Foto og tekst: joshuaproject.net |
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Foto og tekst: joshuaproject.net |
Bilde og tekst: operationworld.org |
Gode Gud og Far! Me takkar deg for kyrkja i India, og den framgang som ditt rike har hatt i dette landet dei siste åra. No ber me, i Jesu namn, om at all den motstand dei truande møter ikkje skal skremma dei til togn. Fyll dei med Ande og kraft slik at dei forkynner med frimot midt i alle dei vanskane som styresmaktene legg i deira veg. Så ber me om at denne fråsegna som no er sendt til styresmaktene skal gjera så pass inntrykk av dei endrar kurs, og forstår at dei som demokratisk stat må vaka over menneskerettane om dei skal bli rekna med i det gode selskap.
Øyriket Tonga i stillehavet har vel 106000 innbyggjarar. 95% er kristne.
Landet har ein sterk kristen tradisjon, og kyrkjene sender stadig ut mange
misjonærar i alle retningar. Hovudstad er Nuku`alofa. Tonga er eit
konstitusjonelt monarki. Av 171 øyar bur det folk på 45 av dei.
Foto: Kerry Olson |
Kotokoli er i hovudsak bønder som driv med husdyr og som dyrkar mange ulike vekstar. Tradisjonelt har dei også drive handel. Dei har sitt opphav i det som i dag er Burkina Faso, men flytta sørover på 1600-talet.
Kotokoli har dessutan ein framifrå musikalsk åre. Denne har resultert i mange og lange songar om gamle heltar som dei framfører både titt og ofte.
Kotokoli treng langtidsmisjonærar, både forkynnarar og folk med medisinsk kompetanse som kan gje hjelp til dei mange sjuke. Det er også trong for lærarar og hjelpearbeidarar av ulike slag.
Far i himmelen! Du lengtar etter at Kotokolifolket skal koma heim til deg, du som skapte dei og forma dei på så mange vis. Kall, inspirer og utrust kyrkja di i Togo og i andre land til misjonsinnsats retta mot dette folket. Aus Anden din ut over dei slik at dei ser sine synder, og forstår at dei må venda om til Jesus for å få evig liv og barnekår hos deg. Me ber om at det skal etablerast kristne skular som kan gje barna deira grunnopplæring og utdanning. Må dei sjuke i dette folket møta di lækjande kraft både gjennom forbøn og gjennom medisinsk hjelp. Må det bli grunnlagt ei sterk og levande kotokolikyrkje som er som ein lysande by på eit fjell, ein by som ikkje kan løynast. Herre Jesus! Du som byggjer di kyrkje, bygg kyrkja di også i dette folket. Amen!
Kjelde: joshuaproject.net
Be om at alle desse folkegruppene også må få ein sjanse til å
bli kjende med Jesus, at han skal setja dei fri frå åndsmakter som dominerer
liva deira, og at dei må få evangeliet presentert for seg på sine eigne
morsmål. Be om at det må bli fart i å oversetja Bibelen til alle levande språk
i dette området.
I 2002 bestemte eritreiske styresmakter at berre fire trussamfunn skulle vera lovlege i landet. Det var den eritreisk ortodokse kyrkja, den romersk katolske kyrkja, den lutherske kyrkja forutan sunni islam, ei bestemming som har påført dei mange pinsevenene i landet ufattelege lidingar. Men den siste tida har også romersk katolske biskopar som kritiserer styresmaktene for manglande demokrati, kome i søkelyset, og nyleg vart tre katolske geistlige arresterte og fengsla. 11.oktober: Mihretab Stefanos, sokneprest i St Mikaelskyrkja Segheneity, 12.oktober: Abba Abraham Habton Gebremaiam, ein prest i Teseney og til slutt Abune Fikremariam Hagos som er biskop i Segheneity som vart arrestert den 15.oktober på flyplassen i Asmara etter ein tur til Europa. Abba Abraham veit me sit i Adi Abeito fengselet i Asmara. Truleg er dei to andre også der. Men ingen veit sikkert.
Herre Jesus Kristus! Me ber i dag i ditt namn for alle kristne i Eritrea som er fengsla fordi dei trur på deg og vitnar om deg. Styrk dei med ditt nærvær og din nåde. Me ber om rettferd for desse, og me ber om at dei, og dei tre katolske geistlige som no er arresterte snarleg skal setjast fri. Så ber me om at du skal røra ved hjarto til dei som styrer dette landet slik at dei vert totalt forvandla av din kjærleik, vender om frå sin urett og begynner å respektera folk sine grunnleggjande menneskerettar.
Thailand betyr "det frie landet". Dei har aldri vore underlagt framande makter. Men trass i at thailendarane går for å vera smilets folk, er dei underlagt mørkets makter, bundne som dei er av buddhisme, fedredyrking, okkultisme og mange synder.
Be om at thailendarane må få oppleva og erfara Guds barns fridom i Jesus Kristus, og at ei bølge av vekkjing skal koma over landet.
Kyrkja i Thailand har aldri fått eit genuint thai-uttrykk. Difor opplevest evangeliet og kristendomen framand for vanlege thailendarar.
Be om at evangeliet skal bli presentert for thailendarane på ein måte som kommuniserer med dei, og som ikkje er hefta med vestleg kultur.
Be også om at det må fostrast fram sterke leiarar frå thaifolket i kyrkjelydane, at thai-sauene får thai-gjetarar.
Sexindustrien i Bangkok, Pittaya, Pukhet og Hat Yai er formidabel. Rundt rekna 10% av turistinntektene kjem frå denne skitne verksemda som førerer titusenvis av fattige jenter inn det mest nedverdigande livet me kan tenkja oss, eit liv som ofte endar i ein altfor tidleg død.
Be om at Herren effektivt må setja ein stoppar for denne businessen, og be om fridom, framtid og håp for alle sexslavar i landet. Be også om at dei som kjøper desse tenestene må kjenna på ei djup skam, venda om frå sine synder og søka nåde og frelse hos Jesus. Styresmaktene er i prinsippet imot sexhandelen, men i praksis støttar dei svineriet. Be om at dette skal endra seg slik at dei set inn dei tiltaka som er naudsynte for å beskytta sin eigen befolkning mot kidnappingar, misbruk og grovt slaveri.
Det er over ein million barnearbeidarar i Thailand. Barnas rettar vert dagleg krenka på det grovaste.
Be om at det må bli sett ein stoppar for barnearbeidet i landet slik at dei unge kan gå på skule og få seg skikkeleg utdanning.
Med 700 000 smitta er HIV eit stort problem i Thailand.
Be om nåde og lækjedom for dei smitta, og be om at thailendarane må sjå samanhengen mellom denne sjukdomen og måten dei lever på, og læra seg å leva i trufaste ekteskap.
Be om at kyrkja på finna ein god strategi med tanke på å nå dei 300 000 buddhistmunkane i landet.
Det er 1,2 millionar flyktningar frå Myanmar i landet. Mange av barnearbeidarane og sexslavane vert rekruttert frå desse ulukkelege menneska som elles må leva heile liva sine i lukka flyktningeleirar. Mange kjem frå kristne folkegrupper som Karen, Chin og Shan.
Be om styresmaktene må ta FN som flyktningekonvensjon på alvor og gje flyktningane menneskeverdig behandling. Be om at Herren skal gje desse stakkars menneska framtid og håp, og at han skal beskytta dei mot menneske som berre vil dei vondt. Be om at det må opna seg vegar for dei ut av leirane og til ei betre framtid i andre land.
Det er 5,3 millionar muslimar i Thailand, 600 000 berre i Bangkok.
Be for muslimane, at kyrkja skal utvikla ein effektiv misjonsstrategi med tanke på å nå dei med evangeliet, og be om at Guds ord må råka dei i hjarta, og at Anden skal stadfesta Ordet med under og teikn som utvetydig stadfestar for dei at Jesus Kristus er Herre, og at det er Han dei må tru på for å bli frelst.
Kjelde: operationworld.org
Herre, i Salme 117 oppfordrar du
alle folk til å prisa deg. Lat denne oppfordringa trenga seg djupt inn i zaramohjarto
slik at dei snur seg bort frå allah og tillitsfullt overgjev liva sine til deg,
du som har betalt så dyrt for deira frelse.
Sverige har ein rik åndeleg historie med massive vekkingar på
1800 og 1900-talet som førte til ein enorm misjonsinnsats. Men etter krigen har sekulariseringa vore
massiv, og i dag er det berre 23% som trur på ein personleg Gud. Folk i Sverige
ser på komfort, underhaldning og individuell fridom som sine viktigaste
verdiar. Den svenske kyrkja er alvorleg sveikka av liberal og bibelkritisk
teologi, ein tendens som langsamt også bevegar seg inn i frikyrkjene. Det siste
no er pastor Niklas Piensoho i pinsekyrkja Filadelfia i Stockholm som meiner at
kyrkjelydane må opna for moralsk høgverdig homofili og avvisa den meir umoralske
utgåva, alt utan å syna til eitt einaste bibelvers til støtte for synet sitt.
Sverige har hatt stor innvandring gjennom mange år, og
integreringstiltaka har mislukkast. Det har resultert i vanvittig mykje
alvorleg kriminalitet.
Det austerikske overvakningsorganet
«The Observatory on Intolerance and Discrimination against Christians in Europe
(OIDAC)» påviste at Sverige er eitt av dei fem landa i Europa der det er
vanskelegast å vera kristen. Kanselleringskulturen er omfattande, noko som har
resultert i at ein advokat som Ruth Nordstrøm blir rekna som «person non grata»
i landet fordi ho har ført rettsleg forsvart for jordmødre som av samvitsgrunnar nekta å vera med på
abortinngrep, og som av den grunn vart oppsagde frå jobbane sine. Les meir her: https://www.dagen.no/meninger/sverige-et-verstingland-for-kristne/
Sverige er eitt av dei landa i verda som, saman med Noreg, er
komne lengst i å fjerna biologisk kjønn som ein juridisk kategori. Normkritikk
er den store greia no, og då er det kritikk av gamle normer som handlar om at
menneske er kvinne og mann, og at sex tilhøyrer ekteskapet. No er det snart
berre snakk om at kjønn er ein sosial konstruksjon, at det er flytande og at
alle kan velja mellom mange titals merkelege kategoriar som ingen har høyrt om
før.
Be om at det skal stå fram nye kristne leiarar med rik
åndsutrustning, leiarar har forstand til å formidla Guds ord med kraft til det
svenske folket.
Be om at det svenske folket skal oppdaga at komfort,
underhaldning og individuell fridom er tomme verdiar dersom dei ikkje kjenner
Gud.
Be om at kristne leiarar må venda om til Bibelen som Guds
ord, og slutta å formidla sine eigne tomme tankar.
Be om ei nasjonal vekking som berører alle lag av folket i
landet.
Be om at Gud må intervenera i innvandrarmiljøa, frelsa frå
synd og dempa spenningar og gemytter, og setja ein stoppar for alle
gjengkrigane som til eikvar tid rasar i dei store byane, og som skremmer livet
av vanlege folk.
Be om at Gud skal la skodda som har seinka seg over kjønns og samlivssektoren lettar slik at unge menneske igjen kan finna fram i dette viktige landskapet.
Far i himmelen! Me ber om frelse og fred for den avdelingen av det kjære folket ditt som bur i Sverige. Må dei få sjå Jesus som den frelsar han er for dei, og ta imot han i hjarto sine og bli dine nådebarn. Herre, velsign dei, bevar dei, lat ditt andlet lysa over dei og ver dei nådig, me ber i Jesu namn. Amen!
Under den pågåande borgarkrigen har 92 kristne kyrkjer og utdanningssenter blitt øydelagde av regjeringsstyrkar. Siste åtaket skjedde 3.november på Kachin teologiske seminar. Fire kristne menn vart såra. Det var ingen andre krigshandlingar i området, noko som tyder på at åtaket var planlagt.
Herre! Me ropar til deg om lækjedom for dei fire som vart skada av dette åtaket, og for våre lidande søsken i Myanmar, at du skal styrka dei til å bera krossen sin i denne vanskelege tida, og gje dei det vernet dei treng mot menn som vil dei vondt. Hald motet opp hos dei slik at dei ikkje sluttar å vitna om deg trass i lidingane som blir påførte dei. Amen!
Folketal: 32 000
Religion: Etnisk
Kristne: 4%
Evangelisk kristne: 0,8%
Språk: Saramaccan (blanding av engelsk, portugisisk og Vest-Afrikanske språk)
Saramaccan
er etterkomarar etter slavar som klarta å rømma frå «eigarane» sine på 17 og
1800-talet. I 2007 fekk dei etter ein hard juridisk kamp sikra seg retten til
det landområdet som dei bur på. Dei tilber forfedrar og slangeånder.
Gode Gud
og Far! Aus Anden din ut over saramaccanfolket slik at dei kan bli løyste frå
demoniske makter, forkasta avgudane sine, venda om til Jesus og bli frelst. Må
det bli grunnlagt ei sterk og frimodig evangelisk saramaccankyrkje som kan vera
som ein godt synleg by på ein høgde som folk kan søka ly i. Amen!
CIA world factbook |
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....