Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
lørdag 9. mars 2019
13 årig kristen jente kidnappa, gifta bort til muslim og tvangskonvertert til islam
Den 6. februar dette skjedde. Jenta heiter Sadaf Masih og er frå Bahawalpur. Kidnapparane har vore attende til Sadafs familie og synt vigselsattesten der det løgnaktig står at jenta er 18 år. Familien vert åtvara mot å gjera noko med saka. Då vil dei bli melde til politiet og fort sitja stygt i det. Kristne er i stor grad rettslause i Pakistan.
I følgje Nasir Saeed, som er talsmann for Centre for Legal Aid, Assistance and Settlement (CLAAS), er det heilt vanleg at jenter frå kristne og frå hindufamiliar i Pakistan blir kidnappa for å skaffa ektefeller til unge muslimske menn.
Gode Gud! Ta imot vår bøn for Sadaf Masih og alle andre jenter som opplever denne formen for kriminalitet. Me ber om at du skal intervenera. Me ber om at Sadaf skal få ein gyllen sjanse til å rømma og koma heim til familien sin. Me ber om beskyttelse for dei kristne familiane i landet. Me ber om at denne forferdelege uretten skal ta slutt, at mektige nasjonar skal pressa fram ein ny rettsorden i Pakistan som sikrar like rettar for alle menneske uansett tru. Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ei bøn for Stord kommune
D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar