Viser innlegg med etiketten shamanisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten shamanisme. Vis alle innlegg

mandag 10. juni 2019

Dagens unådde: Jambi i Indonesia

Kjelde: joshuaproject.net.
Jambifolket lever på Sumatra, i eit område prega av regnskog og store elvesystem. Dei tel omlag 1 million menneske og er av royalt malayisk opphav, noko dei er svært medvitne om og stolte over. Språk: Malayisk og jambi. Religion: Islam, godt blanda med shamanisme og andre ting som tilhøyrer naturreligionane.

Kjære Herre Jesus! Me ber om frelse for jambifolket i Indonesia. Du sona syndene deira for å kunna tilgje dei og setja dei i fridom til å æra og tena deg i all æva. Gode frelsar! Du som betalte så dyrt for deira frelsa, må dei bli nådde med evangeliet. Gje dei Den Heilage Ande slik at dei kan tru på deg og få fred med Gud og evig liv. Fri dei frå islams mange løgner og frå demonane som alltid er så aktive i shamanismen, og gjer dei så audmjuke at dei kan ta imot din nåde. Velsign og beskytt dette folket i ditt eige namn, du som er deira rette konge. 

onsdag 7. juni 2017

Dagens unådde: Tigre i Eritrea

 Tigrefolket i Eritrea tel 1 195 000 mennneske. 95% av dei er muslimar. 0,09% er kristne (0,05% evangeliske). Dei snakkar tigre. Heile Bibelen var ferdig omsett til tigre i 1988. Tigrefolket er anten seminomadar eller bønder. Dei ætta opphaveleg frå Egypt, noko som også kroppsfasongen avslører: Dei er høgreiste, har smale naser og lys brun hud. Det var på 1800-talet dei under innflyting frå arabiske misjonærar, konverterte til islam. I dag praktiserer dei "folkeislam" som er ei blanding av islam og den gamle naturreligionen deira der det er vanleg å driva med dyreofringar for å blidgjera åndene. Dei trur på ei mektig vond ånd som dei kallar Zar. Zar tek bustad i folk og forårsaka ulukke og død. Dei trur at den einaste som kan hjelpa dei mot denne vondskapen er shamanen som kurerer folk og driv åndene ut av dei.

Gode Herre Jesus Kristus! Tigrefolket i Eritrea lever i stummande mørker, og me ber om at du, som er verdas lys, også skal lysa opp deira liv. Løys dei i ditt namn både frå islam og shamanismens lenker, og gje dei den kjærleiken som driv ut all frykt. Gjer tigrefolket til eit kristent folk, ein folk som i sanning er disippelgjort, eit lys for alle på Afrikas Horn. Amen!  


lørdag 20. desember 2014

Dagens unådde: Tuvinianfolket (også kalla Tuvan) i Russland.


Tuvinian er i røynda eit tyrkisk folk (tyrkarane i Tyrika kjem opprinneleg frå Sentral-Asia)som held til i grensaområda mellom Russland og Mongolia. Dei tel 261000 menneske. Historisk har dei levd som nomadar, og flytta frå plass til plass med geitene, sauene, kamelane, reinsdyra, kyrne og yakane sine. Dei har ein rik oral kultur, og er svært poetiske. Dei elskar musikk, og meistrar godt den unike strupesongen, også kalla khoomei. Tradisjonelt er dei animistar og shamanistar, nokre er tibetanske buddhistar, men mange er også ikkje-religiøse. Dei snakkar sitt eige språk; "tuva", og heile Bibelen er tilgjengeleg for dei både i tekst og lyd.  Likeeins Jesusfilmen. Mindre enn 2% av tuvinianefolket kjenner Jesus.

Gode Gud! Send arbeidsfolk ut for å så ordet ditt inn i tuvinianarane, og må din kjærleik bli openberra for dei slik at strengane i sinnet deira vert stemt etter himmelens tonenøkkel, og ein ny song fødd i hjarto deira. Dra føtene deira ut av den djupe gjørma, og set dei inn på fast Kristusgrunn. Må det bli påkrevd for dei å bli kvitt syndene sine slik at dei vert drivne til Jesu Kristi kross for å finna frelse  for sine sjeler og fred med deg, Gud, du som har skapt dei og elskar dei som ei mor sine barn.

Tuvinian, Uriankhai in Russia

søndag 25. januar 2009

Kirgisarane i Kirgisistan


Kirgisarane er etnisk delvis av tyrkisk og delvis av mongolsk opphav (etterkomarar av Dsjengis Kahn). Dei tel vel 3 millionar, og lever på verdas høgste fjellplatå der det kun er 60 snøfrie dagar i året. Tradisjonelt er dei nomadar, men i dag lever dei fleste i byar. Dei tek vel vare på kulturen sin som er svært rik både når det gjeld poesi, musikk og klesdraktar. Dei er stolte muslimar, men kombinerer islam med shamanisme, og når dei er sjuke går dei gjerne til ein shaman for å bli kurert. Dei er slik bundne til dei gudfientlege maktene med sterke band. Om nokre vert kristne, vert dei gjerne isolerte frå familiefellesskapet.
Kjelde: Bethany people profile

Bøn: "Gud Gud, Far i himmelen! Eg ber om at ordet ditt skal nå fram til kirgisarane og setja dei fri frå synda, døden og djevelens makt. Forløys du økonomi til å omsetja heile Bibelen til kirgis, og aus din Ande over folket slik at dei ser avviket sitt og synda si og søkjer å bli forsont med deg ved trua på Jesus. Gje dei som forkynner evangeliet for dei visdom, kjærleik og utrustning til å nå inn til hjarto deira og bryta ned dei åndelege barrierane som dei omgjev seg med. Hjelp misjnærane å finna dei områda i kultur, tradisjon og tankesett der det finst restar av di openberring frå lang tid tilbake. Eg ber om at dei som blir kristne festar djupe røter i Jesus og i Guds ord, blir fylte av Anden og står saman som ei levande, dynamisk og sterk nasjonal kyrkje som haustar inn sitt eige folk i Guds rike. Amen!"

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...