mandag 22. desember 2014

Zambia





Zambia er meir enn  dobbelt så stort som Noreg i utstrekning, og det bur mellom 13 og 14 millionar menneske der fordelt på 80 folkegrupper som snakkar 72 ulike språk. Folk i Zambia er fattige, 86% lever under FN si fattigdomsgrense, og forventa levealder er kun på 44 år. AIDS og korrupsjon tyner landet ut. Analfabetismen er på 33%, og aukande. Størstedelen av befolkninga, 87%,  tilhøyrer ei kristen kyrkje, og nasjonen vart i 1991 definert som eit kristent land, utan at Guds ord med det har fått trenga særleg langt inn i folkedjupet og skapt reell forvandling. Men landet har i det minste vore spart for øydeleggande krigar.  Av den grunn har det vore ei redning for over 100 000 flyktningar frå omkringliggande land som Kongo, Angola og Zimbanwe. Pga av AIDS-epedemien er det 710 000 foreldrelause barn i Zambia. Av desse lever meir enn 90 000 på gata.
Zambia er, som mange andre afrikanske land, utsette for ein omfattande "hjerneflukt". Flinke folk reiser frå landet for å søka lukka i andre, rikare land. Dette er også ei utarming.
Kjelde: Operation World

Zambia er landet med den store naturen og det rike dyrelivet. Her finn me Victoriafalla, og på savannene jaktar dei store kattedyra.


Bøneemne:

  • Be om leiarar som kan disippelgjera dei truande, kvinner og menn som kjenner Gud og Bibelen, som lever ut kristentrua i kvardagen.
  • Be om kvalitetsfull bibelundervisning som genererer ei djuptgripande åndeleg vekking i kyrkjelydane. Namnekristendom og religionsblanding er snarare regelen enn unnataket.
  • Be om fleire gode fosterforeldre for dei foreldrelause barna
  • Be om gode gudfryktige politiske leiarar som kan føra folket ut av den aukande åndelege og økonomiske krisa
  • Be mot trolldom og hekseri, noko som er svært utbreidt
  • Be mot prostitusjon og promiskuitet, og at AIDS-epedemien slik skal bli kvelt ved at folk begynner å leva reint seksuelt.
  • Be om nåde og frelse for dei mange AIDS-sjuke
  • Be om stopp i hjerneflukten frå landet, og at dei som har reist for å søke lukka andre plassar, vender nasene sine heimover att. 
  • Be om at Gud stoppar framveksten av islam og Jehovas vitner
  • Be om fortgang i arbeidet med å oversetta Bibelen til alle levande språk, og at alle folk skal få høyra evangeliet og kunna lesa Bibelen på hjartespråket sitt.










Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...