bra med Storbritannia, går det bra også med mange andre.

Det er forresten ufatteleg kjekt at tre av fem personar er definerte og tydeleg kristne. Akkurat DEN er litt uslåeleg i dagens Europa.
Sajid Javid
Michael Grove

Jeremy Hunt












Rory Stewart
Boris Johnson

tirsdag 6. desember 2016

Storbritannia

Storbritannia (GB) består av England, Skottland, Wales, Isle of Man og Jersy (Kanaløyane). Folketalet er godt og vel 65 millionar. 83,8% bur i England. 8,4% i Skottland, 4,9% i Wales og 2,9% i Nord-Irland.
Språk er engelsk. 60 000 i Skottland snakkar keltisk (gælisk), og i Wales er walisisk offisielt språk ved sida av engelsk.  6,3% av befolkninga i GB har asiatisk opphav, 1,9% kjem frå Midt-Austen, 1,4% er etterkomarar etter afrikanske slavar i Karibieb, 0,8% er afrikanarar frå Afrika.

England er ein høgt utdanna nasjon som gjennom historia har prega verdsutviklinga meir enn noko anna nasjon i verda. Gjennom kolonivelde på 1800 og 1900-talet, vart engelsk gjort til verdas fremste kommunikasjonsspråk. 1,4 milliardar av verdas menneske meistrar engelsk i dag.

Det er totalt 15 innfødde engelske sprråk i GB, og i tillegg 200 immigrantspråk i aktiv bruk.
Bibelen er omsett til fem språk. I tillegg er det tre NT-språk og det blir arbeidd med å omsetja Bibelen til enno to språk.

Økonomi: GB er inne i ei postindustriell tid der handel og service er dei viktigaste næringsvegane. GB er verdas femte største økonomi. Etter folkerøystinga er GB på veg ut av EU, som dei har vore medlemmer av sidan midten på 1960-talet.

GB er eit parlamentarisk monarki.

GB har vore ein kristen nasjon i langt over tusen år. Den moderne protestantiske misjonsrørsla starta med den engelske baptisten William Carey, og landet si betydning for verdsmisjonen kan knapt overvurderast. Den er enorm. Metodistvekkjinga med John og Charles Wesley på 1700-talet vert rekna som ei av historias aller største og mest betydningsfulle vekkjingar.

Konflikten mellom protestantar og katolikkar har vore eit ope og blødande sår i nasjonen heilt til vår tid. No ser det ut til at Gud slepp til med sin lækjedom.

Men i dag er landa inne i ei postkristen tid der sekularismen overtek meir og meir av folks tru og tanke. 60% bekjenner kristen tru, dei fleste anglikanske, medan 35% er ikkje religiøse. Det er i dag 2 millionar muslimar i GB. Av dei kristne trussamfunna, er det dei pentekostale som har ein viss vekst, og veksten føregår i hovudsak i mellom immigrantar.

  • Be om at Gud reinsar og reiser opp kyrkja si i GB til å bli ein tenleg reidskap for evangeliet. 
  • Be om at kyrkja i GB skal bli velsigna med tydelege, varme, kloke og kraftfulle leiarar.
  • Be om sann einskap mellom kyrkjene i GB.
  • Be om at kunnskapen om Guds herlegdom skal dekka heile landet, og at dei sekulære skal bli overvelda av Gud.
  • Be om at kyrkjene skal fyllast av folk som søkjer Gud, og som lovar og prisar han for hans godleik, stordom og frelse i Jesus Kristus 
  • Be om full forsoning mellom protestantar og katolikkar i Nord-Irland, og at Gud i sin nåde vernar Belfast.
  • Be om kristen vekking i dei muslimske miljøa. 
  • Be om at dei ekstremistiske miljøa blir løyst opp
  • GB er ille plaga av omfattande valdskriminalitet, alkohol og narkotikamisbruk, prostitusjon, seksuell normløyse,   kjønnssjukdomar, spelegalskap, spelegjeld, høge aborttal,  og samanbrot i familiestrukturane, Be om at djevelens planar med nasjonen blir forpurra, at britane vender om til Gud og blir åndeleg revitalisert, til velsigning for heile verda. 
  • Be om at ja til livet-rørsla skal breia om seg og at ufødde barn skal få reelt rettsvern.
  • Be om at evangeliet skal få innflytelse i alle samfunnslag, også i parlamentet, og prega lovgjevinga i landet. 
  • Be om at banda til EU skal løysast lett og smertefritt, og at gode avtalar skal etablerast mellom GB og EU.
  • Be om at kongehuset skal stå fram med ein klår kristen profil også etter dronning Elisabeth si tid.
  • Be om Guds signing over dronning Elisabeth
  • Be om at GB skal bli velsigna med eit sterkt og klokt leiarskap, prega av klåre kristne verdiar.
  • Be om at landet også skal bli velsigna på det økonomiske området.


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...