lørdag 2. mars 2019

Bangladesh


Bangladesh grensar til India og Burma, og ligg inst i Bengalbukta.  
Areal: 148460 km2. Estimert folketal juli 2018: 158 453 001. Det blir over 1000 menneske per km2, medan me i Noreg har 14-15. Dei store elvane Ghanges og Brahmaputra renn ut i havet lengst sør i landet, og sidan det høgaste punktet i Bangladesh kun er 80 m.o.h., lever desse folka med store årlege oversvømmingar der mange mister livet. 

Hovudstaden Dhaka med over 14 millionar innbyggjarar ligg der dei to nemnde elvane møtest. 

Bangladesh var ein del av India fram til 1947 då området kom under Pakistan og vart kalla Aust-Pakistan. I 1971 vart landet heilt sjølvstendig, og fekk det namnet det har i dag. 

Bangladesh er eit av dei fattigaste landa i verda. Likevel har dei teke imot 700 000 flyktningar frå Burma dei siste få åra. Det slit på økonomien. Folk lever i stor grad av risdyrking, husdyrbruk og klesproduksjon. 

Religion: Islam (89,1%), 9,1% hinduar og 0,66% kristne (0,4% evangeliske). Det er få kristne i landet, men kyrkjene veks overraskande fort. Denne veksten finn hovudsakleg stad mellom minoritetsgrupper som santal, mundi og khasi.

Også hinduar kjem til tru, og særleg har det vore solid tilvekst mellom kastelause og folk frå dei lågare kastane. 

Kristne vert både diskriminerte og forfølgde, særleg frå ekstreme islamistiske grupper som legg press på styresmaktene med tanke på innføring av sharialover. 

Kyrkjene er i desperat behov for leiarar. Leiarmangelen fører til underernærte kristne. Trua deira blir svak, og mange fell frå. Dei toler ikkje  det massive trykket frå heidendomen dei har rundt seg.

Språk: Bangla og engelsk. Totalt blir det snakka 48 språk i landet. 14 språk har heile Bibelen. 7 NT og 8 språk har deler av Bibelen.
Analfabetismen ligg på høge 60%. 


Styresett: Demokratisk republikk. I realiteten er landet styrt av to mektige klanar som berre er opptekne av å styrka sine eigne posisjonar og auka sin eigen rikdom. Dei fattige blir berre utnytta for dette føremålet. Undertrykkinga og avmakta er massiv. 

Gode Far! Me ber om at du skal løfta menneska i Bangledesh ut av fattigdomen. Løys dei frå islams og hinduismens lenker, og gjer dei opne og mottakelege for evangeliet om Jesus. Reis opp kyrkja di i landet slik at dei truande brenn av kjærleik til Jesus og til kvarandre,og blir utrusta  med åndelege gåver slik at dei kan vitna og forkynna om frelsaren på ein relevant og myndig måte. Styrk dei truande som vert utsette for diskriminering og forfølging slik at dei blir ståande i trua og foredla i kristenlivet. Me ber om einskap mellom kristne og kristne kyrkjer, og at Bibelen og annan kristen litteratur skal bli distribuert og lesen av befolkninga. Me ber om mange nye og gode kristne leiarar. Kyrkjelydane treng pastorar, og landet nasjonale stemmer som blir høyrt av mange. Me ber om at landet skal bli velsigna med godt, rettsindig og ansvarleg politisk leiarskap, ærlege, usjølviske og trufaste menn og kvinner med moralsk integritet og med klåre tankar og høg kompetanse, og særleg ber me no om at det skal bli orden på skuleverket slik at alle kan læra seg å lesa og skriva, og slik at landet kan utvikla seg også på alle andre områder. Amen! 



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...