Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
søndag 21. desember 2014
Colombia: Enkja etter myrda evangelist tilgjev mordarane
Den 33 år gamle colombianske evangelisten Pabel vart myrda i slutten av november. Kroppen hans vart funnen i eit fjellområde kalla Paez Indian Territory. To menne er arrestert for ugjerninga, og dei har vedgått skuld.
Kona til Pabel, Kerry, har møtt drapsmennene i fengslet. Ho forklarte dei at Pable alltid hadde lengta til himmelen, men at drapet på han har gjort stor skade for henne og familien. Dei har no ikkje lenger nokon som kan forsørga seg, og dei små barna deira har ikkje lenger nokon far. Likevel sa ho til dei at ho ville tilgje dei, og at ho ville be Gud om også å tilgje dei. "Pabel levde og døydde for Jesus Kristus," seier Kelly til www.persecution.net, og ho under tårer held ho fram med å seia at "livet må gå vidare, og her er eg med flaget klar til å gå vidare med arbeidet. Pabel forkynte aldri for å få vener, men for å frelsa sjeler på slike plassar som dette."
Kjære gode Gud! Du ser den sorga som har råka Kelly og barna, og alle andre som elska Pavel. Kom nær til dei og gje dei den trøysta som berre Du gje, du som har gjennomlevd og erfart alt som kan råka oss av smerte. Takk for alt du fekk gje gjennom Pavel, og me ber om at det verket han starta i Colombia skal bera frukt lenge etter hans død, og vidareførast av Kelly og andre gode truande menneske som ho har rundt seg. Så ber me om at du skal ausa Anden din utover dette sjuke landet og lækja det på alle nivå. Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar