Viser innlegg med etiketten Chad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Chad. Vis alle innlegg

lørdag 11. juli 2026

Dagens unådde: Hemat Baggara i Chad

 


Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgjengeleg i tekst og lyd, likeeins Jesusfilmen. Dei lever som nomadar, og er vanskelege å nå for misjonærar. 

Me ber, gode Gud, at ditt lys skal begynna å skina for Hemat Baggara, at dine tenarar skal nå ut til dei med evangeliet om Jesus, og at dei skal forstå at di frelse er ei gåve dei må ta imot i tru. Takk at dei har tilgang til Bibelen på sitt eige språk, og me ber om at dei skal oppdaga denne fantastiske boka di slik at dei kan seia med folket ditt at "me med glede vil drikka av frelseskjeldene dine!" Amen! 

Kjelde: joshuaproject.net

mandag 14. januar 2019

Baggarafolket i Chad


Folketal: 2 930 000. Over 99% er muslimar. Det er registrert 0,5% kristne. 0,4% er evangelikale. Baggara snakkar arabisk (chaddialekt).

Chad er eit av dei fattigaste landa på jorda. Analfabetismen er svært høg. Dei fleste innafor baggarastamma er nomadar, men nokre bur i byar. Chad er eit vanskeleg land med tanke på misjon, og det krevst hard arbeid for å få fullført misjonsoppdraget i denne nasjonen. Nigerianske truande kan i så måte koma til å spela ei nøkkelrolle.

Gode, allmektige Gud og Far. Sjå i nåde til baggarafolket i Chad. Gjer Jesus kjent for dei. Driv arbeidsfolk ut til din haust. Styrk dei små kristne gruppene, og lat dei vera såkorn i folket sitt, menneske som skaper nytt liv rundt seg over alt der dei bevegar seg. Må du stimulera folket sin lyst til å læra seg å lesa og skriva slik at dei kan lesa ordet ditt på sitt eige språk. Må du velsigna dei med gode beitemarker for dyra, må din fred innta dei, og løft dei opp åndeleg, etisk, økonomisk og kulturelt, og må di kyrkja bli planta i dette folket som eit mektig tre i din hage. Amen!

Map of Baggara, Shuwa Arab in Chad

tirsdag 23. desember 2014

Masalitfolket i Chad


Masalitane som bur i Darfur-området er blitt svært fattige etter alle overgrep frå sudanesiske militære og paramilitære soldatar.   Dei er blitt fråstolne husdyra sine og heimane og reidslkapane deire er blitt øydelagde. I Chad er det 272000 masalitar, men totalt tel dei 691000. Dei er formelt muslimar, men praktiserer heller gammal naturreligion. Språket deira er masalit. Ingen deler av Bibelen er omsett til dette språket. Det blir meldt om nokre få kristne blant masalitane i Chad.

Herre Jesus! Slik du ein gong kom for å gjesta jorda, må du no gjesta masalitfolket i Chad og i Sudan. Vern dei mot stygge overgrep, og send arbeidsfolka dine ut for å så og hausta i dette folket. Me ber spesielt om at du skal ta vare på dei få truande, slik at dei står fast i alle stormar, blir utrusta med dine gåver, og ivrig vitnar om deg og di frelse for frendane sine. Ber også om at dei skal dyrka tilstrekkeleg med mat for alle, og verna du jordbrukslandet slik at det ikkje vert misbrukt på noko vis.
Gå du fram i Chad og vinn siger i folks liv. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...