torsdag 17. november 2022

Dagens unådde: Zaramo i Tanzania

 


Det er 1 369 000 zaramoar i Tanzania. Dei er muslimar og snakkar sitt eige språk. Det føreligg ei oversetting av NT til zaramo. Men Guds ord har ikkje smelta hjarto deira enno, og dei er harde og fientlege mot evangeliet om Jesus og mot dei som forkynner det. Her trengst det uthaldande bøn frå mange.

 

Herre, i Salme 117 oppfordrar du alle folk til å prisa deg. Lat denne oppfordringa trenga seg djupt inn i zaramohjarto slik at dei snur seg bort frå allah og tillitsfullt overgjev liva sine til deg, du som har betalt så dyrt for deira frelse.




Kjelde: joshuaproject.net

 

 

 

Ingen kommentarer:

Martyrkyrkja. Kristent ektepar drepen julafta i Niger

  Kyrkje i Niger. Foto: Wikimedia Om kvelden den 24. desember samla kristne seg til gudsteneste i ei kyrkje i Mailo-landsbyen, eit samfunn i...