Santalfolket er med sine 8,3 millionar ei av dei største folkegruppene i India.Dei lever i nordaust, og har vore målet for norsk misjon sidan andre halvdel av 1800-talet då Lars Skrefsrud skipa den såkalla Santalmisjonen (no Normisjon) Trass i omfattande misjonsinnsats må me framleis rekna santalane for å vera ei unådd folkegruppe. Mindre enn 2% av dei bekjenner trua på Jesus. Formelt er dei hinduar, men i røynda har dei sitt eige panteon av gudar som dei tilber. På toppen av gudehierarkiet sit Maran Buru. I tillegg har kvar familie sine to eigne gudar, orakbonga (slektsgud) og abgebonga (den hemmelege guden som berre faren og eldste sonen veit namnet på). Bibelen og alle slags hjelpemiddel er tilgjengeleg på santali.
Gode Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! Santalane sit pinn fast i djevelens lenker. Løys dei i Jesu namn! Må Den heilage ande bli aust ut over dei og bryta ned alle festningsverk som hindrar dei å koma ut i Kristi fridom. Må vekkinga koma som eit stormvær inn i dei små santalkyrkjelydane, og derifrå og ut til resten av dette folket. Bøy hjarto deira under ditt, skap syndenød og rop etter frelse frå santalane. Reins kyrkjene frå strid, stoltheit, pengekjærheit og avgudsdyrking, og reis opp ei sann kristen disippelrørsle mellom dei truande. Herre, miskunna deg over dei, amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar