I 2002 bestemte eritreiske styresmakter at berre fire trussamfunn skulle vera lovlege i landet. Det var den eritreisk ortodokse kyrkja, den romersk katolske kyrkja, den lutherske kyrkja forutan sunni islam, ei bestemming som har påført dei mange pinsevenene i landet ufattelege lidingar. Men den siste tida har også romersk katolske biskopar som kritiserer styresmaktene for manglande demokrati, kome i søkelyset, og nyleg vart tre katolske geistlige arresterte og fengsla. 11.oktober: Mihretab Stefanos, sokneprest i St Mikaelskyrkja Segheneity, 12.oktober: Abba Abraham Habton Gebremaiam, ein prest i Teseney og til slutt Abune Fikremariam Hagos som er biskop i Segheneity som vart arrestert den 15.oktober på flyplassen i Asmara etter ein tur til Europa. Abba Abraham veit me sit i Adi Abeito fengselet i Asmara. Truleg er dei to andre også der. Men ingen veit sikkert.
Herre Jesus Kristus! Me ber i dag i ditt namn for alle kristne i Eritrea som er fengsla fordi dei trur på deg og vitnar om deg. Styrk dei med ditt nærvær og din nåde. Me ber om rettferd for desse, og me ber om at dei, og dei tre katolske geistlige som no er arresterte snarleg skal setjast fri. Så ber me om at du skal røra ved hjarto til dei som styrer dette landet slik at dei vert totalt forvandla av din kjærleik, vender om frå sin urett og begynner å respektera folk sine grunnleggjande menneskerettar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar