Viser innlegg med etiketten Sør-Sudan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sør-Sudan. Vis alle innlegg

mandag 10. november 2025

Sør- Sudan

 

Kart: Britannica

Sør-Sudan vart etablert 9.juli 2011, og er verdas yngste nasjon, og kanskje også den fattigaste. Hovudstad: Juba. Nasjonen vart fødd som eit resultat av mange års krig for sjølvstende frå Sudan og regimet i Khartoum, men har sidan 2013 vore til dei grader prega av borgarkrig. Dette er i stor grad ein etnisk konflikt mellom dinka og nuer. 

62,3% av befolkninga er i følgje Operation World  kristne. Halvparten av dei er evangeliske. Men det pregar i liten grad samfunnslivet. Storparten av kvinnene i landet har vore utsette for seksuelle overgrep, og alle familiar lid under effekten av vald og terror. Utdanningsnivået er lågt, og analfabetismen skyhøg. Berre 2% har tilgang til reint vatn. Og me kan jo berre tenkja oss kva dette har å seia for dei sanitære tilhøva folk må leva under. 33% får aldri eta seg mette. Hungeren er kronisk. 

Gode Gud og Far! Me ber om 
  • at djevelens makt skal brytast over Sør-Sudan,
  • framgang for evangelieti i alle folkegrupper, 
  • at nye kyrkjelydar skal plantast over heile landet
  • djuptpløyande forkynning og undervisning i alle kyrkjer
  • oppgjer med gamle gudar, okkulte praksisar og syndige vanar
  • Andens kraft over alle Jesustruande 
  • Jesustruande, ukorrupte og kompetente samfunnsleiarar,
  • fred mellom dei stridande partane, 
  • skulegang for barn og unge
  • gode avlingar og effektive dyrkingsmetodar
  • eit fungerande næringsliv
  • fungerande samfunnsinstitusjonar
  • oppbygging av ny infrastruktur
  • reint vatn for alle, og gode sanitære tilhøve
  • eit fungerande rettssystem

torsdag 10. november 2022

Dagens unådde folkeslag: Mongalesiske arabarar i Sør-Sudan

 


Folketal: 213 000. 
2% kristne
0,2% evangeliske kristne
Religion: Islam
Språk: Juba-arabisk
Bibeloversetting: Ingen

kjelde: joshuaproject.net

Herre! Sjå i nåde til dei mongalesiske arabarane i Sør-Sudan, og frels dei i frå synd, skuld, dom og straff. Send Anden til dei og fri dei frå islams løgner og lenker. Møt dei i draumar og syner, og gjer dei godt budde til å ta imot evangeliet frå dine trufaste tenarar. Amen! 

Sør-Sudan

 


Etter mange år med borgarkrig, vart Sør-Sudan grunnlagt 9.juli 2011. Etter den tid har landet vore prega av brutal borgarkrig og medfølgande djup fattigdom. 

Folketal: 11 381 377. Folkegrupper: 78  Språk: 68.    Off.språk: Engelsk

Religion: 62,2% kristne. Evangelisk kristne: 29,5%. Unådde folkegrupper: 7

Hovudstad: Juba

Kjelde:operationworld.org

  • Be om fred mellom dei stridande partane
  • Be om gjenoppbygging av landet
  • Be om godt leiarskap både i kyrkje og samfunn
  • Be om mat, klede, husly, utdanning og jobb for innbyggjarane
  • Be om vekking i kyrkjelydane og i samfunnet
  • Be om at dei kristne må leva liv som er evangeliet verdig
  • Be for dei unådde folkeslaga
  • Be om at nye truande skal bli forsvarleg disippelgjort


onsdag 20. mai 2015

To pastorar frå Sør-Sudan for retten i Sudan

Dei sørsudanske pastorane Yat Michael og Peter Yein  (bilete) vil bli stilt for retten i Khartoum, hovudstaden i Sudan,  den 31. mai. Dei er tiltalte for ha underminert den sudanesiske konstitusjonen og oppmuntra til krig mot staten. Vert dei kjent skuldige, kan det enda opp med dødsstraff.

Det var i desember i fjor at Yat Michael talte på ei gudsteneste i den presbyterianske kyrkja i byen då tryggingspoliti kom inn i kyrkja og arresterte han. Ein månad seinare skjedde det same med Peter Yein då han stilte opp på politistasjonen for å spørja etter Yat Michael.
david-yein-reith
Peter Yein, også kalla David Yein Reith
 Det er blitt fabrikert prov mot desse to mennene som gjer at situasjonen er overlag farleg for dei.
Det høyrer med til saka at staten har lege i konflikt med denne kyrkja om nokre landområder. Etter desse arrestasjonane er deler av kyrkjebygget rive ned at styresmaktene.
Me må be:

Kjære Herre Jesus ! Styrk desse to modige mennene med ditt nærvær og med di kraft medan dei sit i fengsel og ventar på rettssaka. Må sanninga koma tydeleg og klårt fram under rettsforhandlingane, og all løgn solid avslørt. Takk at du vil gje dei visdom og rette ord når dei talar, og må dei utstråla din glede og din fred. Ta deg også av familiane deira. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...