Viser innlegg med etiketten Tanzania. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tanzania. Vis alle innlegg

mandag 17. november 2025

Tanzania

 

Kart: Britannica

Folketal: 70,6 millionar. Hovudstad: Dar es Salaam. Styresett: Republikk. Språk: Swahili.  54,1% er kristne. 17.1% evangeliske. Eit stort kyrkjeplantingsprosjekt resulterer i stor vekst for alle kyrkjesamfunn. 
  • Be om at Guds herlegdom skal dekka heile landet slik havet dekker havbotnen, at kyrkjer blir planta og evangeliet blir forkynt i alle byar og landsbyar. 
  • 51 språk har ingen bibel. 32 berre deler av han. Be om at oversettingsarbeidet skyt skikkeleg fart. 
  • Korrupsjonen er ekstrem. Be om at alle som er posisjone til å grava til seg sjølv skal få ei djup forståing av at Gud vil halda dei ansvarlege for alle former som bedrageri. 
  • Be om politiske leiarar med gudsfrykt og høg moralsk integritet.
  • Be om eit rettferdig lovverk, og eit godt fungerande rettssystem
  • Be om at evangeliet skal bli forkynt for den forsømte muslimske befolkninga langs kysten og på den gamle slaveøya Zansibar. Dei muslimske folkegruppene her veks fort. 
  • Tanzania har ein ung befolkning. Be om gode opplæringsprogram retta mot barn og unge. 
  • Halvparten av befolkninga tilhøyrer ei kristen kyrkje. Men berre 8% er aktive kristne. Be om at nye kristne må bli skikkeleg disippelgjort, ført inn i fellesskapet, inspirerte til å leva for Jesus og utrusta til å leva misjonale liv. 

torsdag 17. november 2022

Dagens unådde: Zaramo i Tanzania

 


Det er 1 369 000 zaramoar i Tanzania. Dei er muslimar og snakkar sitt eige språk. Det føreligg ei oversetting av NT til zaramo. Men Guds ord har ikkje smelta hjarto deira enno, og dei er harde og fientlege mot evangeliet om Jesus og mot dei som forkynner det. Her trengst det uthaldande bøn frå mange.

 

Herre, i Salme 117 oppfordrar du alle folk til å prisa deg. Lat denne oppfordringa trenga seg djupt inn i zaramohjarto slik at dei snur seg bort frå allah og tillitsfullt overgjev liva sine til deg, du som har betalt så dyrt for deira frelse.




Kjelde: joshuaproject.net

 

 

 

 


Det bur 61 500 000 i landet fordelt på 150 folkegrupper som snakkar 127 språk. Offisielt språk er swahili og engelsk. 54,1% er kristne. 17% evangeliske. Resten er anten muslimar eller animistar. 
Dodoma er offisiell hovudstad, men Dar es Salam er den reelle hovudstaden. 

Tanzania er ei øy av fred mellom nasjonar prega av uro og brogarkrigar. Landet husar over ein million flyktningar frå nabolanda, og fungerer som ein base for kristen teneste i regionen. Likevel, hekseri blandar seg stadig inn i trua til folk, og overtru og okkultisme har store kostnader og fører ofte til seksuelle overgrep, og i verste fall fører denne praksisen til død for dei som tek del i det. 

Be om at styresmaktene må vera modige nok til å konfronterer det vonde, og at dei får visdom til å leida folket slik at alle kan leva fredeleg saman samstundes som dei tek vare på dei grunnleggjande menneskerettane. 

Den evangeliske befolkninga vaks frå 2,4 millinoar i 1990 til 9 millionar i 2020. Det er ei sterk kyrkjeplantingsrørsle som pregar både lutheranarar, pinsevener og andre kyrkjer som er initiert av afrikanarane sjølv. 

Takk Gud for den iveren dei truande syner etter å vinna sine medmenneske for Kristus og planta nye kyrkjelydar over heile landet. 

Fattigdomen er stor, og dei som gjer teneste i Tanzania må tenkja både på timelege og åndelege behov. Det er snakk om helse, reint vatn, utdanning og utvikling av jordbruket. Den lokale korrupsjonen i er høg og øydeleggjande. 

Be om folk må bli møtt både på sine åndelege og timelege behov, og at kyrkja skal vera på offensiven i så måte. 

Be om at dei som styrer og steller i dette landet må få Guds lys kasta inn over liva sine slik at dei kan ta eit oppgjer med økonomisk uærlegdom, og alt som handlar om at dei brukar makt til eigen fordel. 

Be om at dei kristne i Tanzania må bli disippelgjort, og at kyrkjeplantingsiveren må følgjast av ein enno større iver etter å sjå nye kristne disippelgjort.  Berre 8% av dei truande er menighetskristne, og berre ein del av desse lever som Kristi sanne disiplar. 

Muslimane langs kysten er dei minst evangeliserte, og ber på ein vond arv etter hundreår med arabisk slavehandel som hadde sitt senter på Zanzibar (der Aril Edvardsen var då han døydde for 10 år sidan). 

Be om at det skal bryta ut eit mektig Andens vær over muslimane som bur i Tanzania sine kystområde, at dei skal bli løyste frå gamal djevelskap og frå islams tjukke lenker. 

Dei fleste språka har bibeloversetting på eitt eller anna nivå, mange prosjekt er nett påbegynt og andre må venta.

Be om ein snarleg oppstart av bibeloversetting i alle attverande språk. 

kjelde: operationworld.org



søndag 22. mai 2016

Kyrkjer brenn i Tanzania



Dei siste månadane er det sett fyr på 13 kyrkjer i det nordvestre hjørna av Tanzania, på kartet innringa med raudt.  Den siste brannen var 2.mai.  Ingen av brannane er blitt oppklarte. I Tanzania bur det 39 millionar menneske. 30% er kristne, 35% muslimar og 35% dyrkar etniske religionar. Kampen om Afrika er følbar her.

Be Gud om å beskytta dei kristne i Tanzania mot fleire brannar og annan overlast. 





lørdag 18. juli 2009

Mushunguli i Somalia

Mushungulifolket bur i Sør-Somalia. Fordedrane deira var slavar i Nord Tanzania, men flykta frå herrane sine i 1840. Men pga slavefortida si, vert dei sett ned på av andre somaliarar. Dei er bønder, og utgjer ein eigen klan i det utpinte somaliske folket.
Dei tel omlag 50000 personar.

Det skal vera nokre få kristne mushunguliar.

Bøn: "Herre, me ber om at dei få kristne mushunguliane skal finna kvarnandre og etablera eit fellesskap der dei hjelper kvarandre trufast å følgja deg. Me ber om at du auser din godleik utover dette folket, skaper tru i dei, frir dei frå synd, skuld og skam, stadfester deira evige verdi og lækjer dei djupt skada sjelene deira. Sjå i nåde til Somalia og samla folka der under eit rettferdig og godt styre. Herre, miskunna deg! Amen!"

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...