Viser innlegg med etiketten Benin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Benin. Vis alle innlegg

torsdag 9. oktober 2025

Dendifolket i Benin

 Dendifolket tel 329 000 menneske. 0,07% er kristne. Resten er muslimar. I tillegg til muslimske ritualer, praktiserer dei også animisme og trolldom. Det er mykje åndsbesettelse mellom dei som ein følgje av okkulte praksisar. 

Gode Jesus! Dendifolket treng å bli frelst frå sine synder, frå døden og djevelens makt. Må tida vera inne for dette no. Send arbeidsfolk ut til din haust, og gje dei den åndsutrustning som dei treng for å lukkast med å bringa den nye dagen inn i desse menneska sine liv. Amen! 








mandag 21. november 2022

Togo

 


Togo har 8 478 242 innbyggjarar fordelt på 58 folkegrupper som snakkar 43 ulike språk. Dette er ein tidlegare fransk koloni, og fransk er framleis administrasjonsspråket. Hovudstaden er Lomè. Togo er eit fattig land, og berre 64% kan lesa og skriva. 45,4% er kristne. 10,7% er evangeliske. 17% er uevangelisert. 

Det er store spenningar mellom dei som bur i sør og dei som bur lenger nord. 

Be om at Gud bryt ned all bitterhet mellom sør og nord, og at han styrkjer den nasjonale einskapen. Be om at landet i val får gode leiarar som alle kan stilla seg bak.

Fattigdomen gjer foreldralause barn  (det er 300 000 foreldrelause barn der, noko som truleg relaterer seg til AIDS-dødsfall) svært sårbare for menneskehandel og prostitusjon, som det er mykje av. 

Be om at trygge vaksne tek ansvar for dei foreldrelause barna, og vernar dei mot den vondskapen som dei kan bli, og blir, utsette for. Be om at alle barn må få gå på skule, læra seg å lesa og skriva, og få den grunnopplæring som er naudsynt for å klara seg i eit ulvesamfunn. 

Be om at alle kvinner som er fanga i sex-slaveri må bli ført ut av denne nedverdigande tilstanden, og  at all menneskahandel og prostitusjon må bli forbode. 

Evangeliet går fram steg for steg i Togo gjennom misjon frå vestlege land, og frå Ghana og Nigeria. Likevel er det forunderleg og sjokkerande få misjonærar i dette vidopne landet der det ikkje er nokon grenser for kva ein kan driva på med av kyrkjeplanting, disippelskap og hjelpearbeid av ulikt slag. 

Be om ny misjonsinnsats frå mange hald i Togo, og at det må veksa fram sterke innfødde kyrkjelydar med sann og solid bibelsk forkynning, og med visjonære leiarar som disippelgjer dei truande og plantar nye kyrkjelydar der evangeliet enno ikkje er kjent. 

Avgudsdyrking, okkultisme og  voodoo har stor innflytelse langt inn i kyrkja. 

Be om at Gud reiser opp leiarar som tek eit oppgjer med denne vondskapen, og som har autoritet til å fordriva dei demoniske maktene i Jesu namn, og at Jesus må reinsa kyrkja si for djupe kulturelle synder knytta opp til gamle åndsmakter som lenge var einerådande i kulturen. 

Islam veks fort fram i Togo, og skulane i landet er i stor grad styrte av muslimar. Oljerike arabiske statar pøser inn pengar i landet, og byggjer opp moskear og islamske senter over alt der dei hjelper fattige folk med livsnaudsynte ting. Det fører ein straum av menneske inn i islamsk tru. 

Be om at kyrkja må få nåde og kraft til å avsløra islams mange løgner, og om at evangeliet skal overvinna islams lære i folks sinn. 

Be om at kristne, etter Jesu ord og føredøme, må aktivt ta ansvar for dei fattige og svoltne dei også. 

Be om at under og teikn skal følgja dei kristne over alt der dei bevegar seg. 

Kristne skuggar unna misjon mellom muslimar. Det er 13 store muslimske folkegrupper som må reknast som heilt unådde. 

Be om at Jesus skal syna seg for muslimane på overnaturleg måte, og at kyrkja må ta misjonsoppdraget på alvor og gjera eit seriøst arbeid for å nå dei muslimske folkegruppene med evangeliet om Jesus Kristus. 

Togo og Benin er dei landa i Afrika som har størst prosentvis unådde animistiske stammer. 

Be om at alle desse folkegruppene også må få ein sjanse til å bli kjende med Jesus, at han skal setja dei fri frå åndsmakter som dominerer liva deira, og at dei må få evangeliet presentert for seg på sine eigne morsmål. Be om at det må bli fart i å oversetja Bibelen til alle levande språk i dette området.

 Kjelde: operationworld.org


onsdag 24. april 2019

Afrikas "nye" kyrkjer

Dåp i ei AIC i Benin


Minst 100 millionar menneske i Afrika tilhøyrer såkalla «nye» kyrkjer, på engelsk: Afrikan Initiated Churches (AIC), dvs kyrkjer som ikkje har sitt opphav i dei store historiske kyrkjesamfunna. I  desse kyrkjene er profetiar, draumar, visjonar og helbredelsar ein del av det daglege livet. Dei forventar at Kristi kraft og autoritet skal overvinna det demoniske og okkulte, ikkje berre i teori, men i praktisk handling. AIC representere ein kulturell renessanse pga den plass dei gjev til musikk, dans og symboler. På mange måtar tek dei den opprinnelege afrikanske kulturen og plasserer han inn under Jesu Kristi herredøme.

Desse kyrkjene har ein pasjon for evangelisering, og dei møter tørsten etter Gud i Afrika med nytestamentleg undervisning og praksis.

Likevel er det veikskapar her. Det har i desse kyrkjene lett for å veksa fram ein personkultus rundt leiaren, med all den maktmisbruk som lett følgjer av det. Dei har lett for å fokusera meir på åndsfenomena enn på Kristus, og det hender at dei går langt i å tilpassa Bibelens sanningar til dynamikken i den afrikanske kulturen, alt til stor skade.

·      Be om at det sanne og gode innan den afrikanske kulturen må bevarast når denne skal finna sin plass i bibelsk teologi og praksis.
·      Be om at utøving av åndeleg makt og kraft i AIC alltid må skje gjennom kristen nestekjærleik og innafor ramene av Bibelens sanningar
·      Be om at AIC med sine føremuner må berika heile Kristi kropp.

lørdag 9. mars 2019

Benin

Mangeårig fransk koloni.
Fekk sjølvstende i 1960.
Folketal: nesten 11 millionar menneske. Landet er eitt av dei fattigaste i verda. Alle forsøk på å betra økonomien i landet strandar pga korrupsjon. 75% av økonomien i landet er svart, svært ofte med band til lugubre nigerianske interesser. Det er mistanke om at kriminelle kvart år eksporterer titusenvis av barn utav landet til slavearbeid.

Kun 40% av befolkninga er alfabetiserte. Her er det smått med skulegang.

Det er 65 folkegrupper i Benin som snakkar 56 språk. Bibelen føreligg på 7 språk, , NT på 11, deler på 12 og 15 språk er under omsetting (2010)

Formelt sett er 39% av befolkninga kristne (romersk katolske), men i realiteten er nesten 100% av innbyggjarane animistar anten dei kallar seg kristne eller noko anna. Landet er det minst ievangeliserte av dei ikkje-muslimske landa i Afrika.

Fon-folket er den største folkegruppa i Benin. Det var frå denne stamma voodooen med alle sine djevelske krefter utvikla seg . Voodoo blir praktisert den dag i dag. Likevel har det vore kristen framgang i denne gruppa som eit resultat av stor misjonsinnsats både frå afrikanske og ikkje-afrikanske misjonærar.

Også blandt dei muslimske fulanistammene i nord har det vore åndeleg gjennombrot og signifikant kyrkjevekst.

Det er fire teologiske utdanningsinstitusjonar i landet og mange bibelskular.

Mange folkeslag er heilt unådde.

Folk flest syner seg mottakelege for evangeliet, noko som fordrar mange nye arbeidarar og kristne leiarar.

  • Be om ei heilt ny tid for Benin då landet får kompetente og ærlege leiarar som tenkjer meir på folkets vel enn på si eiga makt og sin eigen bankkonto. 
  • Be om at alle barn i Benin skal få naudsynt skulegang.
  • Be om bråstopp i menneskehandelen, og at dei som driv med dette skal bli arresterte og straffa hardt. Be om beskyttelse for barna i landet. 
  • Be om gode leiarar for dei ferske Fon-kyrkjene, og at Gud skal fri dei truande for vonde ånder som fører dei på avvegar og reinsar desse kyrkjene for animistiske og magiske element.
  • Be om at Gud driv haustarbeidarar ut for å hausta inn og disippelgjera desse folka: Gde, Ede Nago, Idacco, Dendi, Hausa, Foodo og Kotokoli. 
  • Be om at  bibelinstitutta og bibelskulane i landet skal bli sørga for, vera på høgde fagleg og åndeleg og vera kraftsenter for heile nasjonen som bidreg til at folket blir disippelgjort og nasjonen transformert. 
  • Be om at Gud skal gje kyrkja nye apostlar, profetar, evangelistar hyrdar og lærarar som kan vinna nye for Kristus, disippelgjera dei og gje dei den undervisning som er naudsynt for at dei skal bli grunnfesta og veksa som kristne. 
  • Be om at Bibelen må bli omsett til alle levande språk.


onsdag 8. juli 2015

Dagens unådde: Anufo i Togo

Anufofolket er å finna både i Togo, Ghana og Benin. Totalt er det 184 000 av dei, i Togo 75 000. Nokre få kristne er registrerte, men blir sett på som namnekristne. Dei lever liv som meir enn noko forhindrar evangeliets framgang mellom resten av folket. Opphaveleg kom anufo frå Elfenbeiskysten. Dei var handelsmenn og krigarar som busette seg langs Guineakysten der dei m.a. handla med slavar. I dag er dei bønder. Religion: islam. Språk: Anufo. Det nye testamentet føreligg på anufospråket.

Herre Jesus! Me ber om at du tek deg av alle i anufofolket som kallar seg kristne. Send Anden over dei og fornya dei i kjærleiken til deg og til kvarandre. Hjelp dei å forstå at utan deg er både dei og frendane deira evig fortapte, og legg ned i dei ein lovsong til vår Gud, og eit krystallklårt vitnemål om vegen til frelse, og me ber om at anufofolket skal bli løyst frå islams lenker og få oppleva fridomen i deg som elska dei og gav deg sjølv for dei.  Amen!




tirsdag 10. juni 2014

Dendifolket i Benin

Dendikvinne
Dendifolket bur på dei frodige slettene ved elva Niger nord i Benin der dei lever av å dyrka jorda. Som me ser av kartet under er dei å finna både i Benin og Niger. I Benin lever det 60000. Totalt tel dei 165000. Dei er alle muslimar, men ulike former for fedredyrking og annan okkult praksis fører til mange åndsbesettelsar. Dendifolket snakkar sitt eige språk. NT er tilgjengeleg for dei, likeeins Jesusfilmen og lydfiler av NT-tekstar.

Bøn:
Herre Jesus, du som kom for å oppsøka og frelsa dei fortapte, oppsøk også Dendifolket og bli dei til frelse. Fri dei frå islam, og frå vonde ånder som blindar dei og bind dei til djevelens makt og lagnad. Skap i dei ein hunger etter Guds ord, og send dine heroldar til dei for å ropa ut eit nådeår frå Herren. Skap den rette tru i dei, og samla dei i din familie. Gje dei åndelege leiarar med forstand, djup innsikt i Ordet og med kjærleik til folket. Må lyset ditt bli tent i Dendifolket og i heile Benin. Amen!  

 



Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...