Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
onsdag 28. juli 2021
Japan
lørdag 24. juli 2021
Jamaica
- Be om at Gud skal fullføra det gode som han har starta på Jamaica.
- Be om at Bibelselskapet skal lukkast med arbeidet sitt med å spreia Bibelen til nye generasjonar unge menneske i Karibia.
- Be om at bibelskulane og seminara skal vera fulle av menneske som ønskjer å bli betre kjent med Gud og hans ord, og som søker utrustning til teneste.
- Be om at kyrkjelydane på Jamaica skal vera fulle av liv, at stadig nye menneske skal koma til tru og bli disippelgjort.
- Be om at den allmektige Gud skal setja ein effektiv stoppar for narkotikakartella.
- Be om at marknaden for kokain i USA skal kollapsa slik at det ikkje lenger blir noko økonomi i produksjon og sal av desse djevelske stoffa.
- Be om at Gud skal utrusta og hjelpa leiarane i landet til å finna effektive mottiltak mot kriminaliteten som har teke overhand.
- Be om at jamaicanarane skal stå imot freistinga til å ta imot pengar for å ta del i smuglinga av kokain.
onsdag 21. juli 2021
Israel
Israel er, saman med Egypt, den nasjonen på jorda med djupaste historiske røter. Men medan Egypt i dag er ein arabisk nasjon med ein gamalegyptisk kristen minoritet, var Israel ein jødisk nasjon heilt frå starten av, og er det framleis. Etter nesten 2000 år i diaspora, vart det moderne Israel etablert 14.mai 1948. Det var eit historisk mirakel, ikkje minst sett i lys av at Hitler og nazi-Tyskland hadde gjort sitt ytste frå 1942 til 1945 å utsletta dei. Israel er sanneleg Guds eigen nasjon på jorda. Dei er elska av Gud for fedrane si skuld, står det i Bibelen, medan me som er Jesustruande ikkje-jødar, med er elska av Gud for Kristi skuld.
Israel har nesten 9 millionar innbyggjarar, og folketalet aukar jamt og trutt, ikkje minst pga innvandring. Over 2 millionar av statsborgarane er forresten arabarar.
Sidan flatemålet er beskjedent, vel 21000 km2, bur folk tett. Nesten 400 per km2. Til samanlikning er det ikkje meir enn 14 per km2 i Noreg.
Israel har mange fiendar. Heilt frå staten vart etablert, har arabiske naboar freista å utsletta han frå kartet, men utan å lukkast. Antisemittismen i verda i dag rettar seg i stor grad mot Israel. Men også jødefolket i andre land merkar at hatet mot dei aukar både frå muslimar, høgreekstreme og faktisk heilt vanlege folk, ikkje minst i Noreg der stadig fleire parti, kommunar og interesseorganisasjonar går inn for å boikotta israelske produkt frå Judea og Samaria (Vestbreidda), eit området som heilt utan grunn blir sett på som okkupert. Stadig fleire, også Den norske kyrkja, snakkar forresten som om heile Israel er okkupert område, og dei skuldar Israel for å vera ein apartheidstat som driv med krigsbrotsverk og endå til folkemord på palestinarar, noko som er heilt på jorde i og med at 2 millionar av dei er israelske statsborgarar, og 12 av dei har plass i Knesset, Israels folkevalde parlament.
Israel er i dag ein moderne høgteknologisk stat som utnyttar arealet sitt svært effektivt til matproduksjon, og dei eksporterer både jordbruksprodukt og teknologi til andre land. Utan israelske produkt hadde korkje datamaskinane eller mobiltelefonane våre fungert, ei heller mange av dei avanserte apparata som finst på dagens sjukehus som kvar dag er med å bergar mange liv.
Mange jødar er sekulære, og trur ikkje på noko som helst, men dei fleste har likevel ein eller annan tilknytning til jødedomen. Alle overheld sabbaten, og dei store jødiske høgtidene er arbeidd inn i kalenderen.
