onsdag 20. mars 2024

Ei bøn for Israel under åtak


•        Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far!

•        Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas land vender seg mot dei.

•        Difor, ber me: Hald di mektige hand over Israel og Israels folk. Må dei lukkast i kampen mot Hamas, sigra over dei og nedkjempa terroren.

•        Me ber spesielt for dei rundt 100 attlevande israelske gislane i Gaza at du skal berga liva deira, og verna dei mot fysisk og psykisk skade.

•        Me ber også om at du skal styrka dei kristne kyrkjelydane og dei kristne synagogane  i Israel. Må dei forkynna Kristus med stort frimot, og må Anden din enno ein gong bli aust ut over Jerusalem og alle byar og landsbyar i landet.

•        Herre, velsign og bevar Israel. Lat ditt andlet skina over dei, og ver dei nådig. Løft ditt åsyn på dei, og gje dei fred.


Salme 3 er ei salme for slike tider:

2  Herre, kor talrike mine fiendar er!

Mange reiser seg mot meg.

3 Dei seier om meg:

«Hos Gud er det inga frelse for han.»Sela


4 Men du, Herre, er eit skjold for meg,

du er mi ære, du lyfter mitt hovud.


5 Eg ropa høgt til Herren,

og han svara meg frå sitt heilage fjell.Sela

6 Eg la meg ned og sovna,

eg vakna, for Herren held meg oppe.

7 Eg er ikkje redd ti tusen

som samlar seg mot meg på alle kantar.


8 Reis deg, Herre! Frels meg, min Gud!

Du slår alle mine fiendar på kjeven

og knuser tennene til dei lovlause.


9 Frelsa er hos Herren.

Lat di signing kvila over ditt folk!

Ingen kommentarer:

Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...