Viser innlegg med etiketten Vallonia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vallonia. Vis alle innlegg

fredag 8. mars 2019

Belgia

https://smartraveller.gov.au/Countries/europe/western/Pages/belgium.aspx

Belgia er eit splitta land mellom Flandern i nord, der dei snakkar nederlandsk, og Vallonia i sør der dei snakkar fransk. I nord er det økonomisk vekst, i sør deriomot stagnasjon. Dette skapar store spenningar og uforsonlege og hatefulle haldningar. Belgia treng ei djup berøring av Guds kjærleik.
Folketal: 11 491 346
Styresett: Kongedøme. Parlamentarisk demokrati
Religion: 62,72% kristne, 32,05 ikkje-religiøse, 4,4 % muslimar.

Den katolske kyrkja er dominerande, men dei fleste katolikkane er nominelle kristne.
Dei evangeliske kyrkjene har vunne betydeleg terreng dei siste åra, og ser ut til å kunna vera ein ressurs med tanke på forsoning mellom sør og nord.

I desse kyrkjene samlast folk frå ulike kulturar for å prisa èin Gud og frelsar, han som har kraft i seg til å sameina alle menneske under sitt banner.

Det føreligg no ei ny bibelutgåve som er blitt ganske så populær og etterspurd.

I Belgia ligg Brüssel som er Europas hovudstad. EU-senteret er det største politiske maktsenteret i Europa, og det gjer Belgia til eit nøkkelland når me tenkjer på utviklinga i vår verdsdel.

Den muslimske befolkninga er stor. Dei bur i gettoar, og dette har skapt grobotn for ekstremistmiljø som har rysta Europa med vald.


  • Be om styrke, inspirasjon, og åndsutrustning til kyrkja og dei truande i Belgia, slik at dei blir markante og overtydande vitner om Kristus i eit samfunn som søkk stadig djupare ned i eit åndeleg og moralsk mørkt landskap. 
  • Be om at kyrkja skal ha gode leiarar med stor kredibilitet
  • Be om pastorar som kan disippelgjera unge menneske, og at disippelgjering skal bli den normale arbeidsformen i dei belgiske kyrkjene.
  • Be også om at kyrkjelydane skal tenkja  multiplikasjon og rastlaust arbeida for å planta nye kyrkjelydar i unådde områder. 28% av belgiarane har aldri møtt ein kristen som har snakka med han/ho om Gud. 
  • Be om at dei kristne får langt større innflytelse i dei politiske korridorane i Brüssel.
  • Be om at Bibelen igjen skal bli ei aktuell bok for vanlege folk å lesa
  • Be om forsoning mellom sør og nord.





fredag 6. mars 2015

Belgia


Belgia er eit land på 30528 kv.km. I hovudstaden Brussel ligg EU og NATO sine hovudkvarter. Det bur om lag 11 millionar menneske i landet. Landet er djupt splitta mellom fransktalande Vallonia i sør og det flamsktalande Flandern i nord. Flandern vil gjerne kvitta seg med Vallonia, som dei ser på som ei økonomisk bør som dei ikkje vil draska på.  62% tilhøyrer eit kristent kyrkjesamfunn,  i hovudsak den romersk katolske kyrkja.  32% er ikkje-religiøse. Berre 1,2% dvs 132 596 menneske er evangelisk kristne. Likevel er denne delen av kyrkja i jamn vekst, og står sterkare no enn på lenge. Dette er eit resultat av mange års systematisk satsing og trufast arbeid i lokalmiljø, og stor vektlegging av einskap mellom kyrkjer i den protestantiske leiren.
Innvandring har revitalisert mange evangeliske kyrkjer.  I dag er det t.d 100 evangeliske kyrkjer i Antwerpen i høve til 10 i 1970.
Belgia har historisk vore trakka ned av utallige hærar på marsj mot andre mål, og det er spilt mykje blod i dette landet,  både under verdskrigane i sist århundre, men også under Napoleon (Waterloo), og det var i Belgia at dei spanske inkvisitorane knuste dei protestantiske hugenottane. Det var ei stygg sak.
Den katolske kyrkja er i dag i fritt fall i landet, m.a. som eit reultat av pedofiliskandalane dei siste åra. 7% går jamnleg til messe. Gjennomsnittsalderen på prestane er 65 år.
Landet er sterkt sekularisert, noko som har frambrakt mange lover som er i opposisjon til Bibelens ideal og standard. Det gjeld på samlivsområdet, i høve til bruk av narkotiske midlar og synet på abort og aktiv dødshjelp. Etisk oppløysing fører alltid til oppløysing av relasjonar.
I tomrommet etter Gud, veks New-Agerørsler fram. Religion utan forplikting og oppgjer, høver godt for menneske.
Bibelen er nyleg gjeven ut på dei levande språka i landet. Det gjev von.

Kjelder: Operation World og Prayercast.com
  • Be om at kyrkja må vera ein effektiv brubyggjar og ein god link mellom vallonarar og flamlendarar slik at landet ikkje går i oppløysing.
  •  Be om at Jesu blod skal lækja alle sår og merker etter alt anna blod som er blitt spilt i dette landet gjennom historia. 
  • Be om vekking i landet, at gamle åndelege røter igjen skal begynna å spira. 
  • Be om at den katolske kyrkja skal bli reinsa og attreist som ei sunn åndeleg kraft i folket
  • Be om at dei nye bibelomsettingane skal bli lest av folk slik at dei kan bli kjende med Guds gode vegar, bli kjende med hans kjærleik og slått med beundring av hans herlegdom og autoritet.
  • Be om godt leiarskap i kyrkjene, og at unge menneske igjen skal bli kalt til disippelskap og sjå for seg eit liv som mentorar for andre, og at det skal stå fram kvinner og menn sendt av Gud til å vera nasjonale åndelege leiarar. 
  • Be om nytt liv i dei gode teologiske institusjonane i landet.




Dagens nasjon: Mosambik

  Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske.  Hovudst...