17,9% av befolkninga er muslimar. 1,9% er kristne (0,2% evangeliske), og 1,6% er drusarar (kjelde: CIA World Factbook)
Mange av dei kristne er arabarar som tilhøyrer ortodokske og katolske kyrkjer. Men no veks det fram stadig fleire messianske jødiske kyrkjelydar som eit resultat av evangelisk misjon, og organisasjonen One for Israel, som i stor grad vert driven av Jesustruande jødar, opplever stor suksess med internettsatsinga si både mellom jødar og arabarar. Det synest klårt: Jesus Kristus er den einaste som kan skapa fred og forsoning mellom jødar og arabarar.
Nesten ingen jødar i Israel veit kven Jesus er. Han er eit forbode samtaleemne, og i skuleverket blir han ikkje nemnt. Kvifor er det slik? Fordi det er den kristne delen av verda, ofte med kyrkja i spissen, som gjennom historia har påført dette folket den største sorg og smerte.
Gud valde i si tid ut Israel gjennom Abraham forat dette folket skulle bringa openberringa av Gud til heile verda. Det har også skjedd i og med at Bibelen er ei jødisk bok, og Jesus og apostlane alle var jødar. Men Gud er ikkje ferdig med folket enno. Når den nasjonale kristen vekkinga råkar nasjonen, vil heile folket bli involvert i ein svært suksessrik verdsmisjon. Dette les me om i Romarbrevet 11.
Israel er ein moderne vestleg stat også på den måten at dei ikkje berre aksepterer kjønnsmangfaldsrørsla, men promoterer denne, og Israel er på verdstoppen i talet på abortar per tusen kvinner per år.
Be om at Gud skal verna Israel og verdas jødar mot overgrep og åtak.
Be om at forsoning og fred mellom jødar og arabarar i og utanfor Israel
Be om at evangeliet må spreia seg som ein surdeig i nasjonen til alle i Israel veit kven Jesus er.
Be om at israelarane og alle verdas jødar må falla ned for Jesus og anerkjenna han som Herren Israels Gud.
Be om at dei skal forstå at Jesus vart såra for deira brot og knust for deira misgjerningar, at straffa låg på han for at dei skulle ha fred, og at dei ved hans sår har fått lækjedom.
Be om at Gud skal reinsa nasjonen for ulydnad, urett og ureinskap.
Be om at landet skal ta eit kraftig oppgjer med abortlov og abortpraksis.
Be om at Israels land og folk må bli gjeninnsett i Guds plan med tanke på frelse for alle nasjonar.
mandag 19. juli 2021
Irland
Det bur nesten 5 millionar menneske i Irland. 91,7% av dei er kristne, dei fleste romersk katolske. Irland vart EU-medlem for 30 år sidan. Sidan den tid har mykje endra seg i landet. Det har vore ein eventyrleg økonomisk vekst som i stor grad har kome ei lita gruppe menneske til gode (Irland har 11% flat inntektsskatt, noko som favoriserer dei med høge inntekter). Dei fleste i landet slit økonomisk, og kløfta mellom fattig og rik er stor. Irane har hatt eit nært høve til kyrkja si, og kyrkja har i hundrevis av år sett standarden for rett og galt. Men no endrar dette seg også. Den allmenne sekulariseringa og dei mange overgrepsskandalane innanfor den katolske kyrkja har gjort banda mellom folk og kyrkje tynnslitne, og stadig færre ser på kyrkja som ein autoritet i moralske spørsmål. Det har m.a. resultert i innføring av sjølvbestemt abort og likekjønna ekteskap, noko som hadde vore utenkeleg for kun kort tid sidan.
Be om at presteskapet i den katolske kyrkja skal syna ekte vilje til å ta eit oppgjer med fortida, dømma synda som har fått råda og valda skade, avsetja prestar og andre leiarar som har forbrote seg mot barn og unge, gjera opp for ugjerningane så godt som det let seg gjera og søkja audmjukt om tilgjeving hos Gud og menneske og be Gud om lækjedom.
Men midt oppi dette veks dei evangeliske kyrkjene, ikkje minst som eit resultat av immigrasjon. Men også mange irar kjem til personleg tru på Jesus som eit resultat av arbeidet til dei evangeliske kyrkjelydane. Eitt eller anna godt veks fram her.
Takk Gud for denne rørsla, og be om at ho skal utvikla seg til ei genuin kristen vekking, ei vekking som reiser nasjonen opp slik at han meir enn nokon gong vert prega av at Kristus har makt i vanlege folks liv.
21% av befolkninga er under 15 år. Det er mykje i europeisk samanheng.
Be om at dei unge må få god kristen opplæring, og at dei skal finna Kristus og etablera ein personleg relasjon til han.
Irland vart kristna av St.Patrick som representerte ein kraftfull kristendom prega av store teikn og under, og dei ville, brutale og heidenske keltarane som budde i Irland vert så grepne av Kristus at dei reiste ut i heile Nord-Europa for å forkynna evangeliet og planta kyrkjelydar. Det var forresten desse som temma dei villstyrige saksarane i Tyskland. Det veks no fram ei ny irsk misjonsrørsle i dei evangeliske kyrkjene.
Be om at denne misjonsrørsla skal tilta i styrke og enno ein gong resultera i ein flaum av misjonærar frå Irland som kjem til å tenna Kristuslyset for mennesker i mange land.
søndag 18. juli 2021
Irak
søndag 11. juli 2021
Indonesia dag 6. Sulawesi
lørdag 10. juli 2021
Unådd folkeslag: Den muslimske delen av jogifolket i Bangladesh
Det er ikkje meir enn vel 6000 av desse menneska. Dei snakkar bengali, som lenge har vore eit bibelspråk. Men ingen av dei er kristne. Det er ikkje sikkert at nokon av dei nokon gong har høyrt om Jesus Kristus. Dei er sufimuslimar (ein mystisk retning innan islam), fattige fakirar (sjølvpinarar og asketar) som kan lækja sjukdomar og hjelpa folk med å bli kvitt demonane sine. Underlege greier.
Men no
Herre, må me berre be om at du kjem til desse jogiane i Bangladesh og set dei i
fullkomen fridom frå synd og skuld og alle bindingar til djevelen. Herre, send
dine trufaste tenarar til jogifolket for å dela deg med dei, og vekk i folket
ein sterk trong etter reell frelse, og gje dei å snu seg frå avguden sin og
venda om til deg av eit heilt hjarta.
fredag 9. juli 2021
Indonesia dag 5. Bali, Kalimantan og dei små Sundaøyane
Bali ligg aust for Sumatra, og øya er prega av turisme, og mange unge menneske frå Vesten reiser dit for å studera.
Folketal: 4,3 millionar.
Dei aller fleste er hinduar, og det er faktisk 41000 tempel på øya.
Innbyggjarane er, som dei fleste andre indonesarar, prega av eit liv i okkultisme og spiritisme.
Det er få kristne der, og mange av dei som kjem til tru på Jesus blir forfølgde.
Be om at hinduismen skal tapa makta si over dei som bur på Bali, at dei demoniske kreftene må sleppa taket i folk og at Anden skal austast ut over dei og gjera dei lengtande etter Gud og opne for evangeliet.
torsdag 8. juli 2021
Indonesia dag 3. Sumatra
tirsdag 6. juli 2021
Dagens unådde folkeslag: Darzi i Bangladesh
Populasjon: 16000
Religion: Islam
0,0% kristne
Språk: Bengali, som også er eit bibelspråk
Darzifolket var kjende over heile Bengalen for å vera svært dugande skreddarar. Dei hadde sein sentral posisjon i lokalmiljøa sine. Men no er dette historie. Fabrikkane har overteke, og darzi har måtta søka andre karrierevegar. Dei er vanskelege å nå med evangeliet. Leiarane deira pumpar dei fulle me "informasjon" om at Bibelen er forandra gjennom historia og lite til å stola på osv.
Herre Jesus! Du er den einaste vegen til Gud, også for darzifolket. Aus Anden din ut over dei slik at dei forstår at dei ikkje kan bli rettferdige for Gud gjennom lovgjerningar, berre ved å tru på deg som oppfylte lova på deira vegner, og som døydde for deira mange synder. Må det etablerast ei levande og synleg darzikyrkje prega av Den Heilage Andens kraft. Amen!
Indonesia. Dag 2
- Mange områder i Indonesia som Nord-Sulawesi, Nord-Sumatra, Vest-Timor og Molukkane, har vore kristne i mange hundre år. Mange kyrkjelydar manglar åndeleg liv. Dei kjempar med umoral, splitting og okkultisme. Be om vekking i desse gamle kyrkjene.
- Pga rask vekst i mange karismatiske og pentekostael kyrkjer er det eit behov for mange nye mogne leiarar som kan disippelgjera dei nye kristne. Be om det. Be også om nye åndsfriske leiarar til dei kyrkjene som er i ferd med å døy.
- Nye truande med muslimsk bakgrunn er ofte utsette for forfølging, og mange vert utstøytte frå familiane sine og frå lokalsamfunna der dei bur. Ofte er det vanskeleg for dei også å passa inn i kyrkjene og den kristne kulturen. Be om at heile familiar må koma til Kristus slik at dei kan følgja han innafor si eiga kulturelle rame.
mandag 5. juli 2021
Dagens nasjon: Indonesia
søndag 4. juli 2021
Dagens unådde folkeslag: Queyu i Kina
Populasjon: 11000
Lokalisering: Sichuan
Dei er buddhistar med røtene sine i Tibet
Etter å ha ytt motstand mot Kinas såkalla frigjerningshær i 1955, vart klostera
deira bomba, og dei har dei vore utsett for mange overgrep og mykje undertrykking.
Dei snakkar sitt eige språk, og NT føreligg som lydfil på Queyu.
Gode
Herre! Me ber i dag om frelse for queyufolket i Kina. Me ber om at nokre av
dine mange kinesiske vitner skal bli merksam på denne folkegruppa, oppsøka dei,
bu saman med dei, elska dei, lysa for dei og dela ditt evangelium med dei. Må
det bli etablert ei levande, lovsyngande, kulturelt relevant og erobrande
queyu-kyrkje i Kina. Me ber om det i Jesu namn, amen!
Kjelde: www.joshuaproject.org
Kinesisk pastorfamilie innestengt i sitt eige husvære
I Sichuanprovinsen i Kina finn me Early Rain Church som har vore kraftig forfølgd av styresmaktene dei to siste åra. Kyrkja deira er blitt stengt, og pastor Wang er dømt til mange års fengsel. Kyrkjelyden er blitt tvinga til å gå «under jorda» og samlast heime hos kvarandre. Den 4.juni vart av den grunn pastor Wu Wuqing, kona hans Xiong Meifang og barna deira innestengde i sitt eige husvære. Alle utgangar er sperra, og politifolk held vakt for å sikra at dei ikkje kan koma seg ut. Mat blir ført inn til dei via ein naudutgang.
Kjære Jesus! Du ser alle overgrep og all tvang som kyrkja
di i Kina er utsett for. No ber me om at beleiringa av denne familien skal ta
slutt, og at dei skal få koma seg ut i frisk luft. Takk for at ingen kan stenga
deg ute frå leiligheten deira, og me ber om at du skal styrka og trøysta dei
med ditt nærvær og ditt gode ord. Amen!
Kjelde: Voice of the Martyrs.
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...