Viser innlegg med etiketten Lomè. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lomè. Vis alle innlegg

fredag 21. november 2025

Dagens nasjon: Togo

 

Kart: Operation world
Kjelde: Operation World

Togo har rundt 10 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Lomè. Landet er i prinsippet ein republikk med parlamentarsik demokrati, men i realiteten har landet vore styrt av eit familiedynasti i 50 år. Det er ein djup konflikt mellom folk i nord og sør. 45% av befolkninga er kristne. Dei fleste katolikkar. 10,7% er evangeliske. Fattigdomen er stor. 300 000 barn er foreldrelause. Mange kvinner livnærer seg gjennom prostitusjon.
Offisielt språk er fransk. Lokale språk: 43. Folkegrupper: 56. 8 av dei er unådde.  

Be om at dette landet skal få nye leiarar som fryktar Gud og har folket sitt beste for auga.
Be om vekking og fornying i alle lokale kyrkjelydar. Det har stagnert sidan 1990. 
Be om ein klar misjonsvisjon for landet hos dei kristne, og særleg hos leiarane
Be om einskap mellom dei kristne
Be om vekking over heile landet, og i alle folkegrupper
Be om av naudsynte bibeloversettingsprogram skal setjast i gong
Be om ein kraftig moralsk opprustning av folket
Be om at prostitusjonen skal ta slutt
Be om at foreldralause skal få seg heimar å bu i.
Be om gode skular for barna, og utdanningsprogram for dei unge.
Be om eit oppegåande helsevesen



mandag 21. november 2022

Togo

 


Togo har 8 478 242 innbyggjarar fordelt på 58 folkegrupper som snakkar 43 ulike språk. Dette er ein tidlegare fransk koloni, og fransk er framleis administrasjonsspråket. Hovudstaden er Lomè. Togo er eit fattig land, og berre 64% kan lesa og skriva. 45,4% er kristne. 10,7% er evangeliske. 17% er uevangelisert. 

Det er store spenningar mellom dei som bur i sør og dei som bur lenger nord. 

Be om at Gud bryt ned all bitterhet mellom sør og nord, og at han styrkjer den nasjonale einskapen. Be om at landet i val får gode leiarar som alle kan stilla seg bak.

Fattigdomen gjer foreldralause barn  (det er 300 000 foreldrelause barn der, noko som truleg relaterer seg til AIDS-dødsfall) svært sårbare for menneskehandel og prostitusjon, som det er mykje av. 

Be om at trygge vaksne tek ansvar for dei foreldrelause barna, og vernar dei mot den vondskapen som dei kan bli, og blir, utsette for. Be om at alle barn må få gå på skule, læra seg å lesa og skriva, og få den grunnopplæring som er naudsynt for å klara seg i eit ulvesamfunn. 

Be om at alle kvinner som er fanga i sex-slaveri må bli ført ut av denne nedverdigande tilstanden, og  at all menneskahandel og prostitusjon må bli forbode. 

Evangeliet går fram steg for steg i Togo gjennom misjon frå vestlege land, og frå Ghana og Nigeria. Likevel er det forunderleg og sjokkerande få misjonærar i dette vidopne landet der det ikkje er nokon grenser for kva ein kan driva på med av kyrkjeplanting, disippelskap og hjelpearbeid av ulikt slag. 

Be om ny misjonsinnsats frå mange hald i Togo, og at det må veksa fram sterke innfødde kyrkjelydar med sann og solid bibelsk forkynning, og med visjonære leiarar som disippelgjer dei truande og plantar nye kyrkjelydar der evangeliet enno ikkje er kjent. 

Avgudsdyrking, okkultisme og  voodoo har stor innflytelse langt inn i kyrkja. 

Be om at Gud reiser opp leiarar som tek eit oppgjer med denne vondskapen, og som har autoritet til å fordriva dei demoniske maktene i Jesu namn, og at Jesus må reinsa kyrkja si for djupe kulturelle synder knytta opp til gamle åndsmakter som lenge var einerådande i kulturen. 

Islam veks fort fram i Togo, og skulane i landet er i stor grad styrte av muslimar. Oljerike arabiske statar pøser inn pengar i landet, og byggjer opp moskear og islamske senter over alt der dei hjelper fattige folk med livsnaudsynte ting. Det fører ein straum av menneske inn i islamsk tru. 

Be om at kyrkja må få nåde og kraft til å avsløra islams mange løgner, og om at evangeliet skal overvinna islams lære i folks sinn. 

Be om at kristne, etter Jesu ord og føredøme, må aktivt ta ansvar for dei fattige og svoltne dei også. 

Be om at under og teikn skal følgja dei kristne over alt der dei bevegar seg. 

Kristne skuggar unna misjon mellom muslimar. Det er 13 store muslimske folkegrupper som må reknast som heilt unådde. 

Be om at Jesus skal syna seg for muslimane på overnaturleg måte, og at kyrkja må ta misjonsoppdraget på alvor og gjera eit seriøst arbeid for å nå dei muslimske folkegruppene med evangeliet om Jesus Kristus. 

Togo og Benin er dei landa i Afrika som har størst prosentvis unådde animistiske stammer. 

Be om at alle desse folkegruppene også må få ein sjanse til å bli kjende med Jesus, at han skal setja dei fri frå åndsmakter som dominerer liva deira, og at dei må få evangeliet presentert for seg på sine eigne morsmål. Be om at det må bli fart i å oversetja Bibelen til alle levande språk i dette området.

 Kjelde: operationworld.org


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...