Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Hausa er ei stor folkegruppe på
nærare 50 millionar menneske som er spreidde over mange land.
Vel 1
million av dei lever i Elfenbeinskysten. Dei er muslimar, og snakkar hausa, som
forøvrig er handelsspråket i dette området.
Herre Jesus Kristus! Du døydde og stod opp også
for hausafolket, og du lever for at dei skal kunna tru på deg og få frelse i
ditt namn. Og me
ber om at det skal skje i vår tid. Me les om at du snart kjem att for å døma
levande og døde, og då ønskjer me at hausafolket skal vera rikeleg godt
representert i den gjengen som skal stå framfor din kongstol og lovsynga deg
for full hals og musikk. Velsign dette flotte folket med alt dei treng for å
leva gode liv, og me ber om at det framover skal rettast modige misjonstiltak
mot dei slik at din kjærleik berre smeltar hjarto deira, og dei begynner å
elska deg som har elska dei først. Amen.
Mangeårig fransk koloni.
Fekk sjølvstende i 1960.
Folketal: nesten 11 millionar menneske. Landet er eitt av dei fattigaste i verda. Alle forsøk på å betra økonomien i landet strandar pga korrupsjon. 75% av økonomien i landet er svart, svært ofte med band til lugubre nigerianske interesser. Det er mistanke om at kriminelle kvart år eksporterer titusenvis av barn utav landet til slavearbeid.
Kun 40% av befolkninga er alfabetiserte. Her er det smått med skulegang.
Det er 65 folkegrupper i Benin som snakkar 56 språk. Bibelen føreligg på 7 språk, , NT på 11, deler på 12 og 15 språk er under omsetting (2010)
Formelt sett er 39% av befolkninga kristne (romersk katolske), men i realiteten er nesten 100% av innbyggjarane animistar anten dei kallar seg kristne eller noko anna. Landet er det minst ievangeliserte av dei ikkje-muslimske landa i Afrika.
Fon-folket er den største folkegruppa i Benin. Det var frå denne stamma voodooen med alle sine djevelske krefter utvikla seg . Voodoo blir praktisert den dag i dag. Likevel har det vore kristen framgang i denne gruppa som eit resultat av stor misjonsinnsats både frå afrikanske og ikkje-afrikanske misjonærar.
Også blandt dei muslimske fulanistammene i nord har det vore åndeleg gjennombrot og signifikant kyrkjevekst.
Det er fire teologiske utdanningsinstitusjonar i landet og mange bibelskular.
Mange folkeslag er heilt unådde.
Folk flest syner seg mottakelege for evangeliet, noko som fordrar mange nye arbeidarar og kristne leiarar.
Be om ei heilt ny tid for Benin då landet får kompetente og ærlege leiarar som tenkjer meir på folkets vel enn på si eiga makt og sin eigen bankkonto.
Be om at alle barn i Benin skal få naudsynt skulegang.
Be om bråstopp i menneskehandelen, og at dei som driv med dette skal bli arresterte og straffa hardt. Be om beskyttelse for barna i landet.
Be om gode leiarar for dei ferske Fon-kyrkjene, og at Gud skal fri dei truande for vonde ånder som fører dei på avvegar og reinsar desse kyrkjene for animistiske og magiske element.
Be om at Gud driv haustarbeidarar ut for å hausta inn og disippelgjera desse folka: Gde, Ede Nago, Idacco, Dendi, Hausa, Foodo og Kotokoli.
Be om at bibelinstitutta og bibelskulane i landet skal bli sørga for, vera på høgde fagleg og åndeleg og vera kraftsenter for heile nasjonen som bidreg til at folket blir disippelgjort og nasjonen transformert.
Be om at Gud skal gje kyrkja nye apostlar, profetar, evangelistar hyrdar og lærarar som kan vinna nye for Kristus, disippelgjera dei og gje dei den undervisning som er naudsynt for at dei skal bli grunnfesta og veksa som kristne.
Be om at Bibelen må bli omsett til alle levande språk.
Hausafolket er eit gamalt kulturfolk sør for Sahara. Historisk hadde dei sin eigen stat. Men denne vart overvunnen av fulaniane på 1800-talet. Det er 416000 hausaer. Dei snakkar sitt eige språk . Hausa er også bibelspråk. Hausafolket driv i hovudsak med handel og vandel. Religion: Islam.
Gode Gud og Far, du som elskar verda med ein evig kjærleik, og som gav oss Sonen din, den einborne, forat me ved å tru på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Denne ordninga har du også etablert for hausafolket i Nord-Nigeria, og me ber om at du skal opplysa dei gjennom evangeliet slik at dei ser sitt desperate behov for den frelse du har preparert for alle menneske i Jesus Kristus. Kall di sterke kyrkje i Sør Nigeria til misjon mellom folka i nord Gje hausafolket ein skikkeleg appetitt på Ordet ditt, og me ber om at det skal grunnleggjast ein livskraftig og produktiv kyrkjelyd i dette folket. I Jesu namn, amen!
Fulanifolket finn me over store deler av Nord-Afrika, og i Nigeria tel dei 4,4 millionar menneske. Dei lever som nomadar i Sahelbeltet, og er svært strenge og ortodokse muslimar. I Nigeria står dei bak mange dødlege åtak på kristne, som gjerne er fastbuande bønder. Dei fientlege haldningane handlar både om religion og om krangel om beiterettar. 1,2 % av dei er kristne.
Fulaniane snakkar hausa, og heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket.
Kjære gode Jesus! Me ber i dag for Fulanifolket som gjennom mange hundre år har misjonært for islam. Herre, møt dette folket med ditt ord og din Ande, slå dei til bakken som du gjorde med apostelen Paulus og forvandla dei frå å vera forfølgjarar til å bli dine apostlar. Ta eit godt tak i leiarane deira og gjer deg personleg kjent for dei. Openberr din stordom og ditt kongedøme for dei, tal myndig til dei og før dei frå døden til livet, frå domen til ditt nådefellesskap og lat dei bli totalt forvandla av din kjærleik og nåde. Amen!