Viser innlegg med etiketten Kenya. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kenya. Vis alle innlegg

tirsdag 13. januar 2015

Dagens unådde: Ilchamusfolket i Kenya


Ilchamusfolket er eit Maafolk som lever sør og søraust for Baringosjøen. Det er berre 36000 av dei. Samfunnet er hierarkisk, mannsdominert, fattig og dei fleste manglar grunnutdanning og kan dårleg lesa. Evangeliet må i stor grad koma til dei i munnleg form. Folket lever av å fiska frå små båtar laga av balsatre. Dei er forøvrig ivrige etter å læra nye ting som kan gjera liva deira lettare. Når det gjeld religion, så er dei animistar. Deler av Bibelen er omsett til samburu, som er det språket dei snakkar. Jesusfilmen er tilgjengeleg, og likeeins NT i lydformat.

Gode Far i himmelen! Me ber i dag om at ilchamusfolket i Kenya ,gjennom gode kenyanske kristne, skal få møta din kjærleik i Jesus Kristus og bli motivert ved Anden til å ta imot di frelse som ei fri og gratis gåve. Løft dette folket opp slik at dei ikkje berre lærer nye ting for å få betre livsvilkår, men for å bli kjent med deg, du som som skapte himmel og jord, og få bringa di ære til andre menneske. Fri dei frå djevelens makt og løgner slik at dei skundar seg til deg for å legga av synda som så lenge har hengt så fast ved dei. Vekk dei opp frå dei døde til eit nytt liv i Jesus Kristus, og etabler ei sterk ilchamuskyrkje som kan vera eit åndeleg kraftsenter for mange andre folk i det området der dei bur. Amen!

fredag 19. desember 2014

Turkanafolket i Etiopia

 
Turkanafolket er eit modig krigarfolk som lever som nomadar med krøterflokkane sine. Det vert sagt at dei er dei mest mobile menneska i verda. Dei har ingen hovdingtradisjon. Dei med alder, visdom og talegåver styrer ståket. Ei brur er så dyr at ein mann ikkje kan gifta seg før faren er død, og han har skaffa seg eigne livdyr. Turkanafolket er animistar, dei tolkar draumar og har stor tillit til folk som kan lækja, skaffa vatn og som er flinke til å fortelja.  I Etiopia er det berre 39000 av dei, i Kenya over 1 million. Det nye testamentet er tilgjengeleg på turkana, som er språket dei snakkar. Mindre enn 1,2% av dei som bur i Etiopia er kristne. I Kenya derimot har 20% av alle turkanaar ei kristen tru
kjelde: Joshuaproject.net

Kjære Herre Jesus! Kall og send truande turkanaar frå Kenya til Etiopia for å forkynna evangeliet for frendane sine der. Må det opna seg ei dør for evangeliet i dette folket. Tal til dei gjennom draumar. og send kristne til dei med nådegåver til å lækja, gjera mektige gjerningar og tala profetisk inn i liva deira. Fyll dette folket med din kjærleik, og forvandla dei ved Den heilage ande til å bli eit folk som held fred, forkynner fred og fremjar fred. Amen! 

lørdag 26. juli 2014

Mange kristne drepne i Kenya sist månad

Me tenkjer vanlegvis på Kenya som eit fredeleg land for kristne å leva i. Og stort sett er det sant. Men ting endrar seg. Den 15.juni vart 65 truande drepne i landsbyen Mkepeton. Dette melder www.persecution.net. 50 væpna menn frå den somalisk- islamistiske gruppa Al Shabab storma landsbyen og drog med seg menn, kvinner og barn. Kvinner og barn vart sette fri. Mennene fekk spørsmål om dei var kristne eller muslimar. Dei som svara at dei var kristne, vart skotne på staden.

Den 5.juli dukka mordarane opp i ein nabolandsby. Der drap dei 13 kristne.

Den 7 juli vart Joseph Kangethe og Kenda Masha brent inne i ei kyrkje etter ei bibelgruppesamling. Dei andre i gruppa hadde flykta. Dei to som no er døde prøve å gøyma seg i kyrkja, men islamistane sette berre fyr på henne.

Kjære Gud og Far! Det fell ikkje ein spurv til jorda utan din kontroll. Trøysta dei kristne i Kenya med desse orda, og set mot i dei slik at dei enno ivrigare enn før forkynner evangeliet til høge og låge, svarte og kvite, vener og fiendar. Me ber om at dei kenyanske styresmaktene skal ta plikta si til å verna innbyggjarane sine mot vonde menneske på ramme alvor, og ver du eit vern for dei alle. Me går i Jesu namn imot alle som prøver å knusa di kyrkje med vald og makt. Må du senda ei avmaktsånd over dei slik at dei ikkje kan gjennomføra sine dødelege planar, men sjølve falla i dei grøftene dei grev for andre. I Jesu namn! Amen! 

Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...