Viser innlegg med etiketten voodoo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten voodoo. Vis alle innlegg

lørdag 9. mars 2019

Benin

Mangeårig fransk koloni.
Fekk sjølvstende i 1960.
Folketal: nesten 11 millionar menneske. Landet er eitt av dei fattigaste i verda. Alle forsøk på å betra økonomien i landet strandar pga korrupsjon. 75% av økonomien i landet er svart, svært ofte med band til lugubre nigerianske interesser. Det er mistanke om at kriminelle kvart år eksporterer titusenvis av barn utav landet til slavearbeid.

Kun 40% av befolkninga er alfabetiserte. Her er det smått med skulegang.

Det er 65 folkegrupper i Benin som snakkar 56 språk. Bibelen føreligg på 7 språk, , NT på 11, deler på 12 og 15 språk er under omsetting (2010)

Formelt sett er 39% av befolkninga kristne (romersk katolske), men i realiteten er nesten 100% av innbyggjarane animistar anten dei kallar seg kristne eller noko anna. Landet er det minst ievangeliserte av dei ikkje-muslimske landa i Afrika.

Fon-folket er den største folkegruppa i Benin. Det var frå denne stamma voodooen med alle sine djevelske krefter utvikla seg . Voodoo blir praktisert den dag i dag. Likevel har det vore kristen framgang i denne gruppa som eit resultat av stor misjonsinnsats både frå afrikanske og ikkje-afrikanske misjonærar.

Også blandt dei muslimske fulanistammene i nord har det vore åndeleg gjennombrot og signifikant kyrkjevekst.

Det er fire teologiske utdanningsinstitusjonar i landet og mange bibelskular.

Mange folkeslag er heilt unådde.

Folk flest syner seg mottakelege for evangeliet, noko som fordrar mange nye arbeidarar og kristne leiarar.

  • Be om ei heilt ny tid for Benin då landet får kompetente og ærlege leiarar som tenkjer meir på folkets vel enn på si eiga makt og sin eigen bankkonto. 
  • Be om at alle barn i Benin skal få naudsynt skulegang.
  • Be om bråstopp i menneskehandelen, og at dei som driv med dette skal bli arresterte og straffa hardt. Be om beskyttelse for barna i landet. 
  • Be om gode leiarar for dei ferske Fon-kyrkjene, og at Gud skal fri dei truande for vonde ånder som fører dei på avvegar og reinsar desse kyrkjene for animistiske og magiske element.
  • Be om at Gud driv haustarbeidarar ut for å hausta inn og disippelgjera desse folka: Gde, Ede Nago, Idacco, Dendi, Hausa, Foodo og Kotokoli. 
  • Be om at  bibelinstitutta og bibelskulane i landet skal bli sørga for, vera på høgde fagleg og åndeleg og vera kraftsenter for heile nasjonen som bidreg til at folket blir disippelgjort og nasjonen transformert. 
  • Be om at Gud skal gje kyrkja nye apostlar, profetar, evangelistar hyrdar og lærarar som kan vinna nye for Kristus, disippelgjera dei og gje dei den undervisning som er naudsynt for at dei skal bli grunnfesta og veksa som kristne. 
  • Be om at Bibelen må bli omsett til alle levande språk.


mandag 13. juni 2016

Haiti, det fattigaste landet på den vestlege halvkule.

Staten Haiti utgjer den vestre delen av øya Haiti. I aust ligg Den dominikanske republikken. Haitit er beskriven i Operation World som "den fattigaste nasjonen på den vestlege halvkule". Avskoging (berre 2% att den opphavelege skogen), erosjon, ureining og orkanar utarmar landet, og det fælslege jordskjelvet i 2010, øydela mykje av det som var av økonomisk infrastruktur. Landet vil vera heilt avhengig av hjelp utanfrå i lang tid framover.

Etter eit slaveopprør i 1804, vart Haiti fri frå den franske kolonimakta som hadde styrt landet i lang tid. Den nyfødde nasjonen måtte imidlertid betala høg erstatning til Frankrike, og attpå til vart han utsett for økonomisk boikott og blokade av USA og Europa. Haiti fekk ein dårleg start, og kom seg eigentleg aldri ovanpå.

Landet ligg heilt i øvre skikt når det gjeld korrupsjon og kriminalitet, og 25% av politiet er involvert i mafiaverksemd.

Nesten alle haitianarar kallar seg kristne. Den romerks katolske kyrkja står sterkt. Men kristendomen på Haiti er gjennomsyra av voodoo, spiritisme og hekseri. Det vert sagt om landet at det er "90% katolsk og 100% voodoo."

  • Jordskjelvet i 2010 vart av mange sett på som eit kall frå Gud til omvending frå synd. Presidenten lyste ut 3 dagar med bøn og faste over heile nasjonen, og 1 million menneske tok del. Dette året vart det ingen karnevalparade i Port au Prince. Be om at haitianarane kastar djevelen og alt hans ut av liva sine, slik at landet kan bli reinsa for vonde åndsmakter som bryt ned alle deler av samfunnslivet. 
  • Den evangeliske rørsla har i lang tid hatt stor framgang i Haiti. Guds rike går fram gjennom intens bøn, gode gjerningar og kraftfull forkynning. I dag utgjer dei evangeliske 16% av befolkninga, som er på omlag 11 millionar. Be om at vekkjinga skal berøra alle menneske i landet, og av evangeliet skal reinsa ut all religiøsitet hos majoriteten, og erstatta denne med enkel tillit til Jesus. 
  • Be om at Gud skal trøysta familiane til dei 230 000 menneska som omkom i jordskjelvet.
  • Be om at alle som vart kvesta skal få den hjelpa dei treng, og at Guds under skal skje i liva deira.
  • Be om at gjenoppbygginga av Haiti ikkje berre skal vera materiell, men også åndeleg, sosial, kulturell og politisk.
  • Be om at Guds rike skal bryta gjennom også i politikken slik at politikarane legg trua på Gud og Bibelen til grunn for både liva sine og politikken sin. 
  • Be om at politikorpset skal bli reinsa for kriminalitet.
  • Be om at skulevesenet skal koma opp og gå på alle nivå, og at befolkninga skal bli utrusta med den kunnskapen som skal til for at dei skal kunna byggja opp produktive arbeidsplassar som er ei føresetnad for økonomisk vekst og utvikling. 
  • Be om at folk skal ta avstand frå bruk av all type rus. 
  • Be om at den åndsmakta som ligg bak voodooismen skal bindast i Jesu namn. 
  • Den gamle frykten som i si tid vart skapt av spanske og franske slavedrivarar har aldri sluppe taket i haitianarane. Be om at dei skal bli overaust av Guds kjærleik, den kjærleiken som driv frykten ut.
  • Mange har framleis ein slaveidentitet. Be om at denne må bytast ut med ein Guds barn-identitet. 
  • Be om at landet skal få gudfryktige leiarar på alle nivå. Dei har hatt nok at det motsette. 
  • Be om gode utdanningsinstitusjonar for nye kristne leiarar. 
  • Be om nye åndsfylte pastorar som forkynner Jesus og Ordet, og ikkje seg sjølv.
  • Be om at dei kristne skal vera Jesu etterfølgjarar og ikkje hans tilhengjarar.

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...