Viser innlegg med etiketten Sverige. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sverige. Vis alle innlegg

mandag 14. november 2022

Sverige




Folketal: 10 160 000
Folkegrupper: 88
Språk: Svensk
Hovudstad: Stockholm

Sverige har ein rik åndeleg historie med massive vekkingar på 1800 og 1900-talet som førte til ein enorm misjonsinnsats.  Men etter krigen har sekulariseringa vore massiv, og i dag er det berre 23% som trur på ein personleg Gud. Folk i Sverige ser på komfort, underhaldning og individuell fridom som sine viktigaste verdiar. Den svenske kyrkja er alvorleg sveikka av liberal og bibelkritisk teologi, ein tendens som langsamt også bevegar seg inn i frikyrkjene. Det siste no er pastor Niklas Piensoho i pinsekyrkja Filadelfia i Stockholm som meiner at kyrkjelydane må opna for moralsk høgverdig homofili og avvisa den meir umoralske utgåva, alt utan å syna til eitt einaste bibelvers til støtte for synet sitt.

Sverige har hatt stor innvandring gjennom mange år, og integreringstiltaka har mislukkast. Det har resultert i vanvittig mykje alvorleg kriminalitet.

Det austerikske  overvakningsorganet «The Observatory on Intolerance and Discrimination against Christians in Europe (OIDAC)» påviste at Sverige er eitt av dei fem landa i Europa der det er vanskelegast å vera kristen. Kanselleringskulturen er omfattande, noko som har resultert i at ein advokat som Ruth Nordstrøm blir rekna som «person non grata» i landet fordi ho har ført rettsleg forsvart for jordmødre  som av samvitsgrunnar nekta å vera med på abortinngrep, og som av den grunn vart oppsagde frå jobbane sine.  Les meir her: https://www.dagen.no/meninger/sverige-et-verstingland-for-kristne/

Sverige er eitt av dei landa i verda som, saman med Noreg, er komne lengst i å fjerna biologisk kjønn som ein juridisk kategori. Normkritikk er den store greia no, og då er det kritikk av gamle normer som handlar om at menneske er kvinne og mann, og at sex tilhøyrer ekteskapet. No er det snart berre snakk om at kjønn er ein sosial konstruksjon, at det er flytande og at alle kan velja mellom mange titals merkelege kategoriar som ingen har høyrt om før.

Be om at det skal stå fram nye kristne leiarar med rik åndsutrustning, leiarar har forstand til å formidla Guds ord med kraft til det svenske folket.

Be om at det svenske folket skal oppdaga at komfort, underhaldning og individuell fridom er tomme verdiar dersom dei ikkje kjenner Gud.

Be om at kristne leiarar må venda om til Bibelen som Guds ord, og slutta å formidla sine eigne tomme tankar.

Be om ei nasjonal vekking som berører alle lag av folket i landet.

Be om at Gud må intervenera i innvandrarmiljøa, frelsa frå synd og dempa spenningar og gemytter, og setja ein stoppar for alle gjengkrigane som til eikvar tid rasar i dei store byane, og som skremmer livet av vanlege folk.

Be om at Gud skal la skodda som har seinka seg over kjønns og samlivssektoren lettar slik at unge menneske igjen kan finna fram i dette viktige landskapet. 

Jødar i Sverige


Det er 15000 jødar i Sverige. Mange av dei er redde å stå fram med sin rette identitet pga aukande antisemittisme i landet. Dette har ført til ein emigrasjonsstraum ut av landet til USA eller Israel.

Far i himmelen! Me ber om frelse og fred for den avdelingen av det kjære folket ditt som bur i Sverige. Må dei få sjå Jesus som den frelsar han er for dei, og ta imot han i hjarto sine og bli dine nådebarn. Herre, velsign dei, bevar dei, lat ditt andlet lysa over dei og ver dei nådig, me ber i Jesu namn. Amen!

 

søndag 12. november 2017

Sverige

Image result for sweden

Areal: 449 924 km2. Folketal: 9,5 mill. Hovudstad: Stockholm med 1,3 mill innbyggjarar.
87,5 er skandinavar , 3,1% er finsk-urgisk, 2,6% slaviske
84,7% bur i byar, gjennomsnittleg levealder er 80 år,.
Språk: Svensk. Totalt blir det snakka 30 språk. Heile Bibelen er omsett til 4 språk, 2 til NT, 5 har porsjonar og 4 er under omsetting.

Sverige er eit velutvikla land med god økonomi, høgt utdanningsnivå og variert næringsliv.
Styresett: Kongedøme med representativt demokrati.

Landet har ein lang og ærerik historie, og har gjennom tidene vore ei stormakt i Europa. Det var Gustav II Adolf som på 1600-talet berga protestantane frå fullstendig nederlag i 30-årskrigen (1618-48). Det innleidde ei stordomstid for landet. I 1658  styrte Sverige over deler av Polen,  heile Baltikum, heile Finland og store deler av Midt Noreg.

At Sverige har vore eit svært rikt land ser me av alle slotta i sør. Dei fortel om ei tid med ein sterk adel.

Full religionsfridom. Luthersk statskyrkje fram til år 2000.
Landet har gjennom mange år vore inne i ein alvorleg avkristningsprosess.
57,2% er kristne. 38,4% er heilt ikkje-religiøse
3,6% er muslimar. Tala er frå 2010.

Dei siste åra har innvandringa vore stor til Sverige, og i Malmø og Stockholm har det vore store problemer med integreringa, og andre generasjons innvandrarungdom har organisert seg i kriminelle gjengar som har påført politiet nær sagt uhandterlege utfordringar.

Be om at Gud skal ta kontroll over desse ungdomane, at kristne skal involvera seg i liva deira, forstå kulturen, vinna innvandrarane sin tillit og vinna dei for Jesus..

Parallelt med denne utviklinga har Det svenske folkepartiet på ytterste høgre fløy vakse fram og fått vind i segla, og i dag marsjerer nazistiske grupper i gatene med krav om å stenga grensene for menneske frå Asia og Afrika.

Be om at Gud skal ta kontroll over desse menneska og løysa opp gruppene dei tilhøyrer. Og be om at Gud skal utrusta kristne til å konfrontera dei og syna dei den gode veg og Guds plan for liva deira. 

Det har vore auka einskap mellom dei evangeliske dei siste åra. Dette blir synleggjort gjennom Jesusmarsjen gjennom Stockholm kvar pinse. Denne samlar 20 000 menneske.

Det er grunn til å takka Gud for dette.

Sverige har ein rik åndeleg arv. Den rosenianske vekkinga på 1800-talet var massiv. Be om at det skal bli nytt liv i gamle røter, og at Jesus skal stå fram for det svenske folket som den eine sanne Gud.


Be om at dei kristne i landet skal leva som heilhjarta disiplar av Jesus, og ha Guds ord som einaste autoritet for liv og lære.

Be om at kyrkjelydane skal vera prega av Guds kjærleik og kraft, og at forkynnarane trufast skal forkynna Ordet i tide og utide.

Be om at Gud skal reisa opp nye åndelege leiarar med hjarto fulle av kjærleik, og med kraftfulle nådegåver til å forkynna Guds ord og til å formidla Guds nærvær.

Folk flest har eit sekulært syn på livet. Be om at dette skal snu, og at Gud skal bli ein naturleg del av kvardagen  til det svenske folket.

Sverige har gått i front når det gjeld å opponera mot Guds bod på samlivsområdet, og det er mange abortar kvart år.  Knapt noko land har så sterk feministrørsle som Sverige. Denne bestemmer i stor grad standarden for korleis folk skal tenkja. Bibelens verdiar blir kritisert og uglesett. Be om at landet skal bli bada i Guds lys, og at folk skal sørga over syndene sine og anerkjenna Guds overherredøme.







onsdag 16. august 2017

Svenske styresmakter vil senda Aideen Strandson ut av landet og attende til Iran. Det er livsfarleg for henne.

