Turkanafolket er eit modig krigarfolk som lever som nomadar med krøterflokkane sine. Det vert sagt at dei er dei mest mobile menneska i verda. Dei har ingen hovdingtradisjon. Dei med alder, visdom og talegåver styrer ståket. Ei brur er så dyr at ein mann ikkje kan gifta seg før faren er død, og han har skaffa seg eigne livdyr. Turkanafolket er animistar, dei tolkar draumar og har stor tillit til folk som kan lækja, skaffa vatn og som er flinke til å fortelja. I Etiopia er det berre 39000 av dei, i Kenya over 1 million. Det nye testamentet er tilgjengeleg på turkana, som er språket dei snakkar. Mindre enn 1,2% av dei som bur i Etiopia er kristne. I Kenya derimot har 20% av alle turkanaar ei kristen tru
kjelde: Joshuaproject.net
Kjære Herre Jesus! Kall og send truande turkanaar frå Kenya til Etiopia for å forkynna evangeliet for frendane sine der. Må det opna seg ei dør for evangeliet i dette folket. Tal til dei gjennom draumar. og send kristne til dei med nådegåver til å lækja, gjera mektige gjerningar og tala profetisk inn i liva deira. Fyll dette folket med din kjærleik, og forvandla dei ved Den heilage ande til å bli eit folk som held fred, forkynner fred og fremjar fred. Amen!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar