Viser innlegg med etiketten Ghana. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ghana. Vis alle innlegg

tirsdag 3. juni 2025

Ghana

 



Kjelde: Operation World

I Ghana bur det 35 mill menneske.frå mange folkegrupper som snakkar til saman 84 språk. Engelsk er administrasjonsspråk.
Kristendomen er den største religionen. 
Ghana har nytt ein djup fred i mange år.
Hovudstad: Acra 

Ghana har fleire etniske grupper og trusretningar, men er stort sett fredeleg. Pris Gud! Utdanningssystemet og grunnlova har samla alle etnisitetar og hjelpt å byggje eit stabilt demokrati. Nesten halvparten av Ghanas høgt utdanna borgarar bur i utlandet. Dette bremsar utvikling og velstand heime. 

Be om at leiarane i regjeringa vil søkje rettleiing frå Gud, og ikkje frå menneskelege filosofiar eller frå åndene.

Unge menneske er nøkkelen i innsatsen for å bringe vekking til Ghana. Mykje av befolkninga er under 15 år, men spesifikke tiltak for å nå dei er utilstrekkelege, trass i deira åndelege openheit. Dette er spesielt tilfelle utanfor dei store byane. I landsbyane har islam og afrikanske tradisjonelle religionar ofte overtaket. 

Be for omvending og disippelgjering av ei ny generasjon kristne som vil gjere ein innverknad i det religiøse, kulturelle, politiske og økonomiske livet i Ghana.

Islam har sett seg føre å erobre Ghana og gjer alvorlege framsteg. Talet på muslimar har auka betydeleg gjennom fødselsratar, immigrasjon og omvending (særleg muslimske menn som giftar seg med ikkje-muslimske kvinner). No bur fleirtalet av muslimar i dei sju ikkje-muslimske sørlege regionane. Moskéar dukkar opp overalt, og islam blir ein dominerande kraft i det politiske landskapet. Utdanning er eit område for islamsk merksemd: grunnlegging av islamske utdanningsinstitusjonar i Ghana og tilbod om stipend for lovande unge ghanesarar til å studere i muslimske land. I muslimske område aukar religiøs spenning og forfølging av ikkje-muslimar. Trass i dette finn eit betydeleg tal muslimar, inkludert imamar, Kristus som sin Frelsar. 

Be for kjærleg vitnesbyrd frå truande og for at Den Heilage Ande skal vinne mange fleire muslimar til Jesus.

Be om at folk skal forstå at islam er ein religion utan sanning, frelse, liv og kraft.

Be om at islams fremgang skal stoppast i Jesu namn.  

Be om at gode menneske skal ta ansvar for unge jenter fanga i prostitusjon og foreldrelause gutar som lever på gata.

Be om ansvarlege og ukorrupte politikarar som for alvor tek tak i samfunnsproblema for å løysa dei.

Be om at ghanesarane skal ha ei rein og usmitta tru, og avvisa all trolldom frå gamal animisme, og all islamsk lovlære. 

Be om at dei truande skal studera Bibelen, og næra seg dagleg på ditt ord. 

Be mot all seksuell promiskuitet, og at ghanesarane skal utøva sjølvkontroll og følgja Jesus og Guds ord på dette livsområdet. 




mandag 21. november 2022

Togo

 


Togo har 8 478 242 innbyggjarar fordelt på 58 folkegrupper som snakkar 43 ulike språk. Dette er ein tidlegare fransk koloni, og fransk er framleis administrasjonsspråket. Hovudstaden er Lomè. Togo er eit fattig land, og berre 64% kan lesa og skriva. 45,4% er kristne. 10,7% er evangeliske. 17% er uevangelisert. 

Det er store spenningar mellom dei som bur i sør og dei som bur lenger nord. 

Be om at Gud bryt ned all bitterhet mellom sør og nord, og at han styrkjer den nasjonale einskapen. Be om at landet i val får gode leiarar som alle kan stilla seg bak.

Fattigdomen gjer foreldralause barn  (det er 300 000 foreldrelause barn der, noko som truleg relaterer seg til AIDS-dødsfall) svært sårbare for menneskehandel og prostitusjon, som det er mykje av. 

Be om at trygge vaksne tek ansvar for dei foreldrelause barna, og vernar dei mot den vondskapen som dei kan bli, og blir, utsette for. Be om at alle barn må få gå på skule, læra seg å lesa og skriva, og få den grunnopplæring som er naudsynt for å klara seg i eit ulvesamfunn. 

Be om at alle kvinner som er fanga i sex-slaveri må bli ført ut av denne nedverdigande tilstanden, og  at all menneskahandel og prostitusjon må bli forbode. 

Evangeliet går fram steg for steg i Togo gjennom misjon frå vestlege land, og frå Ghana og Nigeria. Likevel er det forunderleg og sjokkerande få misjonærar i dette vidopne landet der det ikkje er nokon grenser for kva ein kan driva på med av kyrkjeplanting, disippelskap og hjelpearbeid av ulikt slag. 

