Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
tirsdag 23. desember 2014
Masalitfolket i Chad
Masalitane som bur i Darfur-området er blitt svært fattige etter alle overgrep frå sudanesiske militære og paramilitære soldatar. Dei er blitt fråstolne husdyra sine og heimane og reidslkapane deire er blitt øydelagde. I Chad er det 272000 masalitar, men totalt tel dei 691000. Dei er formelt muslimar, men praktiserer heller gammal naturreligion. Språket deira er masalit. Ingen deler av Bibelen er omsett til dette språket. Det blir meldt om nokre få kristne blant masalitane i Chad.
Herre Jesus! Slik du ein gong kom for å gjesta jorda, må du no gjesta masalitfolket i Chad og i Sudan. Vern dei mot stygge overgrep, og send arbeidsfolka dine ut for å så og hausta i dette folket. Me ber spesielt om at du skal ta vare på dei få truande, slik at dei står fast i alle stormar, blir utrusta med dine gåver, og ivrig vitnar om deg og di frelse for frendane sine. Ber også om at dei skal dyrka tilstrekkeleg med mat for alle, og verna du jordbrukslandet slik at det ikkje vert misbrukt på noko vis.
Gå du fram i Chad og vinn siger i folks liv. Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar