Cunfolket var opprinneleg Han-kinesarar som immigrerte til Hainan frå fastalandet. Der blanda dei seg med Li-folket. Etter mange hundre år utvikla dei sitt eige språk og sin eigen etniske identitet. Cunfolket er enkle menneske. Dei er svært fattige og går ikkje med klede som seier noko om kven dei er. Dei er for det meste opptekne av at familiane skal ha det bra, og at dyreflokkane deira skal ha stor nok reproduksjon år for år. Dei fleste er animistar, men religion spelar ein heller liten rolle i liva deira. Sjølv om Cun lever i eit nesten totalt åndeleg mørkre og i fornekting, har det vore nokre lyspunkt dei seinare åra. I 1994 gav misjonærar frå Hong Kong bibelundervisning til nokre få av dei, og det med lovande resultat. Cunfolket tel 94000 menneske. Ingen kristen litteratur er tilgjengeleg på Cun-språket.
Kjære Herre Jesus! Sjå i nåde til Cunfolket, og send nokre gode kristne hankinesarar til dei for å læra dei om deg og di frelse på deira eige språk. Må dei som alt kjenner deg leva heilage liv i samfunn med kvarandre, og tena deg i krafta frå Den heilage ande. Må du læra Cunfolket å angra syndene, sanna dei og venda seg bort frå dei og erstatta alt dette med tilgjeving, rettferd og evig liv. Herre, miskunna deg! Amen!
Kristne i Sentral-Asia har dei siste åra hatt større og større vanskar med å samlast til gudsteneste. Dersom dei kjem saman offentleg, kjem dei fort i søkelyset og opplever trakassering. Samlast dei på hemmelege plassar, er det alltid fare for å bli oppdaga. Men no har nokre kvinner i ein hovudstad i eitt av desse lande valt ei heilt ny tilnærming: Dei møtest på kaffibarar og kafèar for å studera Bibelen saman der og be for kvarandre. Dei truande kvinnene har funne ut at det er vanskelegare for styresmaktene å avsløra dei i mengden, enn når dei går for seg sjølv. Denne nye åndelege geriljataktikken er veldig interessant, og kan sikkert fungera også hos oss som ikkje er utsette for direkte forfølging. Kjelde: World Watch Monitor