Den iranske flyktningen Aideen Strandson vart døypt i Sverige i 2014. No er ho utvist frå landet, og vil bli sendt attende til lang fengselsstraff i Iran. For kvinner er dette nærast einsbetydande med seksuelle overgrep og tortur.

"Det er ikkje vårt problem at du er blitt kristen," er det blitt sagt til henne, "det di private sak, og eit ansvar du må ta på deg sjølv."

Svenske utlendingsstyresmakter meiner det ikkje er farleg for kristne å reisa attende til Iran. Dei vil "høgst få fem månader i fengsel", og kva er det å ta på veg for???

Dette seier dei trass i at Den europeiske flyktningekonvensjonen seier at dersom ein person har velgrunna redsle for å bli utsette for forfølging i heimlandet pga religiøs tru eller politisk oppfatning, er vedkomande å rekna for rett flyktning og skal ha krav på asyl.

Svenske styresmakter meinar at Aideen ikkje er ekte kristen fordi dei meiner ho manglar adekvar kristen kunnskap, utan at dei presiserer kva denne kunnskapen er. 

Samstundes som dette skjer, vender svenske IS-soldatar heim frå krigen i Syria og blir sikra ny identitet i det svenske samfunnet. DESSE må altså for all del vernast.

Saka hennar er prøvd utan hell i svensk rett.

Kjære gode Gud og Far! Me løftar Aidees Strandson inn for deg i dag, me vil tala hennar sak for deg og be deg om å intervenera på ein kraftig måte i livet hennar slik at svenske styresmakter må ta til vit og snu og omgjera avgjerda si. Kom med din djupe fred til Aideen, tal til henne og leid henne slik at ho alltid tek dei stega som du syner henne. DU er hennar Gud, du går framfor henne, du styrker henne og gjev henne det lyset ho treng. Amen!



mandag 14. november 2016

Sverige

Areal: 449 964 km2
Folkestal: 9,5 millionar
30 språk.
Bibelen: 4GT+NT, 2 NT, 5 deler, 4 under omsetting
Økonomi: Eksportindustri. IT
Velferdssamfunn med høge ytingar til vanskelegstilte. Høgt skattenivå.
Har i mange år vore svært ope for flyktningar, noko som har resultert i framveksten av aggressive nynazistiske grupper.
I enkelte bydelar i Malmø og Stockholm er heilt prega av innvandringsbefolkning. Det er ikkje så bra. Integreringa er dårleg, arbeidsløysa mellom unge svært høg, likeeins kriminaliteten. Ofte bryt det ut sosial uro med brenning av bilar på nattestid o.l.
Sverige har full religionsfridom. 57% tilhøyrer ei kristen kyrkje,  38% er ikkje-truande, 3,6% muslimar (2010, i dag noko høgare) og 4,9% buddhistar (2010).
Sverige har ein sjelda rik kristen arv. Men kristendomen har gjennom dei siste tiåra hatt ein alvorleg tilbakegang, og Den svenske kyrkja har i stor grad falle frå Guds ord og si eiga lutherske vedkjenning. Berre 23% av svenskane trur på ein personleg Gud.
Islam, buddhismen og sekularismen er i vekst.

Gode Gud! Me ber om at du skal sjå i nåde til Sverige. Reis opp kyrkja di til frimodig tala ditt ord inn i folks liv, og me ber om at du skal fylla henne med kraft til å lækja sjuke og setja fri alle som er bundne av djevelen. Må kyrkja di bli som eit lys på eit fjell, eit lys som ikkje kan skjulast, men som viser alle i Sverige Jesusvegen attende til Farshuset. 

Dei siste åra har evangeliske kristne i større grad funne saman. Kvart år går det den store Jesusmarsjen av stabelen  med 20 000 menneske i Stockholms gater.  For få veker sidan var det "Awakening Europe" i byen med 30000 unge kristne samla til vekkingskonferanse over ei helg med talarar og lovsongarar av verdsformat. Det kan lova godt.

