Foto: Barnabas Fund |
Den 11.mars vart Stephen meld til politiet og arrestert for blasfemi etter å ha krangla høglytt med svogeren sin om bøn og faste (det er fastetid for katolikkar over heile verda no).
Det føreligg ingen offisiell diagnose på Stephens funksjonshemming, og familien er no redd for at han skal bli dømt som om har var med sine fulle fem.
Blasfemilovgjevinga i Pakistan bryt, som me veit, fullstendig med grunnleggjande menneskerettar som ytringsfridom og religionsfridom.
Herre Jesus! Me ber i ditt namn om at saka mot Stephen skal fråfallast, og at han skal koma heim til familien sin og leva normalt og harmonisk. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar