Viser innlegg med etiketten Kanada. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kanada. Vis alle innlegg

lørdag 28. mars 2020

Kanada






Det bur rundt 38 millionar menneske i Kanada, dei fleste i aust. Elles er jo landet prega av store, djupe skogar der det er sparsamt med folk. Av historiske grunnar er både engelsk og fransk offisielle språk i Kanada. Elles blir det totalt snakka 169 språk i landet, og befolkninga er fordelt på 278 ulike folkegrupper der ein god del av dei tilhøyrer urbefolkninga. 70% av kanadiarane tilhøyrer ei kristen kyrkje. 7,7% er evangeliske kristne, men kristendomen får stadig mindre å seia for den utviklinga me ser i Kanada politisk og kulturelt, og dei siste åra har LHBTQ-rørsla fått skikkeleg vind i segla og sørga for at bibelsk forkynning om seksualitet og seksualliv er blitt karaterisert som «hatsnakk»  og fleire forkynnarar og andre som har hevda at homoseksuell praksis er synd, er blitt dømde og straffa for det.
Det er typisk at med LHBTQ veks det også fram nyreligiøsitet. Slik også i Kanada. Det ser ut til at desse to rørslene har same åndelege kjelde.
Dei tradisjonelle protestantiske kyrkjesamfunna i Kanada har mista krafta si pga liberal teologi. Dei opplever sterk tilbakegang.
Dei fleste kanadiarane tilhøyrer den romersk katolske kyrkja, men denne  har mista tilliten sin etter avsløringa av alle overgrepa mot barn gjort av prestar og biskopar i teneste, overgrep er forsøkt tildekka etter beste evne. Denne kyrkja  er i djup, djup krise over heile verda.
Likevel skal det seiast at den katolske kyrkja i Kanada har ei sterk karismatisk grein. Ut frå denne har det vakse fram ei fornyingsrørsle som har resultert  ny misjonsinnsats frå dei som er blitt berørte av den Heilage Ande.

Be om at Gud skal gjesta kyrkjene i Kanada på nytt, frelsa dei namnekristne, vekka dei truande til evangelisering, misjon, disippelskap og kyrkjeplanting.
Be om ei ny sterk bønerørsle mellom dei kristne i Kanada, og at dei truande skal vera lys og salt i samfunnet.
Be om at dei truande i Kanada må bli kjende for å vera gode menneske som elskar kvarandre, og som står fremst i rekka når det gjeld å hjelpa og ta vare på folk.
Be om at dei truande får nytt mot til å bli synlege, stå opp for Jesus og Bibelen og forkynna alt det Gud seier om rett og galt sjølv om det kostar.
Be om fornya einskap mellom dei evangelisk kristne (som i år 1900 utgjorde 25% av befolkninga) og ein fornya vilje til å stå saman i å fullføra misjonsoppdraget i landet sitt.
Be om at kyrkjene skal bli velsigna med gode leiarar som formidlar Guds ord, Guds kraft og Guds nærvær til folk, personar gjennomsyra av Kristi kjærleik.

Kanada er det landet i verda som er mest ope for immigrasjon, og har til dels invitert for til å koma.

Be om at kyrkja skal bli i standsett til å nå ut til alle desse ulike gruppene av menneske, og til urbefolkninga i landet.
Be også om at Kanada skal bli velsigna med gode, kloke og rettsindige leiarar. 

Kjelde: Operation World. Lausanne.

torsdag 28. mars 2019

Kanada

Kanada er med sine over 9 millionar km2 i utstrekning verdas nest største land. Store delar av landet er villmark utan busetning. Dei fleste menneska er å finna i søraust og sørverst. Folketalet er på 36 millionar. Landet er rikt på naturressursar, utdanningsnivået er høgt og folk klarar seg bra. Hovudstad: Ottawa.  Det blir snakka 169 ulike språk i Kanada fordelt på 273 folkegrupper. Vel 72 prosent er kristne, dei fleste nominelle.

Kanada har tradisjonelt vore eit land der den kristne trua har vore premissleverandør til korleis samfunnet skulle sjå ut, og korleis folk skulle oppføra seg. Det siste hundreåret har dette endra seg mykje, og Kanada er, trass i ei sterk katolsk kyrkje, betydeleg sekularisert, og samlivslovene er svært liberale. I dag kan kristne som skriv og talar mot homofil praksis bli bøtelagt av domstolane.

Rundt 1900 var 25% av befolkninga evangelisk kristne. I dag er prosentdelen 8. Kanada treng ein ny og frisk utausing av Den heilage ande, dedikerte kristne leiarar med klokskap og mot og vanlege kristne som vitnar om Jesus i kvardagen.


  • Be om at kyrkja i Kanada skal få gode leiarar som inspirerer og utrustar kristne, og som hjelper dei å kjenna tryggleik også når dei vitnar om Jesus og må forfekta meiningar som ikkje er aksepterte av storsamfunnet, og at dei skal tola å bli stigmatiserte for at dei meinar det Gud meinar.
  • Be om at samfunnsutviklinga skal snu, og at det kanadiske folket på nytt vender seg mot Gud.
  • Be om einskap mellom dei evangeliske kristne, at dei går saman og klekkar ut ein god plan for reevangelisering av landet sitt.
  • Kanada er det landet i vesten som tek i mot flest flyktningar i høve til folketalet. Det bur t.d. 1,4 millionar kinesarar i landet. Be Gud om å velsigna landet for denne rause haldninga. 
  • Be om at dei mange innvandrarane til landet må bli dregne til kyrkjelydane og møta Jesus der.







mandag 14. november 2016

Kanadisk pastor i nord-koreansk fangenskap innlagt på sjukehus

Hyeon Soo Lim er 61 år gamal. fødd i Sør-Korea, no kanadisk statsborgar busett i Toronto og tilsett som pastor i Light Korean Presbyterian Church.  Han har i 20 år drive forretningsverksemd og humanitert arbeid i Nord Korea, og har i desse åra reist att og fram mellom dei to landa 20 gongar.

I desember 2014 vart han arrestert av det hemmelege nord-koreanske politiet og seinare dømt til livslangt straffearbeid for "grove brotsverk mot nasjonen."

No er han alvorleg sjuk, og er innlagt på sjukehus. Sjukehusa i Nord-Korea manglar naturlegvis både naudsynt medisinsk kompetanse og utstyr.


  • Be for Hyeon Soo Lim at Jesus skal lækja han og verna han mot overgrep og alvorleg sjukdom. 
  • Be om at Gud skal trøysta han og familien hans rikeleg, og at Trøystaren skal vera rundt dei på alle kantar.
  • Be om at han skal bli sett fri og sendt attende til Kanada
  • Be også for dei som har arrestert han, og for medfangane hans, at dei skal få møta Jesus gjennom pastor Hyeon og slik bli frelst frå synda, døden og djevelens makt. 
Kjelder: Wikipedia
Voice of the Martyrs, Canada

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...