Sverige er i dag prega av å vera eit sekulært postmoderne samfunn der det er vanskeleg å hevda kristne standpunkt. Den politiske korrektheten er knallhard. Ein gudlaus feminisme som ikkje berre kjempar for kvinners rettar, men også for ein ekstrem liberal seksualitet, dominerer i akademia og i det politiske liv, og dette ser ut til å reultera i at det veks fram ein karikert, brutal og nådelaus maskulinitet i landet, som me også kan sjå i mange andre vestlege land. Begge deler er demonisk. Det ser ut til at rørslene kjempar mot kvarandre, men det er på overflata, begge fører folk lenger og lenger bort frå Gud.

Gode Gud! Me ber om at du i Jesu namn skal bryta dei demoniske kreftene som fører det svenske folket lenger og lenger bort frå deg. Mer går i Jesu namn imot den innflytelse som sekularismen, feminismen, buddhismen og islam har på dei som bur i Sverige. 

Midt oppi dette er det framleis levande kristendom i landet. Denne faldar seg ut i frikyrkjene og i dei lutherske misjonsorganisasjonane. Desse søkjer meir og meir saman i einskap innan Den svenske evangeliske allianse. Den er blitt ei klår bibelsk røyst i samtida. I våre dagar ser det elles ut til at både pinsevener og lutheranarar søkjer seg attende til rosenianismen frå midten av 1800-talet. Carl Olof Rosenius var leiar for ei svansk vekkjingsrørsle som varte i mange år, og som i mange år fekk prega skandinavisk kristenliv.

Herre! Du har sagt at dersom me elskar kvarandre, skal verda forstå at me er dine læresveinar. Styrk einskapen mellom rettenkande kristne i Sverige som ønskjer å stå fast på Bibelens ord, og må elvar av levande vatn renna ut frå dei og skapa nytt åndeleg liv i svenske byar, landsbyar og bygder. Må Sverige enno ein gong bli eitt av verdas markante misjonsland.  Me ber spesielt om at Institutt for Bibeloversetting i Stockholm som har som mål og oversetja Bibelen til alle ikkje-slaviske språk i tidlegare Sovjetunionen, skal lukkast i sitt pionerarbeid. 

Gode Far! Sverige treng desperat til uredde, åndsfylte pastorar og kristne leiarar som elskar deg, ditt ord og dine barn, og som har autoritet og kraft til å bryta gjennom tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Kristus. Reis opp eit slikt åndeleg leiarskap i Sverige.

Dei unge i Sverige må karakteriserast som ei post-kristen gruppe, nærast eit unådd folkeslag, heilt framande for Gud.

Herre Jesus! Reis opp truande menneske som vigslar liva sine til å gje dei unge i Sverige kristen omsorg, fellesskap og kunnskap. Før kyrkja di ut av ein dødleg proteksjonisme for å ta med seg gullet sitt ut til dei som du elskar og vil frelsa. Herre! Du er verdas lys som opplyser kvart menneske. Lys opp også ungdomsgenerasjonen i Sverige. Mange av dei ber på djupe sår etter misbruk, overgrep, svik og forsøming. læk såra deira i ditt eige namn. 

Immigrasjon frå aust har gjort den ortodokse kyrkja til den snøggast veksande kristne megablokka.

Herre, fyll denne kyrkja med din Ande slik at ho kan formidla genuint kristent liv til serbararar, bosniarar, russarar og andre som tilhøyrer den ortodokse "familie". Reins denne kyrkja for heidensk påverknad, og gjer ho til ei ekte og rein kristen kyrkje, i Jesu namn. 

Så ber me som alltid for styresmaktene i landet, at dei skal vera ubestikkelege, ærlege og kloke, at dei skal få visdom frå himmelen til å navigera og styra "skuta" rett.
Så ber me om at alle ufødde barn i Sverige skal få lovfesta rett til liv. AMEN!

Hovudkjelde: Operation World 2010










Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...