fredag 8. mars 2019

Belgia

https://smartraveller.gov.au/Countries/europe/western/Pages/belgium.aspx

Belgia er eit splitta land mellom Flandern i nord, der dei snakkar nederlandsk, og Vallonia i sør der dei snakkar fransk. I nord er det økonomisk vekst, i sør deriomot stagnasjon. Dette skapar store spenningar og uforsonlege og hatefulle haldningar. Belgia treng ei djup berøring av Guds kjærleik.
Folketal: 11 491 346
Styresett: Kongedøme. Parlamentarisk demokrati
Religion: 62,72% kristne, 32,05 ikkje-religiøse, 4,4 % muslimar.

Den katolske kyrkja er dominerande, men dei fleste katolikkane er nominelle kristne.
Dei evangeliske kyrkjene har vunne betydeleg terreng dei siste åra, og ser ut til å kunna vera ein ressurs med tanke på forsoning mellom sør og nord.

I desse kyrkjene samlast folk frå ulike kulturar for å prisa èin Gud og frelsar, han som har kraft i seg til å sameina alle menneske under sitt banner.

Det føreligg no ei ny bibelutgåve som er blitt ganske så populær og etterspurd.

I Belgia ligg Brüssel som er Europas hovudstad. EU-senteret er det største politiske maktsenteret i Europa, og det gjer Belgia til eit nøkkelland når me tenkjer på utviklinga i vår verdsdel.

Den muslimske befolkninga er stor. Dei bur i gettoar, og dette har skapt grobotn for ekstremistmiljø som har rysta Europa med vald.


  • Be om styrke, inspirasjon, og åndsutrustning til kyrkja og dei truande i Belgia, slik at dei blir markante og overtydande vitner om Kristus i eit samfunn som søkk stadig djupare ned i eit åndeleg og moralsk mørkt landskap. 
  • Be om at kyrkja skal ha gode leiarar med stor kredibilitet
  • Be om pastorar som kan disippelgjera unge menneske, og at disippelgjering skal bli den normale arbeidsformen i dei belgiske kyrkjene.
  • Be også om at kyrkjelydane skal tenkja  multiplikasjon og rastlaust arbeida for å planta nye kyrkjelydar i unådde områder. 28% av belgiarane har aldri møtt ein kristen som har snakka med han/ho om Gud. 
  • Be om at dei kristne får langt større innflytelse i dei politiske korridorane i Brüssel.
  • Be om at Bibelen igjen skal bli ei aktuell bok for vanlege folk å lesa
  • Be om forsoning mellom sør og nord.





Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...