torsdag 28. mars 2019

Kanada

Kanada er med sine over 9 millionar km2 i utstrekning verdas nest største land. Store delar av landet er villmark utan busetning. Dei fleste menneska er å finna i søraust og sørverst. Folketalet er på 36 millionar. Landet er rikt på naturressursar, utdanningsnivået er høgt og folk klarar seg bra. Hovudstad: Ottawa.  Det blir snakka 169 ulike språk i Kanada fordelt på 273 folkegrupper. Vel 72 prosent er kristne, dei fleste nominelle.

Kanada har tradisjonelt vore eit land der den kristne trua har vore premissleverandør til korleis samfunnet skulle sjå ut, og korleis folk skulle oppføra seg. Det siste hundreåret har dette endra seg mykje, og Kanada er, trass i ei sterk katolsk kyrkje, betydeleg sekularisert, og samlivslovene er svært liberale. I dag kan kristne som skriv og talar mot homofil praksis bli bøtelagt av domstolane.

Rundt 1900 var 25% av befolkninga evangelisk kristne. I dag er prosentdelen 8. Kanada treng ein ny og frisk utausing av Den heilage ande, dedikerte kristne leiarar med klokskap og mot og vanlege kristne som vitnar om Jesus i kvardagen.


  • Be om at kyrkja i Kanada skal få gode leiarar som inspirerer og utrustar kristne, og som hjelper dei å kjenna tryggleik også når dei vitnar om Jesus og må forfekta meiningar som ikkje er aksepterte av storsamfunnet, og at dei skal tola å bli stigmatiserte for at dei meinar det Gud meinar.
  • Be om at samfunnsutviklinga skal snu, og at det kanadiske folket på nytt vender seg mot Gud.
  • Be om einskap mellom dei evangeliske kristne, at dei går saman og klekkar ut ein god plan for reevangelisering av landet sitt.
  • Kanada er det landet i vesten som tek i mot flest flyktningar i høve til folketalet. Det bur t.d. 1,4 millionar kinesarar i landet. Be Gud om å velsigna landet for denne rause haldninga. 
  • Be om at dei mange innvandrarane til landet må bli dregne til kyrkjelydane og møta Jesus der.







Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...