Be om ny misjonsinnsats frå mange hald i Togo, og at det må veksa fram sterke innfødde kyrkjelydar med sann og solid bibelsk forkynning, og med visjonære leiarar som disippelgjer dei truande og plantar nye kyrkjelydar der evangeliet enno ikkje er kjent. 

Avgudsdyrking, okkultisme og  voodoo har stor innflytelse langt inn i kyrkja. 

Be om at Gud reiser opp leiarar som tek eit oppgjer med denne vondskapen, og som har autoritet til å fordriva dei demoniske maktene i Jesu namn, og at Jesus må reinsa kyrkja si for djupe kulturelle synder knytta opp til gamle åndsmakter som lenge var einerådande i kulturen. 

Islam veks fort fram i Togo, og skulane i landet er i stor grad styrte av muslimar. Oljerike arabiske statar pøser inn pengar i landet, og byggjer opp moskear og islamske senter over alt der dei hjelper fattige folk med livsnaudsynte ting. Det fører ein straum av menneske inn i islamsk tru. 

Be om at kyrkja må få nåde og kraft til å avsløra islams mange løgner, og om at evangeliet skal overvinna islams lære i folks sinn. 

Be om at kristne, etter Jesu ord og føredøme, må aktivt ta ansvar for dei fattige og svoltne dei også. 

Be om at under og teikn skal følgja dei kristne over alt der dei bevegar seg. 

Kristne skuggar unna misjon mellom muslimar. Det er 13 store muslimske folkegrupper som må reknast som heilt unådde. 

Be om at Jesus skal syna seg for muslimane på overnaturleg måte, og at kyrkja må ta misjonsoppdraget på alvor og gjera eit seriøst arbeid for å nå dei muslimske folkegruppene med evangeliet om Jesus Kristus. 

Togo og Benin er dei landa i Afrika som har størst prosentvis unådde animistiske stammer. 

Be om at alle desse folkegruppene også må få ein sjanse til å bli kjende med Jesus, at han skal setja dei fri frå åndsmakter som dominerer liva deira, og at dei må få evangeliet presentert for seg på sine eigne morsmål. Be om at det må bli fart i å oversetja Bibelen til alle levande språk i dette området.

 Kjelde: operationworld.org


onsdag 8. juli 2015

Dagens unådde: Anufo i Togo

Anufofolket er å finna både i Togo, Ghana og Benin. Totalt er det 184 000 av dei, i Togo 75 000. Nokre få kristne er registrerte, men blir sett på som namnekristne. Dei lever liv som meir enn noko forhindrar evangeliets framgang mellom resten av folket. Opphaveleg kom anufo frå Elfenbeiskysten. Dei var handelsmenn og krigarar som busette seg langs Guineakysten der dei m.a. handla med slavar. I dag er dei bønder. Religion: islam. Språk: Anufo. Det nye testamentet føreligg på anufospråket.

Herre Jesus! Me ber om at du tek deg av alle i anufofolket som kallar seg kristne. Send Anden over dei og fornya dei i kjærleiken til deg og til kvarandre. Hjelp dei å forstå at utan deg er både dei og frendane deira evig fortapte, og legg ned i dei ein lovsong til vår Gud, og eit krystallklårt vitnemål om vegen til frelse, og me ber om at anufofolket skal bli løyst frå islams lenker og få oppleva fridomen i deg som elska dei og gav deg sjølv for dei.  Amen!




fredag 3. juli 2015

Gonjafolket i Ghana

Gonjafolket held til nord i Ghana, er bønder og tilhøyrer det fattige segmentet i den ghanesiske befolkninga. For å få endane til å møtast, føler dei seg tvungne til å halda barna sine heime frå skulen slik at dei kan hjelpa til med arbeidet på markene. Dette er ein vond sirkel. Utan utdanning, ingen framgang for nokon. Fattigdomen nord i Ghana er endemisk der folk opplever formidable utfordringar knytt til vassforsyning, mat og sysselsetting. 95% av dei 300 000 gonjaane er analfabetar. Dette inneber at evangeliet i første omgang må presenterast for dei munnleg. Det er nokre få truande kristne i folket. Desse treng å bli disippelgjort. Folket har sitt eige språk, og NT er tilgjengeleg på gonja, likeeins Jesusfilmen og NT i lydformat.

Kjære gode Gud. Velsign dette hardt prøvde og tungtarbeidande folket. Å Herre, gje dei del i din kjærleik i Jesus Kristus, og må Andens livgjevande elv nå fram til dei og skapa liv og glede i hjarto deira. Må Jesuslyset stråla over dei slika at liva deira vert nye og fulle av håp. Og så treng dei vatn, Gud, for at avlingane skal bli gode. Motiver dei til å prioritera skulegang og utdanning for barna sine slik at dei på sikt også kan læra seg meir effektive dyrkingsmetodar. Så ber me om eit sterkt fellesskap mellom dei truande i dette folket, og må kyrkja di bli grunnfesta og verkeleg skina for alle i folket og formidla frelse og lækjedom frå himmelen til dei. Amen!



Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...